Færre søker seg til lærar-og sjukepleiaryrka, mens økonomifag og informasjonsteknologi styrkar seg

Den nasjonale nedgangen i søkinga til lærar-, barnehagelærar-og sjukepleiaryrket er merkbar, også ved HVL. Men tala frå Samordna opptak viser samstundes gode søkartal for økonomifag og fleire ingeniørutdanningar.

– Det er svært viktig at samfunnet får gode og kvalifiserte lærarar og sjukepleiarar i framtida, meiner prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal ved Høgskulen på Vestlandet.

Nedgangen i rekrutteringa til desse viktige utdanningane er merkbar både i distrikta og byane. Det uroar.

– Ungdomskulla er mindre enn tidlegare år og arbeidsledigheita er låg. Men vi har for få som ønskjer å bli lærarar, barnehagelærarar eller sjukepleiarar og det er ein alvorleg situasjon for landet. Vi har sett nedgang over nokre år no. Her må det handlast raskt framover. Vi har ikkje råd til å vente. Dette er viktige samfunnsberande utdanningar, legg ho til.

Prorektoren påpeikar at utfordringa med å rekruttere lærar-, barnehagelærar- og sjukepleiarstudentar er samansett.

– Her må også styresmakter og arbeidslivet på banen. Vi må sjå på heilskapen i dette, seier ho.

Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal. Foto: Eivind Senneset/HVL

– Motivasjonen for yrket er det viktigaste

Opptaksutvalet, oppnemnd av Regjeringa, ser mellom anna på eit forslag om å fjerne karakterkrav knytt til studieopptak i Noreg. Dette er eit grep som må takast snarast, meiner Naustdal.

– Vi må gje folk sjansen, late dei komme inn på studia som dei ønskjer seg. Vi her på høgskulen er klare til å legge inn innsatsen. Vi er visse på at vi skal klare å lære studentane det dei treng for å gå ut i yrka dei utdannar seg til, seier Naustdal.

Liv Sara Andreassen, sjukepleiarstudent i Haugesund, starta på utdanninga si i fjor. Ho er ein av dei som meiner at fleire burde få moglegheita til å ta sjukepleiarutdanning og bevise at dette er noko dei meistrar. Sjølv gjorde sjukdom i familien at ho på vidaregåande ikkje presterte slik ho skulle ønska:

– Dei karakterane eg satt igjen med etter vidaregåande, reflekterer ikkje evnene mine. Som sjukepleiarstudent er eg engasjert og jobbar med fag på ein måte eg aldri har gjort tidlegare.

Andreassen tok valet om å studere sjukepleie etter å ha jobba som vikar i ein omsorgsbustad. Ho gjekk til studiet med ei forståing av kor tøft, men samstundes verdifullt og givande sjukepleiaryrket er.

– Eg kan godt forstå at nokon som kjem rett i frå vidaregåande kan kjenne det er skummelt å velje å bli sjukepleier. Det er eit stort og viktig ansvar. Samstundes er det eit modningsyrke der ein verkeleg får utvikle seg, både som fagperson og menneske.

Sjølv om bachelorutdanninga i sjukepleie har nedgang i talet på søkjarar, er rekrutteringa god til dei mange master- og vidareutdanningane. Særleg spesialiseringa innan helsesjukepleie er populær. Fleksible deltidsutdanningar innan helse- og sosialfag har også god søknad – i år er det mange som vil studere vernepleie på deltid i Sogndal og Haugesund.


Amruthaa Kishore studerer ingeniørutdanninga bachelor i energiteknologi ved HVL.
– Energiteknologi er ei framtidsretta utdanning med ein god blanding av fag. Den spennande kombinasjonen av energi og teknologi var det som gjorde utslaget for meg då eg skulle velje studium, seier ho.

God søknad til informasjonsteknologi og økonomi

I årets søkartal ved HVL er det også mange fag og utdanningar som har god søking. Utdanningane innan informasjonsteknologi har god rekruttering, mellom anna gjeld dette den nyoppretta bachelorutdanninga i Haugesund. Enkelte ingeniørutdanningar, særleg innan datateknologi og byggfag, er populære. Det er òg mange som søkjer seg til maritime fag.

Sidan HVL no også tilbyr sivilingeniørutdanning, er det samla sett ei oppgang for ingeniørfaga.

– Grøn omstilling, berekraft og digitalisering er viktige stikkord for korleis vi former studietilbodet vårt. Dette er i tråd med Regjeringa si Utsynsmelding, som peiker på trongen for kompetanse på desse felta i tida framover, seier Naustdal.

Økonomiutdanningane ved HVL er også populære i år. Nye årsstudium innan administrasjon og leiing og digital økonomi og leiing slår veldig an, det same gjer bachelorutdanninga innan økonomi og administrasjon og siviløkonomutdanningane på masternivå. HVL har siviløkonomiutdanningar i Bergen, Sogndal og Haugesund.

At desse utdanningane rekrutterer godt er viktig for Vestlandet. I ei tid der næringslivet blomstrar, er det stort behov for økonomiske kontrollfunksjonar som rekneskap og revisjon.

Her er utdanningane det er størst konkurranse om å komme inn på ved HVL i år:

Digital økonomi og leiing

Bergen

Vernepleie, deltid

Haugesund

Administrasjon og leiing

Haugesund

Sosialt arbeid

Bergen

Fysioterapi

Bergen

Vernepleie, deltid

Sogndal

Økonomi og administrasjon

Bergen

Vernepleie

Bergen

Radiografi

Bergen

Eigedomsmekling

Sogndal

 

Internasjonale masterprogram

Når det gjeld dei internasjonale masterprogramma i HVL er søkartala framleis gode i gruppa som kjem utanfor EU/EØS-området, medan det er nedgang i talet på søkjarar frå Noreg og EU/EØS-landa. Regjeringa si planlagde innføring av studieavgift for søkjarar utanfor EU/EØS, vil truleg medføre at det blir færre søkjarar.

Får jobb før dei er ferdige med utdanninga

Noko som kjenneteiknar kandidatar frå HVL, er at dei er særs attraktive i arbeidsmarknaden. Storparten blir verande på Vestlandet og går raskt inn i relevant jobb.

Ferske tal frå Kandidatundersøkinga viser at 53 prosent fekk jobb allereie før dei var ferdige med siste eksamen, og ytterlegare 35 prosent fekk jobb innan tre månader etter avlagt grad. Berre ein prosent svarer at dei er arbeidsledige to år etter fullført utdanning.


Keveen Kumar studerer for å bli grunnskulelærar for 1.- til 7. trinn. 

Frå tannpleie til lærarutdanning

Keveen Kumar i Bergen er ein av dei som går mot straumen og vil bli grunnskulelærar. I utgangspunktet hadde han aldri tenkt på å bli lærar, og begynte på både elektrofag og tannpleiarstudium. Men gjennom rolla som hovudtrenar for den lokale badmintonklubben, oppdaga han at å jobbe med barn gav meirsmak. Han fann ut at han kunne ta lærarutdanning med kroppsøving som fagprofil, og søkte.

Dette var midt i blinken for idrettsinteresserte Keveen, og no stortrivst han på utdanninga ved HVL og i jobben som lærarvikar.

– Eg ønskjer å vere ein støttespelar for barna, og ein person som lyttar til dei. I lærarjobben lærer du bort, men får også lære veldig mykje av barna. Det trur eg er undervurdert, seier Keveen.

Som lærarstudent kjem ein ut i praksis allereie første semester i utdanninga.

– Det var veldig positivt for meg, då eg fort oppdaga at eg likte meg i klasserommet, seier Keveen.