Realfagskurs | Bergen

Forkurs

Vil du bli ingeniør men manglar fordjupning i matematikk og fysikk? På realfagskurset kan du ta dette på eit halvt år. 

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Poenggrense ved forrige opptak

    • Poenggrense:
      Alle kvalifiserte fekk tilbod om plass ved forrige opptak.

    Om å søke opptak til HVL

    Kva er realfagskurs?

    Realfagskurset er eit tilbod for deg som vil bli ingeniør, men som manglar fordjuping i matematikk og fysikk. Kurset går på fulltid, over eit halvt år. Det har oppstart i januar.

    For å lukkast i kurset krevst det sterk motivasjon og ein høg arbeidsinnsats gjennom heile semesteret.

    Du kan søke støtte frå Lånekassen for å ta realfagskurset.

    Du kan også ta nett- og samlingsbasert realfagskurs på deltid over eit heilt år.

    Har du fagbrev?

    Har du yrkesfag eller fag/sveinebrev, men manglar generell studiekompetanse, må du søke forkurs:

    Korleis er undervisninga?

    Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som inkluderer forelesningar, laboratoriearbeid, rekneøvingar og sjølvstudium. Forelesningar og rekneøvingar utgjer rundt 20 timar kvar veke. Du må i tillegg berekne å bruke tid på førebuingar og eigenstudiar. Realfagskurset blir difor rekna som eit fulltids studium.  

    Dei to faga som inngår i kurset er matematikk og fysikk. Pensum omfattar det vesentlege av fysikk 1, matematikk R1 og R2.

    Undervisninga er på campus Bergen. Det er viktig at du deltek aktivt i kurset og stiller spørsmål når du treng det. Dei erfarne forelesarane våre er her for å hjelpa deg og sikra at du får mest mogleg ut av kurset. På Høgskulen på Vestlandet blir du ein integrert del av eit levande og engasjert studentmiljø der aktiv deltaking og fellesskap står i sentrum.

    Kva er forskjellen på realfagskurs og forkurs?

    Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetanse, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset: matematikk, fysikk, norsk, engelsk og teknologi og samfunn.

    Realfagskurset er for deg som har generell studiekompetanse, men manglar fordjupning i matematikk og fysikk.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Pensumbøker våren 2024

    Matematikk REAL112

    Sinus Grunnbok,
    av Oldervoll Tore Svorstøl Otto Jacobsen Robin Bjørnetun
    Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202753023

    Sinus Oppgavesamling,
    av Oldervoll Tore Svorstøl Otto Jacobsen Robin Bjørnetun
    Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202753030

    Fysikk REAL111 (Realfagskurs/Forkurs)

    Rom Stoff Tid Forkurs Grunnbok, av Grimenes, Jerstad og Sletbak
    Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202741945

    Rom Stoff Tid Studiebok, av Grimenes, Jerstad og Sletbak
    Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202741969

    Gyldendals tabeller og formler i fysikk, av Haugan og Aamot
    Gyldendal, 2022 ISBN 9788205565302

    Anbefalt kalkulator

    Enkel kalkulator. Godkjente kalkulatorer er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)