Laptop som instrument og prosjektstudio

Vidareutdanning på bachelornivå

Vil du lære å lage musikk digitalt? I tett samarbeid med elektronikaduoen MuteMode har HVL utvikla to praktiske emne der du skaper og framfører musikk med din eigen PC. Her vil du lære korleis du kan kombinere kompetansen din på eige instrument, med digitalt produksjonsverktøy.

Nettstudium

Søk studieplass Opnast i ny fane

Opptakskrav og søknad

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Sjå tilrådd forkunnskap under praktisk informasjon

Søknadskode:
LPT801 er 8526 
LPT802 er 8527

Hvordan søke:

  • Logg inn i Søknadsweb
  • Velg opptak "Lærer, barnehagelærer og tolking"
  • Så velger du "Videreutdanning høst 2025"
  • Velg studiet du vil søke på fra listen (se studietypenummer over).
  • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
  • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet
  • Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.

Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

 

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere laptop som prosjektstudio, og laptop som instrument?

Dette studiet er for deg som vil undervise i musikkteknologi, eller som sjølv vil lære om musikkproduksjon for å utvikle ditt eigen musikalske uttrykk. Styrk din kompetanse i å lære bort musikk på ein engasjerande og innovativ måte. 

Korleis er studien bygd opp og kva lærer du?

Vidareutdanninga er bygd opp av to emne på 7,5 studiepoeng:

Laptop som prosjektstudio (LPT801) (Vår 2025)
Laptop som instrument (LPT802) (Haust 2025)

Laptop som prosjektstudio gir deg grundig opplæring i bruk av programvara Ableton Live på eiga laptop, med vekt på å kunne komponere og produsere musikk. 

Laptop som instrument gir deg ferdigheiter i å bruke Ableton Live i musikalsk framføring. Sentralt i emnet er forståinga av korleis ein laptop kan bli brukt som eit fleksibelt instrument på sine eigne premissar.

Målgruppe

Studiet er spesielt relevant for musikarar som vil utvikle sin digitale kompetanse og for tilsette i grunnskule, vidaregåande eller kulturskule, som ønskjer å videreutvikla musikkundervisninga si. 

Praktisk informasjon

Undervisningsform

Dette er individuelt sjølvstudium basert på faginnhald publisert som tekst og video, praktisk arbeid på eigen laptop, deltaking i diskusjonsforum, 1 time felles undervisning per veke i zoom/teams.

Gjennom semesteret skal du levere 8 oppgåver i form av lyd eller video, refleksjonstekst samt skjermbilete som dokumenterer arbeidsprosessen på eiga datamaskin. I refleksjonstekstane vert det vektlagt at du diskuterer eigne musikalske val, grunngjeving av desse, samt refleksjon kring eigen læringsprosess.

Du skal delta aktivt i studiet sitt eige diskusjonsforum ved å poste/svare på spørsmål. 

Nettundervisning - tider

Undervisning på nett haust 2025 (LPT802):
28.8. kl. 15:00 – 16:00
11.9. kl. 15:00 – 16:00
25.9. kl. 15:00 – 16:00
2.10 kl. 15:00 – 16:00
24.10 kl. 15:00 – 16:00
6.11 kl. 15:00 – 16:00
20.11 kl. 15:00 – 16:00
27.11 kl. 15:00 – 16:00  

 

Undervisning på nett vår 2025 (LPT801):
09.01 kl. 15:00 – 16:00
16.01. kl. 15:00 – 16:00
23.01. kl. 15.00 - 16:00
06.02 kl. 15:00 – 16:00
13.02. kl. 15:00 – 16:00
20.02. kl. 15:00 – 16:00
06.03 kl. 15:00 – 16:00
13.03. kl. 15:00 – 16:00
20.03 kl. 15:00 – 16:00
03.04 kl. 15:00 – 16:00
24.04 kl. 15:00 – 16:00
30. 04 kl. 15:00 – 16:00

Tilrådd forkunnskap

Det er ingen krav til forkunnskap, men studenten må ha eigen laptop med Abelton Live versjon 12. Lydkort, mikrofon og headset, samt keyboard eller ein annan kontrollar, til dømes Launchpad.

Pensum

Du får meir informasjon om pensum ved studiestart. 

Eksamensform

Mappevurdering.

Vurderingsmappa består av:

  • 3 sjølvvalde innleveringar valt blant dei fyrste
  • den siste innleveringa - prosjektoppgåva - som er av større omfang, levert som lyd-/ og eller videofiler.
  • refleksjonsnotat, omfang 1000 ord +-10%

Arbeida kan vere revidert etter tilbakemeldinga gjeve ved levering i læringsmappa. Dei tre delene vert vekta med ein tredjedel kvar.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Kvifor ta meir utdanning?

Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

  • Ny oppdatert fagleg kunnskap
  • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
  • Personleg utvikling
  • Moglegheit for å byggje nettverk
  • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
  • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
  • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

Andre interessante studietilbod

Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs