Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
- Bachelorgrad eller tilsvarande.
- Du må være tilsett i barnevern i heile studieperioden.
Søknadskode
2853
Rangering og poeng
Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar.
Det blir ikkje gitt tilleggspoeng for høgare utdanning eller praksis.
Informasjon om utrekning av poeng
Kvote
Opptak til studiet skjer på grunnlag av rangering innanfor følgjande fastsette kvotar, jf. §6-1 (3), med følgjande prioritering:
1. Tilsette med hovudstilling i kommunalt barnevern og bekreftelse fra arbeidsgiver om at de skal prioriteres.
2. Tilsette med hovudstilling i kommunalt barnevern.
3. Tilsette med hovudstilling i statlig eller privat barnevern
Med hovudstilling menes stillingsstørrelse på 50 % eller meir.
Poenggrense forrige opptak
Alle kvalifiserte fikk plass.
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere vurdering av barnets beste?
Denne utdanninga har som mål å styrke dei tilsette i barnevernstenesta sin kompetanse til å gjere faglege vurderingar av barnets beste i alle fasar og delar av ei barnevernssak, samt styrke vurderings- og avgjerdskompetansen i det barnevernsfaglege arbeidet.
Arbeidsgjevar kan søke om tilskot for tilsette som ønsker å ta vidareutdanning.
Kva lærer du?
Etter å ha gjennomført videreutdanninga vil du ha konkret kunnskap om
- barnevernets heterogene kunnskapsgrunnlag og tverrfaglege perspektiv
- barnevernsfaglege vurderingar og avgjerder
- det juridiske og tverrfaglege kunnskapsgrunnlaget som inngår i skjønnsutøvinga ved vurdering av barnets beste
- ulike barnesyn og forhold som fremjar barns medverknad og medbestemming
- sentral forsking om omsorgsvurderingar og tydinga av ei heilskapleg forståing av barn og foreldre
- barnevernets maktposisjon og strukturar som kan bidra til avmakt
Studiet legg vekt på varierte undervisningsformar, der målet er at studentane skal øve opp sine praktiske ferdigheiter, haldningar og kunnskapar. Undervisninga vil opne for refleksjon over eigen praksis og utvikle denne i møte med teoretisk kunnskap.
Målgruppe
Undervisingsform - fleksibel organisering
Studiet er samlingsbasert. Det er lagt opp til seks samlingar, à tre dagar frå onsdag til fredag, fordelt på to semester. Tre samlingar haust og tre samlingar vår.
Hovudtema for samlingane:
Samling 1: Profesjonell kompetanse og vurdering av barns beste med fokus på kritisk refleksjon
Samling 2: Barnesyn og barns medverknad
Samling 3: Omsorgsvurdering og barns utvikling. Barn og familiar i kontekst
Samling 4: Kunnskapsgrunnlag og avgjerdsprosessar i barnevernstenesta
Samling 5: Styrking av fagleg skjøn i ulike fasar av ei barnevernssak
Samling 6: Oppfølging av barn plassert utanfor heimen, ettervern og avslutning av barnevernssaker.
Samlingar
Samlingar onsdag til fredag.
Hausten 2024: veke 37, 44, 48
Våren 2025: veke 3, 10, 17
Pensum
Du vil motta meir informasjon om pensum når utdanninga startar.
Denne videreutdanninga er eit samarbeid med Høgskulen i Volda og inngår i Bufdir si kompetansesatsing innan kommunalt barnevern.
Vil du studere meir?
Du kan søke om innpass for 30 studiepoeng i master i sosialvitskap, studieretning barnevernsarbeid. Du får også godkjent heile vidareutdanninga (30 studiepoeng) i master i sosialvitskap, fleksibel.
Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs