ORITE - Oracy in Teacher Education

ORITE er ei tverrfagleg forskargruppe med medlemer frå norsk, matematikk, naturfag, IKT i læring og pedagogikk. Hovudfokuset i forskargruppa er den læringsfremjande, faglege samtalen.

Forskargruppeleiar

Medlemmer


Munnleg kompetanse

«Oracy» betyr «munnlegkunne», og skildrar ein munnleg kompetanse som er meir enn «det munnlege» eller «å snakka». I ORITE-gruppa er me opptatt av korleis det blir snakka i klasseromsamtalen og læringsdialogen i undervisninga i alle fag.

Gode samtalar og dialogar

Me undersøkjer kva som kjenneteiknar gode samtalar og dialogar, og me er opptatt av korleis me i lærarutdanninga kan leggja til rette for at studentane får kunnskap om, øving i, og høve til å reflektera over korleis dei samtaler med elevar eller barnehagebarn for å oppnå læring 

Målet med arbeidet

Målet med arbeidet i forskargruppa er å utvikla innsikt og forståing for arbeid med den faglege samtalen i mange ulike fag og kontekstar, og med korleis ein kan utvikla lærar- og barnehagelærarstudentane sin kompetanse til å initiera og leia slike samtalar. 

Pågåande prosjekt

Doktorgradsprosjekt