Praktisk pedagogisk utdanning | integrert master

Master

Har du ein bachelor og ønsker å ta lærarutdanning for å bli lektor? No kan du ta ein integrert master med PPU inkludert.

Bergen, Sogndal, Stord

Søk studieplass Opnast i ny fane

Opptakskrav og søknad

Opptakskrav

Bachelorgrad med 80 studiepoeng fordjuping. Fordjupinga må vere fagleg relevant for studieretninga du søker opptak til:

  • Samfunnsfag og KRLE: Samfunnsfag, historie eller religion
  • Matematikk og naturfag: Matematikk eller naturfag
  • Kroppsøving og mat og helse: Kroppsøving, idrettsfag, eller mat og helse 
  • Andre- og framandspråksdidaktikk: Norsk eller engelsk 

Tilleggskrav

Dette kravet skal du ikkje dokumentere i søknaden din, men du må sende det inn viss du får studieplass.

Studiet har krav om politiattest.


Om å søke opptak til HVL

Kvifor velje ein master med integrert PPU?

I 2019 kom kravet om mastergrad for lærarar. Samstundes er behovet for fleire lærarar stort. Dette studiet gir deg mastergrad og PPU integrert i eit studie over to år.

Masteren gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke, med god startløn. Som lærar får du ein meiningsfull, variert og sosial arbeidskvardag, der du får brukt mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fordjupe deg i spennande fagområde. Ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.

Studiet er samlingsbasert og nettstøtta over 2 år. Dersom du arbeider i skulen, kan ein av praksisperiodane føregå på eigen arbeidsplass. 

Korleis er studiet bygd opp?

Du kan sjølv velje om du vil ta utdanninga på heiltid over to år eller på deltid over tre og eit halvt år.

For kullet som startar hausten 2025, vil ein del undervisning gå felles med PPU på Stord, medan samlingane i dei andre emna vil gå i Bergen, Sogndal eller på Stord, alt etter kva studieretning du vel.

Målgruppe

Dette studiet er for deg som ønsker å ta PPU integrert i eit masterstudium. Hausten 2025 tek vi opp studentar som har ein bachelorgrad innan: 

  • Samfunnsfag, religion eller historie
  • Matematikk eller naturfag
  • Andre- eller framandspråksdidaktikk
  • Kroppsøving eller mat og helse

Gjennom Utdanningsdirektoratet kan skuleeigar søke om utdannings- og rekrutteringsstipend. Les meir om ordninga til Utdanningsdirektoratet.

Samlingsdatoar studieåret 2025/26

PPUA305, Leiing av læreprosessar

Hausten:

  • 17.-19. september 2025, Stord
  • 19.-21. november 2025, Stord

Våren:

  • 4.-6. februar 2026, Stord
  • 25.-27. mars 2026, Stord

I fulltidsprogresjon gjennomfører du to emne kvart semester. Samlingsdatoar og stad for desse vil bli oppdatert i februar. Dei fagdidaktiske samlingane kan vera på Stord, i Bergen eller i Sogndal, alt etter kva fagområde du er tatt opp på.

Samfunnsfag, religion eller historie

Samlingsdatoar og stad kjem

Matematikk eller naturfag

Samlingsdatoar og stad kjem

Andre- eller framandspråksdidaktikk

Samlingsdatoar og stad kjem

Kroppsøving eller mat og helse

Samlingsdatoar og stad kjem

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.