Digital skuleeksamen

Høgskulen på Vestlandet gjennomfører digital vurdering i eksamenssystemet WISEflow.

Du kan sjå i Studentweb om eksamenen din er heilt digital eller om den skal skrivast på papir og lastast opp digitalt. 

Ved skriftleg skuleeksamen som er basert på bruk av eiga berbar datamaskin, er studenten sjølve ansvarlege for eige utstyr og for å ha lasta ned nødvendig programvare for å kunne gjennomføre eksamen før du møter i eksamenslokalet, jf. Forskrift om studium og eksamen.

Du må ta med eigen ladar til datamaskina di. Du kan ta med eiga mus eller tastatur om du vil. Du kan også bruke enkle teiknebrett (utan display).

Du kan når som helst logge på WISEflow for å sjå korleis det ser ut, og gjennomføre demo-eksamen så mange gonger du vil. Vi anbefaler dei to seinaste versjonane av nettlesarane Google Chrome, Mozilla Firefox eller Safari. 

Som student loggar du inn med HVL Feide.

Logg på WISEflow

Digital skuleeksamen utan hjelpemiddel eller med avgrensa hjelpemiddel (låst skuleeksamen)

På nokre eksamenar er det ikkje tillate å bruke hjelpemiddel og du vil difor ikkje ha tilgang til internett eller filer på datamaskina di under eksamen. Ein kan ha tilgang til spesifikke nettsider, lovdata, digital kalkulator o.l. i WISEflow dersom eksamensoppgåva krev det. Før du skal ha ein slik låst skuleeksamen lastar du ned ein nettlesar som låser datamaskina di til ein eigen nettlesar kalla FLOWlock. 

Krav til utstyr og nedlasting av FLOWlock

Digital skuleeksamen der ein nyttar spesiell programvare eller hjelpemiddel (open skuleeksamen)

På nokre eksamenar der du skal nytte andre verktøy og programvare enn det WISEflow kan tilby kan det hende eksamenssituasjonen krev at du leverer ei fil som eksamensbesvarelse – tilsvarande ved innlevering av ein heimeeksamen. På skuleeksamen vil det vere krav om å skrive inn passord for å få starte eksamen, og dette får du i eksamenslokalet.

Device monitor

Sidan datamaskina di ikkje kan låsast med FLOWlock-nettlesar når du skal bruke andre verktøy eller programvare på eksamen skal du i staden laste ned WISEflow Device Monitor. Device Monitor tar skjermbilde under eksamen og sikrar at eksamen blir gjennomført på trygt vis. Sjå meir informasjon om Device Monitor. 

Det er viktig å førebu seg godt før eksamen

Tilrettelagt eksamen

Har du fått innvilga tilrettelagt eksamen med pc og skrivestøtteprogram? Slik fungerer det på digital skuleeksamen.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema