Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
- Bachelorgrad som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, sjukepleiar, fysioterapeut eller ergoterapeut.
eller:
Annan bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske, eller pedagogiske fag og minst 1 års relevant yrkeserfaring innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid etter fullført utdanning.
Søknadskode
1710 (Førde/Sognal), 1626 (Haugesund), 2008 (Bergen)
Poenggrense ved forrige opptak
Førde/Sogndal og Haugesund: Alle kvalifiserte fikk plass
Bergen: Nytt studium
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid?
Psykiske helseproblem og rusrelaterte lidingar aukar, og personar med psykiske helseproblem og/eller rusmiddelvanskar krev ofte ei heilskapleg tilnærming som involverer fleire helse- og sosialfaglege disiplinar.
Ved å ta denne vidareutdanninga vil du utvikle din kompetanse innan praktisk og klinisk arbeid på individ-, gruppe- og systemnivå. Du vil også tileigne deg samhandlingskompetanse som kan gjere deg til ein viktig bidragsytar, koordinator eller leiar for tverrfaglege team eller tenester.
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du lære om:
- Forebyggande, behandlande og rehabiliterande arbeid med psykisk helse-, avhengigheits- og rusmiddelproblem.
- Tilrettelegging for relasjonar som kan fremme hjelp og støtte til menneske med psykiske helse- og/eller rusmiddelvanskar, deira familiar eller pårørande, nettverk og samarbeidspartnarar.
- Ulike perspektiv på psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit.
- Etikk, lovverk og organisering knytt til kommunale og spesialiserte tenester.
- Teori og metode knytt til kommunikasjon, relasjon og samhandling.
- Forsking og formidling knytt til fagutvikling og prosjektarbeid.
- Å utvikle prosjekt som kan bidra til kvalitetsforbetring, innovasjon og nyskaping.
Målgruppe
Denne vidareutdanninga er for deg som er sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut eller ha ein annan bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske eller pedagogiske fag.
Undervisningsform
Studiet er samlingsbasert med ein klasse i Førde/Sogndal, ein klasse i Haugesund og ein klasse i Bergen.
Undervisninga er lagt opp med studentaktive samlingar, digitale og fysiske forelesningar, seminar med studentframlegg og diskusjon, gruppearbeid, øvingsoppgåver, ferdigheitstrening og rettleiingsgrupper.
Samlingane vil innehalde obligatoriske læringsaktivitetar. Mellom samlingane vert det forventa at studentar arbeider sjølvstendig med pensum, førebuing til samlingane og med oppgåver.
Utdanninga har 6 veker med obligatorisk praksis. Praksis blir gjennomført i tråd med forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-,rus-, og avhengigheitsarbeid, og inngår i emnet Fagutvikling og praksis (emne 4). Sjå emneplan for nærmare skildring. For å få godkjent praksis, må studenten nå læringsutbyttet og oppfylle krav til 90% oppmøte i praksis.
Den tverrfaglege vidareutdanninga i rus og psykisk helse har eit eige team på campus Sogndal: Lillian Bruland Selseng, Mariann Vigdal og Brit Marie Follevåg. Leiar og kontaktperson for teamet er Lillian Bruland Selseng.
Samlingar
Emne/ Haustsemester 2024
TPHR501 Digital oppstart, 19.august
TPHR501 1.ukesamling, uke 36 (Førde, Bergen og Haugesund)
TPHR501 Digitalt treffpunkt, mandag 23.september
TPHR501 2. ukesamling, uke 42 (Førde, Bergen og Haugesund)
TPHR501 Digitalt treffpunkt, mandag 28. oktober
TPHR501 3.ukesamling, uke 46 (Førde, Bergen og Haugesund)
Eksamen Skriftlig, individuell semesteroppgåve Veke 50
Emne/ Vårsemester 2025
TPHR502 Digitalt treffpunkt torsdag 9.januar
TPHR502 1.ukesamling, uke 4 (Sogndal, Bergen og Haugesund)
TPHR502 Digitalt treffpunkt, mandag 10.februar
TPHR502 2.ukesamling, uke 11 (Sogndal, Bergen og Haugesund)
TPHR502 Digitalt treffpunkt torsdag 10.april
TPHR502 3. ukesamling, uke 19 (Sogndal, Bergen og Haugesund)
Eksamen Munnleg eksamen, veke 23
Kva kvalifiserer utdanninga til?
Vidareutdanninga i tverrfagleg psykisk helse- og rusarbeid kvalifiserer helse- og sosialarbeidarar til forebyggande, behandlande og rehabiliterande arbeid innanfor kommunale helse-, sosial-, og velferdstenester, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Studentane tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse innanfor fagområdet psykisk helse og fagområdet rus og avhengigheit både kvar for seg og i samanheng.
Vidareutdanninga kvalifiserer til arbeid som psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeidar. Utdanninga godkjennast som spesialitet for sjukepleiarar og vernepleiarar.
Studiet gjennomførast som avsluttande vidareutdanning (60 stp.), og gir moglegheit til å søke seg inn til påbygg til Tverrfagleg master i psykisk helse -og rusarbeid.