Økonomi og administrasjon | Haugesund | deltid

Bachelor

Med ein bachelor i økonomi og administrasjon får du ei solid og brei fagleg plattform, og blir attraktiv på arbeidsmarknaden.

Haugesund

Søk studieplass Opnast i ny fane

Opptakskrav og søknad

Søknadskode i Samordna opptak

203414

Opptakskrav

Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Denne utdanninga har ikkje opptak i 2025.

Kvifor studere økonomi og administrasjon?

Økonomi er viktig både for kvar enkelt og for samfunnet, men økonomi og administrasjon handlar om mykje meir enn berre tal. I tillegg til typiske økonomifag, har du fag som marknadsføring, leiing, strategi og samfunnsansvar. 

Ved å ta ein bachelor i økonomi og administrasjon kan du bidra til verdiskaping for verksemder og samfunn.

Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta, og er lagt opp slik at du kan arbeide ved sidan av studiet.

I tillegg til ein brei økonomisk og administrativ kompetanse, får du spisskompetanse innanfor ei fagretning du vel sjølv.

Du kan også ta utdanninga på heiltid. Du kan studere økonomi og administrasjon ved HVL Bergen, HVL Haugesund eller HVL Sogndal.

00

Korleis er undervisninga?

Vi har forelesingar, diskusjonar, seminar og rekneverkstad. Du arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper. Det meste av undervisninga blir gjennomført på dagtid, saman med fulltidsstudentane. 

Du har fag innan:

  • bedriftsøkonomi og rekneskap
  • leiing, organisasjon og administrasjon
  • metode
  • samfunnsøkonomi
  • etikk, samfunnsansvar og berekraft

I 4. og 5. studieår vel du valemne og skriv bacheloroppgåve.

Forkurs i matematikk

Studiet krev gode forkunnskapar i matematikk. Vi anbefaler derfor studentar med praktisk matematikk (P-matte) frå vidaregåande skule til å delta på forberedande kurs 5.-9. august. Studentar med S- eller R-matte som ønsker å friske opp sine kunnskapar, rådast også til å delta.

Les meir om forkurset.

Korleis bli siviløkonom?

Siviløkonom er ei beskytta tittel, og gjer deg svært ettertrakta på arbeidsmarknaden. For å få tittelen må du ta både ein bachelor og ein master i økonomi og administrasjon. Altså ei femårig utdanning. Tar du denne bacheloren kan du søke deg vidare på Master of Science in Bussiness ved HVL for å bli siviløkonom.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Lurer du på noko om studentlivet? 

Kvar måndag kan du chatte med ein student mellom kl 11.30-15.00 her på hvl.no. Chatten finn du nederst i høgre hjørnet. 

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter ein fullført bachelor i økonomi og administrasjon kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Utveksling

Grip moglegheita og opplev nye kulturar! 

Kor kan du reise?

Andre utdanningar du kanskje vil like