Velkommen til Forskingsdagane 2024!

Frå 18.- 29. september går Forskingsdagane av stabelen for 30. gong. Tradisjonen tru deltek Høgskulen på Vestlandet på ei rekke arrangement fylt med spennande forsking.

Nordens største forskingsfestival fyller 30 år, og markerer jubileet med eit tema som engasjerer breidt.

– Helse angår oss alle og famnar over eit breidt spekter av våre forskingsområde. Festivalen gir oss ein gylden moglegheit til å formidle forskinga vår til både studentar, kollegaer og allmenta. Eg oppfordrar alle til å delta på eit eller fleire av arrangementa på våre campusar for å lære og bli utfordra, seier Christine Øye, prorektor for forsking ved HVL.

Høgskulen på Vestlandet vil gjennom festivalen by på stor fagleg breidde knytt til helse og andre samfunnsaktuelle tema, med mål om å skape begeistring og forståing for kva forsking betyr for samfunnet og vårt daglege liv. 

Under finn du ei oversikt over dei ulike arrangementa ved kvar campus.  

Bergen

Som vanleg deltek Høgskulen på Vestlandet i Forskingsdagene i Bergen saman med dei andre forskingsinstitusjonane i byen. Her får du ei oversikt over arrangementa som HVL deltek i.

Skulebesøk

18. - 20. september dreg forskarar frå HVL og andre institusjonar ut til ungdomskular for å formidle forsking til dei unge. Frå HVL deltek Per Eilif Thorvaldsen, Lennart Lorås, Trygve Buanes og Berit Marie Njøs med tema innan klassisk mekanikk, familiens betydning, fattigdom og grunnsteinane i fysikk.

Sjå programmet her. 

Forskingsdagane Ung

Forskningsdagene Ung har elevar i vidaregåande som målgruppe, og går føre seg i Egget på Universitetet i Bergen 19. september og i Mimes brønn på HVL 26. september. Frå HVL deltek fleire profilerte forskarar i programmet, som Hilmar Mjelde, Kjersti Marie Blytt, Ann-Katrin Grotle og Dhayalan Velauthapillai.

Sjå programmet her.

Forskingstorget 

21. september brakar det laus på Forskningstorget på Festplassen i Bergen. Fredag 20 . september er Forskningstorget forbeholdt besøk av skuleelevar. Her deltek HVL med to stasjonar: "Berekraftig hydrogenøkosystem" v/ Yulia Skåtun og "Tar du godt vare på bakteriene dine?" v/ Trond Brattelid. Lørdagen er Forskningstorget ope for alle interesserte. Ta gjerne turen innom!

Sjå programmet her.

Lunsjseminar: Kampen for kvinnehelsa

24. september inviterer vi til lunsjseminaret Kampen for kvinnehelsa på Hop stasjon i biblioteket. Arrangementet er ope for alle interesserte. HVL-professor og medlem i kvinnehelseutvalet Oscar Tranvåg innleie, deretter vil masterstudentar ved HVL presentere sine masterprosjekt innan kvinnehelse. Til slutt vil Anette Fagertun vil snakke om forskingprosjektet KLAR, Kvinner, overgangsalder og arbeidsliv. 

Forskar Grand Prix

25. september inviterer vi til formidlingsfest i Mimes brønn! Forskar Grand Prix er ein formidlingskonkurranse der 10 forskarar får fire minutt kvar til å engasjere publikum og dommarar. HVL sin kandidat i år er Eirinn Hesvik Ljones, stipendiat i doktorgradsprogrammet i helse, funksjon og deltaking.

Sjå programmet her.

Alrek helsedagar

Alrek helsedagar inngår også i Forskingsdagane. Frå HVL deltek Padmaja Barua, Maria Norheim Alme og Siri Smith på eit seminar om global helse 19.  september. Joost Van Wijchen og Line Merete Giusti er konferansier og moderator på eit seminar om helsetenester og kulturelle minioritetar 20. september, medan Ingeborg Ørjaseter deltek på Forskarnatt om kvinnehelse på kulturhuset same dato. 

Sjå programmet til Alrek helsedagar her.

Førde

Lansering av podcasten Forskarsnakk

Stipendiatane innan helseforsking ved HVL og Helse Førde lanserer sin nye podkast Forskarsnakk med sosial talkshow-kveld på restauranten Elvesus 19. september kl. 19.30.

Sjå programmet her. 

Faglunsj: Einsemd - kva gjer vi med det?

Fredag 20. september kl. 12-13 samtalar HVL-forskar Kari Eldal og Kristin Guldhav frå Helse Førde om kva relasjonar betyr for helsa vår, i auditoriet i 2. etasje ved Førde Sentralsjukehus.

Sjå arrangementet her.

Foredrag om robotikk 

HVL-forskar Gizem Ates Venås held foredrag på Senioruniversitetet fredag 25. september kl. 11 om bruk av robotikk innen rehabilitering av slagpasientar. 

Sjå arrangementet her.

Skulebesøk frå Førde vgs

To klasser frå Førde videregåande skule kjem på besøk for å oppleve campus og prøve utstyr i robotikklabben, læringslabben og SIM Arena fredag 20. september.

Lunsjmøte om måling av framgang hos pasientar

Korleis kan måling av framgang styrke motivasjonen til pasientar som til dømes må gjennom langvarig rehabilitering, og samstundes kanskje slit med angst, depresjonssymptom og utmatting?

Fredag 27. september kl. 12-13 inviterer vi til lunsjmøte om dette temaet i Læringslabben. Fysioterapeut Jeanette Svartstad og HVL-forskarane Erik Kyrkjebø og Runar Tengel Hovland møtest til samtale med Christine Øye, prorektor for forsking ved HVL.

Sjå programmet her.

Familiedag på Vie andelslandbruk

Lørdag 28. september inviterer vi til myldredag for heile familien på Vie andelslandbruk! Vi vil smake på ugras, lokke på meitemarken, forstå meir om det som veks og sjå på korleis vi legg eit teppe over plantene før vinteren kjem. Vi vil også snakke saman om jorda – kva den betyr for oss. Elin Ødegaard, forskar og leiar for barnehagesenteret ved HVL, Barnkunne, deltek. 

Sjå programmet her.

Haugesund

Opning av Forskingsdagane

18. september kl. 11.30 er det duka for opning av Forskingsdagane på campus Haugesund, v/ Chrstine Øye, prorektor for forsking, Andreas Andreassen, fagdirektør ved Helse Fonna og Usman Ahmad Mushtaq, Statssekretær, Helse- og omsorgsdepartementet.

Under opninga presenterer HVL-professor Geir Sverre Braut tiltak som kan føre til eit betre kosthald og jamne ut sosiale forskjellar i kosthaldet. Med kommentar frå Katrine Marie Haga Nesse, kommuneoverlege i Haugesund kommune.

Doktorgradsstipendiat Kristin Ingvaldsen Folven fortel om kva konsekvensar risiko for underernæring har for eldre pasientar og helsetenesta. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Helse Fonna.

Det vart enkel servering. Sjå programmet her.

Open forskarkveld: Søvn, mat og kosthold

18. september kl. 19.00 inviterer vi til populærvitenskapeleg kveldsarrangement på campus om søvn, mat og kosthald. Frå HVL deltek Geir Sverre Braut, Monica Hermann, Kjersti Blytt. 

Tema for kvelden er tiltak for betre kosthald, kosttilskot, søvn i ulike livsfaser og korleis lys og mørke kan brukast som behandling. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Helse Fonna.

Sjå programmet her.

Frukostmøte: Flyktningar og innvandrarar i Norge - bosetting, integrasjon og mobilitet

Torsdag 19. september vil professor Liv Osland leie eit aktuelt frukostmøte om flyktningar og innvandrarar i Norge med utgangspunkt i bosetting, integrasjon og mobilitet. Frå HVL deltek André Seidel,  Liv Osland, Inge H. Thorsen og Henrik Lindegaard Andersen.

Arrangementet skjer i samarbeid med Haugesund kommune og Faglig forum for kommunalt flykningarbeid i Rogaland.

Sjå programmet her.

Frukostmøte: Bruk av teknologi i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta 

I frukostmøte 20. september kl. 08.30 vil forskarar frå HVL og Helse Fonna drøfte føresetnader, moglegheiter og avgrensingar av bruk av ny teknologi i helsetenestene. Frå HVL deltek Georg Førland, Miriam Hartveit, Susanne Eriksen, Yngvild Alvsåker, Georg Førland og Else Cathrine Lütcherath Rustad. Ordstyrar: Else Cathrine Lütcherath Rustad.

Det vert enkel servering. Arrangementet er eit samarbeid mellom HVL og Helse Fonna.

Sjå programmet her.

Faglunsj 

23. september kl. 11.30 inviterer vi til faglunsj på biblioteket med utfrag frå prosjekta til HVL-forskarane Marianne Kambe og Liina Sangolt. Kambe har studert korleis det er å vere mann i sjukepleieutdanninga, medan Sangolt har forska på hydrogenproduksjon frå fluktuerande kraftkjelder.

Sjå programmet her.

Maritim forsknings- og innovasjonskonferanse

25. september kl. 09.00 er det duka for maritim forskings- og innovasjonskonferanse, som er ein del av Maritim uke. Kva kan vi få ut av samarbeid og korleis vi kan finansiere forsking og utvikling er tema. I tillegg presenterer vi eit knippe forskarar som jobbar med kunnskapsutvikling for det maritime grøne skiftet. Frå HVL deltek Jens Kristian Fosse, Ingunn Alne Hoel, Erik Styhr Petersen, Leif Ole Dreyer, Simon Norheim Colclough, Mari Kalland Knapstad

Sjå programmet her.

Forskartorg på campus 

Forskartorget finn stad den 25. september kl. 09.00 og er eit tilbod til 5. trinn i grunnskulen, der forskings- og utdanningsmiljøet på campus Haugesund går saman for å gi lærarar og elevar eit innblikk i fagmiljø innanfor maritime studiar, ingeniørfag og helsefaglege utdanningar.  

Sjå programmet her.

Frukostmøte: Korleis betre brannsikring av bustader for menneske som slit med rus og psykiatri

Eldre og personar som slit med rus og psykiske plagar, er særleg utsatt for brannrisiko. I frukostmøte 27. september kl. 08.30 vil professor Vidar Frette og instituttleiar Bjarne Christian Hagen presentere forskingsprosjektet BUILDER som arbeider for å auke sikkerheita til desse gruppene. 

Så programmet her.

Faglunsj

27. september kl. 11.30 inviterer vi til faglunsj med utdrag frå forskingsarbeidet til doktorgradsstipendiat Tord Hettervik Frøland knytt til bruk av VR-teknologi i blodprøvetaking. Vi får óg innlegg frå psykologspesialistane Oddbjørn Hove og Kirsten Braatveit.

Sjå programmet her.

Sogndal

Faglunsj: Etterlatte ved unaturleg død

20. september kl. 11.45 inviterer vi til faglunsj om boka Etterlatte ved unaturlig død: Et særlig fokus på narkotikarelatert død, basert på END-prosjektet ved HVL. Redaktørane og HVL-forskarane Lillian Bruland Selseng og Monika Alvestad Reime, kjem for å presentere boka i samtale med Sandra Opheim.

Sjå programmet her.

Faglunsj: Helseeffektar av elsykkel

Det er ting som tyder på at elsykkel ikkje berre er eit miljøvenleg og ekstra raskt framkomstmiddel. Overraskande for mange, kan ein òg oppnå gode helsemessige gevinstar med elsykkel.

HVL-forskarane Solveig Nordengen Hatlevoll og Amund Riiser presenterer sine funn på faglunsj den 26. september. 

Sjå programmet her.

Konferanse: Trening og fysisk aktivitet for eldre

Kvifor og korleis eldre kan drive med trening og fysisk aktivitet? Det er tema for konferansen Trening og fysisk aktivitet for eldre som finn stad i Høgskulebygget, på HVL, campus Sogndal 26. september klokka 8.30 til 15.30.

Speedforsking på HVL: Forskarar på 3 minutt

HVL inviterer til speedforskingarrangement på biblioteket den 26. september kl 13. under Forskingsdagane, leia av prorektor for forsking, Christine Øye. Her får du høve til å høyre 10 forskarar frå HVL og Vestlandsforsking presentere prosjekta sine på berre 3 minutt kvar, og få eit raskt innblikk i spennande og aktuell forsking. Frå HVL deltek Knut Rydgren, Inger Auestad, Eivind Aadland, Mariann Iren Vigdal, Susanne Elisabeth Holmberg og Jostein Rønning Sanderud

Sjå programmet her. 

Stord

Seminar: Demokrati for barn og elevar – demokrati for lærarar og barnehagelærarar

24. september kl. 09.30 inviterer vi til ope seminar på campus for alle som jobbar, eller skal jobbe, med barn i barnehagar, grunnskular eller i helse- og omsorgssektoren. Prorektor for forsking Christine Øye opnar seminaret. HVL-forskarar som deltek er Vigdis VangsnesMaritha Berger Nylund,  Hilde Alme og Annette Winje, Monica Hauge Skaten, Thor Erik Sortland og Leif Tore Trædal

Sjå programmet her.

Faglunsjar

Mandag 23 september kl. 11.30 blir det faglunsj med førsteamanuensis Brita Høyland og professor Aslaug Grov Almås. De vil presentere resultat fra to år med følgeforskning i samlingsbasert grunnskolelærerutdanning 1-7 ut fra en student-, lærer- og praksisperspektiv.

Sjå programmet her

Onsdag 25. september kl.11.30 blir det faglunsj med professor Knut Steinar Engelsen og førsteamanuensis Leif Tore Trædal. Dere vil presenterer analysen de har gjort av de første masteroppgavene i grunnskolelærerutdannelsene (GLU) ved Høgskolen på Vestlandet.

Sjå programmet her 

Frukostmøte om teknologi og omsorg

26. september kl. 08.30 inviterer vi til frukostmøte på campus. Førsteamanuensis Mari Synnøve Berge belyser moglegheiter og avgrensinar av e-helseløysningar i helsetenesta

Sjå programmet her.