Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Om å søke opptak
Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via Søknadsweb. Velg rad for «Vidareutdanning og halvtårsstudium». Etterpå velger du fra lista «Videreutdanning høst 2024». Trykk «Legg til» før du sender søknaden.
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere Praktisk ungdomssosiologi?
I kurset Praktisk ungdomssosiologi går vi i djubden på teoriar, metodar og analysar kring dagens ungdomsgenerasjon. Her vil du lære om dei unge sine eigne perspektiv på relevante saksområde ved din arbeidsplass eller i ditt interessefelt.
Kva lærer du?
Ved å ta kurset får du ei bred innføring i ungdomssosiologiske problemstillingar og korleis involvere kunnskap om desse i praksis. Vi tek sikte på å orientere om ei rekke tema og problemstillingar som unge møter på i kvardagen.
Koplinga mellom ungdomsforsking, ungdomsarbeid og ungdoms kvardagsliv vil vere sentral. Du vil lære om trendar og utviklingstrekk kring sentrale sosialiseringsinstitusjonar, ungdomsroller og identitetar, og korleis desse påverkar kunnskap om ungdomsliv, synet på ungdom og deira samfunnsdeltaking.
Undervisninga vil vere bygd opp kring klassisk og nyare faglitteratur og forskingsresultat.
Les meir om kva du lærer i emneplanen
Målgruppe
Praktisk ungdomssosiologi passer for deg som jobbar med og for ungdom, til dømes sosialfagleg, pedagogisk, strategisk eller politisk. Kurset er også ope for deg som har ei generell interesse kring ungdomskunnskap, eller ønskjer å jobbe innanfor dette feltet.
Ta gjerne kontak med oss, dersom du lurer på om dette passar for deg, eller du har tilsette som du ønsker skal ta dette emne.
Undervisningsform
Kurset har to fysiske samlingar fredag ettermiddag og laurdag på dagtid ved Campus Sogndal. I tillegg vil det vere digitale undervisningsøkter tre måndagar på ettermiddag/kveld. Det obligatorisk frammøte på samlingane i Sogndal, då desse har samanheng med obligatorisk arbeidskrav.
Samlingar
Det vil bli to to-dagars samlingar i Sogndal, til saman fire dagar i løpet av våren. I tillegg vert det tre digitale samlingar på ettermiddag frå kl. 17.00-19.00.
Pensum
Litteraturliste vert tilgjengeleg før søknadsfrist.
Eksamensform
Individuell munnleg eksamen (30 min) som gjennomførast digitalt. Eksamen består av ein presentasjon av eit refleksjonsnotat med påfølgande utspørjing.
Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd