Leik i skogen

Move-play-explore in early childhood education (MoveEarly)

MoveEarly er eit stort tverrfagleg forskings- og utviklingsprosjekt med mål om å utvikle og fremme ein pedagogisk praksis i barnehagen med bevegelse, leik og utforsking som sentrale element. I tett samarbeid med barnehagane som deltek i prosjektet, vil me utvikle gode løysingar for kompetanseutvikling for barnehagetilsette der ein slik praksis kan prøvast ut og evaluerast. Samtidig vil me skaffe meir kunnskap om korleis bevegelse, leik og utforsking påverkar barn si utvikling, læring og trivsel.

Bevegelse, leik og utforsking i barnehagen

Tidleg innsats er viktig for å fremme sosial likskap, barn sine framtidige moglegheiter og eit berekraftig samfunn. «Skulifisering» av barnehagen og auka grad av inaktivitet hjå barn er to uheldige trendar som ikkje er til det beste for barna. Me ser ein internasjonal trend i barnehagen som går i retning av ein pedagogisk praksis som ikkje er på små barn sine premissar. I tillegg er stillesitting og fysisk inaktivitet ein trend som pregar både barn og samfunnet generelt i negativ retning. Desse trendane påverkar barn sine naturlege behov for bevegelse, leik og utforsking negativt. Gjennom vår tilnærming vil me auke rommet for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen og undersøke korleis dette kan bidra til å løyse nøkkelutfordringar knytt til barns utvikling, læring og trivsel.

Mål med prosjektet

Hovudmålet med MoveEarly er å utvikle og teste ut ein pedagogisk praksis som sikrar eit rikt miljø for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen. Me vil designe ei kompetanseutvikling og ressursar for tilsette i barnehagen (valfritt 15 studiepoeng) for å fremme bevegelse, leik og utforsking som hjørnesteinar for god pedagogisk praksis. Me vil gjennomføre tverrfagleg intervensjonsforsking for å undersøke korleis ein slik praksis kan gjennomførast i barnehagen (prosessevaluering) og påverke barn si utvikling, læring og trivsel (effektevaluering).

Informasjonsvideo til barnehager og foreldre

Samskaping av utviklingsarbeid og kompetanseutvikling

Utviklingsarbeid i barnehagen og kompetanseutvikling samskapast i tett samarbeid mellom forskarar, barnehagetilsette og relevante aktørar for å sikre utvikling av gode og berekraftige løysingar. Tilsette i barnehagar i tiltaksgruppa gjennomfører ei 18-månadars kompetanseutvikling, med moglegheit for å oppnå 15 studiepoeng. Utvikling og bruk av gode digitale ressursar er ein viktig del av dette arbeidet. Tiltaket gjennomførast i barnehagar på Vestlandet frå 2024 til 2026.

Forskingsaktivitetar og evaluering

Forskingsaktivitetar vil vere utvikling av pedagogisk og didaktisk teori, utvikling av nye målemetodar, samskaping av kompetanseutvikling med barnehagetilsette og andre aktørar, effektevaluering, prosessevaluering og kunnskapsspreiing. Me håpar ei brei evaluering med bruk av ulike kvantitative og kvalitative metodar gir rik kunnskap om berekraftige løysingar for barnehagen sin pedagogiske praksis og barns heilskaplege utvikling. Effekten av tiltaket på barns heilskaplege utvikling vil undersøkast gjennom ein stor intervensjonsstudie, ein randomisert kontrollert studie, over 18 månadar og inkludere om lag 50 barnehagar og 500 barn. Me vil også inkludere ei omfattande prosessevaluering av prosjektet for å lære meir om kompetansebehov hjå tilsette og korleis dei forstår, nyttar og utviklar sin praksis.

Leik i skogen

Tverrfagleg tiltaksforsking for tidleg innsats

Forskarar frå forskargruppa for fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking står i spissen for prosjektet, som gjennomførast i samarbeid med ei breitt samansett gruppe av forskarar. Gjennom MoveEarly ynskjer me å byggje eit nasjonalt og internasjonalt leiande tverrfagleg forskingsmiljø innan intervensjonsforsking knytt til integrering av fysisk aktivitet, folkehelse, oppvekst og utdanning. Slik vil me forme framtidig folkehelse, oppvekst og utdanningspolitikk og leggje grunnlaget for eit berekraftig samfunn.

bilde av Eivind Aadland

Eivind Aadland

Prosjektleiar/professor