Mannlig lærer smiler mot kamera. Han sit i ein undervisningssituasjon med to elevar. Elevane sit med ryggen mot kamera, litt uklare på bildet

Undervisning i nynorsk som sidemål

Vidareutdanning på bachelornivå

Vil du lære meir om korleis du kan undervise i nynorsk for å gjere undervisninga meir effektiv, motiverande og meiningsfull for både deg og elevane dine?

Nettstudium

Søk studieplass Opnast i ny fane

Opptakskrav og søknad

Opptakskrav: 
Generell studiekompetanse

Studietypenummer: 8530

Hvordan søke:

  • Logg inn i Søknadsweb
  • Velg opptak "Lærer, barnehagelærer og tolking"
  • Så velger du "Videreutdanning høst 2025"
  • Velg studiet du vil søke på fra listen (se studietypenummer over).
  • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
  • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet
  • Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.

Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

 

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere undervisning i nynorsk som sidemål?

Sidan dei fleste elevane berre møter nynorsk i skulen, kan det vere krevjande for lærarar å undervise i nynorsk som sidemål. Dette faget vil handle om korleis du kan gjere nynorsken lettare tilgjengeleg gjennom fokus på gode undervisningsmetodar som knyter nynorsken til elevane sitt eige språk og sin eigen kvardag. 

Kva lærer du?

Emnet legg vekt på kva nynorsk er, kvifor vi har nynorsk på skulen, og korleis vi skal undervise i nynorsk som sidemål - med klar vekt på det siste. Metodar som språkdusj, språksamanlikning og bruk av moderne nynorsk litteratur har som mål å gjere undervisninga di meir variert og engasjerande for elevane.

Du finn meir informasjon  i emneplanen

Målgruppe

Emnet er retta mot lærarar og andre som driv undervisning i nynorsk som sidemål.

Dette er faget for deg som har nynorsken godt under huda allereie, for deg som kjenner du treng litt meir påfyll før du skal i gang med undervisninga, og for deg utan nynorskbakgrunn.

Praktisk informasjon

Undersvisningsform

Emnet er eit heildigitalt tilbod. Det tyder at det ikkje er fysiske samlingar. Undervisningsøktene kan i hovudsak spelast av når studenten sjølv vil.

Men det vil òg vera økter der studenten loggar seg inn på eit gitt tidspunkt for undervisning i sanntid. Desse øktene er spesifisert under "Samlingar".

Samlingar

Her deltek ein digitalt. Desse øktene vil innehalda gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og anna studentaktivt arbeid. Det vil vera fem slike økter à 2 timar. Tidspunkta for dei er:

  • Tysdag 26. august klokka 14.00-16.00
  • Tysdag 30. september klokka 14.00-16.00
  • Tysdag 28. oktober klokka 14.00-16.00
  • Tysdag 25. november klokka 14.00-16.00
  • Tysdag 9. desember klokka 14.00-16.00

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Pensum

Informasjon om pensum kjem ved studiestart.

Eksamensform

Emnet har tre obligatoriske læringsaktivitetar som må gjennomførast og godkjennast før ein kan gå opp til eksamen. Du kan lese meir om dei i emneplanen.

Eksamenform:

Individuell semesteroppgåve, 3000 ord (pluss/minus 10 %). Semesteroppgåva skal skrivast på nynorsk. Presisering av formelle krav kjem ved semesterstart.

Kvifor ta meir utdanning?

Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

  • Ny oppdatert fagleg kunnskap
  • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
  • Personleg utvikling
  • Moglegheit for å byggje nettverk
  • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
  • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
  • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

Andre interessante studietilbod

Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs