Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
-
Bachelorgrad innan helse- og sosialfag.
Kandidatar med annan relevant utdanning (f.eks. bibliotek- og informasjonsfag) kan også søke, og vil bli vurdert individuelt.
Søknadskode
3069
Poenggrense forrige opptak
Alle kvalifiserte fikk plass.
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere master i kunnskapsbasert praksis?
Det er forventa at helse- og omsorgspersonell tek faglege avgjerder basert på brukarens behov, eigen erfaring og systematisk innhenta forskingsbasert kunnskap.
Kunnskapsbasert praksis handlar om å kombinere klinisk erfaring og ekspertise med beste tilgjengelege kunnskap frå forsking. Brukaren sjølv, og dei som står brukaren nær, skal også få medverke i avgjerder.
Ved å studere master i kunnskapsbasert praksis får du nødvendig kompetanse for å jobbe med kvalitetsbetring, implementering og endringsprosessar i praksis. Å kunne bruke prinsippa for kunnskapsbasert praksis er avgjerande for å lukkast med kvalitetsbetring.
Kva lærer du?
Ved å studere master i kunnskapsbasert praksis vil du lære å:
- Reflektere over praksis.
- Stille presise spørsmål.
- Søke etter og vurdere kvaliteten på forskingsbasert kunnskap.
- Nytte forskingsbasert kunnskap.
- Evaluere endringar i praksis.
Kven passer studiet for?
Master i kunnskapsbasert praksis passer for alle som jobbar i helse- og omsorgstenestene og som ønsker å jobbe med kvalitetsbetring og implementering. Det er aktuelt for deg som har ansvar for fagutvikling på di avdeling, eller som ønsker å jobbe meir med dette framover. Det kan også passe for deg som er fagutviklar eller leiar.
Kva kan du jobbe med?
- Fagutvikling, kvalitetsbetringsarbeid og implementering.
- Undervising, rettleiing og leiing i høgare utdanning.
- Formidling av forskingsbasert kunnskap, for eksempel i klinisk praksis eller i fagtidsskrift.
- Arbeidsoppgåver og stillingar der det blir stilt krav til vitskapleg innsikt, kunnskapshandtering, og produksjon av ny kunnskap.
Korleis er undervisninga?
Emnet kombinerer synkron digital undervisning der læring skjer gjennom førelesningar, webinar, diskusjonar, munnlege framlegg, oppgåveløysing og skriftlege innleveringar og asynkrone læringsressursar som videoførelesingar, instruksjonsvideoar, interaktive element og sjølvester.
Andre arbeidsformer er gruppearbeid, rettleiing i skriftleg arbeid og framlegg, og sjølvstudium.
Det vil være ein til to digitale synkrone samlingar i semesteret.
Canvas vert brukt som studiestøttesystem og studentane deltar aktivt i synkrone og asynkrone aktivitetar som digitale økter, gruppe- og individuelt arbeid.
I alle emne er det obligatoriske læringsaktivitetar som studentane må ha godkjent før dei kan framstille seg til eksamen i emne.
Det er rekna med om lag 20 timar med studiearbeid per veke i studieåret (inkludert sjølvstudium).
Samlingdatoar
25.–28. august: Du kan velje om du vil delta digitalt eller fysisk på campus Bergen. Oppstart klokka 10:15, 25. august. Samlinga avsluttast 28. august klokka 14:00.
27.–30. oktober: Digital samling.
Vurderingsformer
Vi bruker ulike vurderingsformer, som til dømes skriftlege oppgåver og heimeeksamen.
Utveksling
Om du er interessert i studieopphald i utlandet, ta kontakt med fagseksjonsleiar Nina Rydland Olsen.
Studere meir?
Fullført mastergrad kvalifiserer deg for opptak på ph.d.-studiar.