Yrkesveg (y-veg): For deg som har relevant fagbrev eller sveinebrev

Har du yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev? Då kan du ta ingeniørutdanning eller nautikkutdanning gjennom y-vegen.

Hopp til

    Kva kan du søke?

    Du kan søke om y-veg i Førde eller Haugesund. I Førde kan du bli ingeniør. I Haugesund kan du bli ingeniør eller ta nautikk.

    Slik søker du

    Du registrerer din søknad i vår lokale Søknadsweb. Søknaden går ikkje gjennom Samordna opptak.

    For deg som vil ta ein ingeniørutdanning

    I tillegg til dei ordinære faga har du ekstra undervisning i realfag og norsk. Du fullfører utdanninga på ordinær tid (3 år).

    Du startar med eit mattekurs på 6 veker (måndag-fredag) sommaren før du begynner på utdanninga.

    Undervisninga er 6 veker på sommaren (måndag-fredag), og blir avslutta med eksamen. Sommarkurset i Førde startar 24. juni og har eksamen 2. august. Sommarkurset i Haugesund Sommarkurset 2024 startar 21. juni og har eksamen 8. august. Du tar fysikken første semesteret, og norsk i løpet av det første året.

    For deg som vil ta nautikkutdanning 

    Ved oppstart av studiet tar du et forkurs i matematikk og norsk. Dette forkurset vil være uka før ordinær semesterstart, og det er obligatorisk å delta på forkurset. Du tar også fysikk første semesteret. Resten av utdanningen går du sammen med studentene på bachelor i nautikk.

     

    Passar ikkje y-veg deg? Sjekk andre tilbod vi har!