Kollokviegruppe med fem studenter rundt bordet

Tverrfaglig utdanning i psykososialt arbeid med barn og unge

Vidareutdanning på masternivå

Ønskjer du kunnskap om betydninga av psykiske og sosiale forhold i arbeid med barn og unge? Vil du også ha kompetanse om tverrfagleg samhandling og tenesteutvikling i praksis? Då er dette ei utdanning for deg.  

Førde og Haugesund

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelorgrad i helse- og sosialfag, medisin, politi, pedagogiske (lærer- og barnehageutdanning) eller psykologiske fag.
    • Minst 2 års relevant yrkespraksis etter fullført utdanning.
    • Du må være ansatt i minst 50% stilling i arbeid tilknytta barn og unge i hele studieperioden.

    Søkjarar med anna relevant høgare utdanning kan få opptak etter særskilt vurdering.

    Søknadskode

    1551 (Bergen), 1650 (Stord/Haugesund), 1712 (Sogndal/Førde)

    Korleis søke

      • Logg inn i SøknadsWeb
      • Vel opptak "Vidareutdanning og halvtårsstudium"
      • Så vel du "Master/Vidareutdanning helse- og sosialfag"
      • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over) 
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.
      • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Rangering og poeng

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar, og det blir gitt tilleggspoeng for høgare utdanning og praksis.

    Informasjon om utrekning av poeng

    Poenggrense forrige opptak

    Alle kvalifiserte fikk plass.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere psykososialt arbeid med barn og unge? 

    Denne utdanninga gir kompetanse til å styrke meistring og trivsel hos barn og unge i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid. Ved å studere psyskososialt arbeid med barn og unge tileigner du deg kunnskap om nærmiljøet sine støttande funksjonar i forhold til den psykiske helsa til barn og unge i alderen 0-23 år. Du utviklar også ferdigheiter knytt til å styrke barn og unge sin familie og sosiale nettverk. Studiet omhandlar spørsmål knytt til sped- og småbarn, barn i skulealder, ungdom og unge vaksne.

    Utdanninga har fokus på tre hovudområde:

    • Utvikle kunnskap og kompetanse i tråd med barn og unge sine behov
    • Betre samarbeid og koordinering av tenestene
    • Meistringsfokus, haldningar og brukarmedverknad

    Kva lærer du?

    Dette studiet gir deg kunnskap om: 

    • Barn og unge sine psykiske- og sosiale forhold i eit helsefremjande og førebyggjande perspektiv
    • Tverrfagleg samhandling og tenesteutvikling på tvers av sektorar og fagprofesjonar
    • Livsmeistring og folkehelse
    • Fagutvikling og rettleiing
    • Praksisnær undervisning

    Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge er på mastergradsnivå.

    Sjå video om studiet

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform - fleksibel organisering

    Studiet er organisert som eit samlingsbasert deltidsstudium over to år (fire semester) med tilsaman 12 samlingar à 3 dagar.

    Det vert både fysisk undervisning og digital undervisning via Zoom. Det blir lagt opp til sjølvstudium og tverrfaglege studentaktive læringsformer mellom samlingane.

     

     

    Oppbygging av studiet

    1. semester:
    PSBU101 Psykisk helse hos barn og ungdom -15 stp.

    2. semester:
    PSBU102 Kompetanse og tenesteutvikling i psykososialt arbeid med barn og unge - 7,5 stp.

    PSBU105 Vitskapsteori, metode og etikk - 7,5 stp. 

    3. semster: 
    PSBU103 Organisering og samordning av tenestetilboda til barn og ungdom - 15 stp.

    4. semester: 
    PSBU104 Psykososialt arbeid med barn, ungdom og deira familiar - ulike praksisar, teoriar og etiske dilemma - 15 stp. 

    Samlingar

    PSBU 101 – Høst 2025

    • Første samling:  2.9 – 4.9 (uke 36)
    • Andre samling: 14.10- 16.10 (uke 42)
    • Tredje samling: 18.11-20.11 (uke 47)

    Her vil det være en blanding av digitale forelesninger og fysisk oppmøte.

    Nærmere informasjon kommer. Med forbehold om endringer.

     

    PSBU102 – Våren 2026

    • Første samling: 13.1-15.1 (uke 3)
    • Andre samling: 3.3 og 4.3-halve dagen (uke 10)

    Det være en blanding av digitale forelesninger og fysisk oppmøte.

    Nærmere informasjon kommer. Med forbehold om endringer.

     

    PSBU105 – Våren 2026

    • Første samling: 4.3 (halve dagen) og 5.3
    • Andre samling: 21.4 – 23.4 (uke 17)

    Det være en blanding av digitale forelesninger og fysisk oppmøte.

    Nærmere informasjon kommer. Med forbehold om endringer.

    Pensum

    Du vil få informasjon om pensum når utdanninga startar. 

    Dersom du har fullført og bestått tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge, og ønskjer å ta ein mastergrad kan du søke om innpass og få godskreve 55 studiepoeng i masterprogrammet i samhandling og folkehelse.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbud

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs