Maskiningeniør student

Maskiningeniør | Haugesund

Bachelor

Er du interessert i å utvikle og konstruere mekaniske komponentar og utstyr? Vil du vere med å utvikle framtidas teknologi, prosessar og grøn energi? Då kan maskiningeniør vere studiet for deg!

Haugesund

Søk studieplass

Opptakskrav og søknad

Søknadskode i Samordna opptak

203034

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

Les meir om våre forkurs her.

Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere maskiningeniør?

Maskiningeniøren designar, produserer, driftar og vedlikeheld produkt og produksjonsutstyr. Ein maskiningeniør utviklar også arbeidsmetodar for å produsere og styre produksjonsprosessar. Arbeidet går ofte føre seg i team saman med andre ingeniørar og yrkesgrupper.

På maskiningeniørstudiet i Haugesund får du eit godt grunnlag til å jobbe med eksisterande teknologi og bruke den til å utvikle nye produkt og løysingar.

Utdanninga i maskiningeniør er bygd opp i nært samarbeid med industrien i Haugesundsregionen. Haugesund har store verksemder som treng maskiningeniørar.

Du kan utdanne deg til maskiningeniør ved HVL i både Bergen og i Haugesund. 

Maria Ellingsen utdannar seg til maskiningeniør i Haugesund. Framtidsdraumen er å jobbe med prosessar og produksjon i industrien slik at den kan bli meir berekraftig.

Møt Maria

Korleis er undervisninga?

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er førelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Du får ta i bruk ulike dataverktøy til utrekning, teikning og styring av maskiner og prosessar.

Siste semester skriv du bacheloroppgåve. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

 

Dekker du ikkje opptakskravet?

Viss du har generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk så kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Les meir om TRES. 

TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!

Studentjobb i Haugesund 

Gjennom prosjektet studentjobb kan du skaffe deg relevant deltidsjobb mens du studerar. 

 

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Lurer du på noko om studentlivet? 

Kvar måndag kan du chatte med ein student mellom kl 11.30-15.00 her på hvl.no. Chatten finn du nederst i høgre hjørnet. 

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet om du ønsker det.

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i maskiningeniør kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like