Kva er realfagskurs?
Realfagskurset er eit studium i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til ingeniør- og sivilingeniørutdanningar. Kurset gir deg grunnlaget du treng for å møte opptakskrava og for å lukkast i vidare studiar.
HVL tilbyr tre ulike variantar av realfagskurset, slik at du kan velje det som passar best for deg:
- Realfagskurs | Bergen og Haugesund | deltid over eit år: Et deltidsstudium som kan kombinerast med jobb, men er for deg som framleis ønskjer eit kurs med fast struktur. Les meir om dette kurset lenger nede på sida.
- Realfagskurs | Bergen | heiltid over eit halvt år: Dette er det mest intensive alternativet, med oppstart i januar. Det krev sterk motivasjon og høg arbeidsinnsats gjennom heile studieperioden.
- Realfagskurs | nett- og samlingsbasert | deltid over eit år: Ein fleksibel modell der undervisninga er nettbasert med nokre fysiske samlingar i løpet av året.
Korleis er undervisninga?
Det heilårige realfagskurset blir rekna som 60 % av eit fulltidsstudium. Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som inkluderer forelesningar, laboratoriearbeid, rekneøvingar og sjølvstudium. All undervisning er på campus. Forelesningar og rekneøvingar utgjer rundt 14 timar kvar veke fordelt på tre dagar. Du må i tillegg berekne å bruke tid på førebuingar og eigenstudiar.
Dei to faga som inngår i kurset er matematikk og fysikk. Pensum omfattar det vesentlege av fysikk 1, matematikk R1 og R2. Det er krav om 60 % frammøte på forelesningar i kvart fag. Begge faga har også obligatoriske arbeidskrav.
For å lukkast i kurset krevst det sterk motivasjon og ein høg arbeidsinnsats. Det er viktig at du deltek aktivt i kurset og stiller spørsmål når du treng det. Dei erfarne forelesarane våre er her for å hjelpa deg og sikra at du får mest mogleg ut av kurset. På Høgskulen på Vestlandet blir du ein integrert del av eit levande og engasjert studentmiljø der aktiv deltaking og fellesskap står i sentrum.
Kva blir du kvalifisert for?
Bestått matematikk og fysikk på realfagskurset kvalifiserer deg til ingeniør- og sivilingeniørutdanningar i Noreg.
Kurset dekker også krav til R1, R2 og fysikk 1 ved opptak til andre utdanningar.
Har du fagbrev?
Har du yrkesfag eller fag/sveinebrev, men manglar generell studiekompetanse, må du søke forkurs eller y-veg:
Hva er egentlig en ingeniør og hva jobber de med?
Les mer her!
Kva er forskjellen på realfagskurs og forkurs?
Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetanse, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset: matematikk, fysikk, norsk, engelsk og teknologi og samfunn.
Realfagskurset er for deg som har generell studiekompetanse, men manglar fordjupning i matematikk og fysikk.
Kva kostar det å studere?
Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.
Du kan søke støtte frå Lånekassen for å ta kurset.