Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
- For emnet SIB801 på bachelornivå:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse - For emnet SIB851 på masternivå:
bachelorgrad
Hvordan søke - Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via søknadsweb.
- Vel opptak «Videreutdanning og halvtårsstudium».
- Så velger du "Videreutdanning vår".
- Studienummer 8523 for bachelornivå
- Studienummer 8524 for masternivå.
- Trykk "Legg til" og "Send inn søknad".
- Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet
- Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere Samskaping og innovasjon for berekraftig utvikling?
Berekraft, innovasjon og samskaping er hyppig brukte omgrep innanfor både næringsliv, offentleg og frivillig sektor. Tverrfagleg og transdisiplinært samarbeid blir ofte trekt fram som nødvendige tilnærmingar for å løyse såkalla «samfunnsflokar», eller komplekse samfunnsutfordringar.
I dette emnet vil du få innføring og innsikt i omgrep og teoriar knytt til berekraft, innovasjon og samskaping. Du vil vidareutvikle dine tverrfaglege kommunikasjonsferdigheiter og øve på «omsetjingsspråk» og formidling. Etter å ha teke emnet er målet at du skal kunne fasilitere samskapingsprosessar og nytte design thinking for å utforske problem eller teste moglege løysingar.
Studiet tilbys på bachelor- og masternivå.
Kva lærer du?
Emnet vil gi deg innføring i konkrete verktøy og metodar innafor samskaping, «design thinking» og vurdering av berekraft.
Les meir om kva du lærer og blant anna læringsaktivitetane
Emneplan for emnet på bachelornivå
Emneplan for emnet på masternivå
Målgruppe
Dette emnet er interessant for tilsette i næringsliv, kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege verksemder. Det er også aktuelt for tilsette i akademia og masterstudentar. I tillegg kan vi anbefale det til personar i frivillige organisasjonar, og alle andre som er interessert i lære meir om samskaping, innovasjon og berekraft.
Undervisningsform
Emnet består av totalt fire samlingar: to digitale samlingar og to samlingar i Sogndal, på til saman åtte heile dagar over perioden januar- april 2025. I tillegg kjem ein digital eksamen 28. eller 29. april.
Undervisninga vil i stor grad bestå av praktisk utprøving av verktøy og metodar, saman med medstudentar og ute i feltet - med diskusjonar og erfaringsutveksling. Det vil bli lagt ut ressursar, litteratur og oppgåver i studentportalen Canvas i forkant av seminara. I seminara vil studentane få førelesingar, rettleiing på oppgåver, samt tid til å drøfte, reflektere og øve på å anvende omgrep, teoriar, metodar og verktøy innan samskaping, innovasjon og berekraft.
Gjennom prosjektarbeid med reelle problemstillingar og ulike praktiske øvingar i tverrfaglege grupper får du utforske dilemma, barrierar og moglegheiter som kan oppstå i arbeid med samskaping, innovasjon og berekraftig utvikling. Det vil og være prosjektarbeid og eigenstudiar mellom samlingane.
Emnet har ei forventa total arbeidsmengde på om lag 390-450 timar inkludert eigenstudiar, gruppeprosjektarbeid og undervisning.
Dato for samlingar
Felles samlinger og nettundervisning
Samling nr. 1 i Sogndal:
Veke 2; tysdag 7.1.- fredag 10.1.
Samling nr 2 digitalt (zoom):
Veke 6; tysdag 4.2 og onsdag 5.2; begge dagar kl. 9-12.
Samling nr 3 i Sogndal:
Veke 10; mondag 3.3. - torsdag 6.3.
Samling nr 4 digitalt (zoom):
Veke 15; tysdag 8.4. og onsdag 9.4. Begge dagar kl. 9-12.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Pensum
Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.
Eksamensform
Eksamen er ein digital munnleg presentasjon av prosjektet i gruppe med ein påfølgande individuell samtale, der begge deler blir vurdert som bestått/ikkje bestått.