Praksis i ergoterapi

Her finn du praksisinformasjon til deg som er student ved ergoterapiutdanninga.

Før praksis må du lese studieplan, emneplanen for det aktuelle praksisemne og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.

Praksisperiodar for studieåret 2024/25

I denne lenken finn du tidspunkt for praksisperiodar studieåret 2024/2025.

Tildeling av praksisplass

Vi hentar inn praksisplassar for alle studentar. Det er gjort ei geografisk fordeling mellom dei fem ergoterapeututdanningane i Noreg. For Høgskulen på Vestlandet er Vestland og delar av Agder aktuelle for praksisstudier.

Når alle praksisplassane er klare og innvilga tilrettelagte plassar reservert, vert plassane valde av studentane i ei allereie bestemd rekkefølgje. Praksis i somatisk spesialisthelseteneste kan berre veljast ein praksisperiode i løpet av de tre studieårene. Same praksisstad kan heller ikkje veljast fleire gonger. Dette for å ivareta ei så brei praksiserfaring som mogleg i løpet av utdanninga for alle studentar.

Les meir om kvar du kan ha praksisplass

Du vil i hovudsak få praksisplass på Vestlandet eller deler av Agder. 

Arbeidstid og turnus

Du følger same arbeidstid som rettleiar. Ved nokre praksisplassar må du difor rekne med å arbeide turnus, med tidleg og seinvakter.

Tilrettelegging av praksis

Om du har behov for særleg tilrettelegging i praksis eller praksis på ein bestemt stad, finn du meir informasjon på nettsida om tilrettelegging av praksis.

Kven har ansvar for kva i praksis

Når du som student er i praksis er det tre samhandlingspartnarar: student, praksisrettleiar ved praksisstaden og praksislærar ved HVL. Alle tre må samarbeide og har sine ansvarsområde.

Ditt ansvar som student

Som student har du følgjande ansvar og oppgåver

  • Kontakte praksisrettleiar før praksisperioden startar for å avtale oppmøtetid og stad.
  • Utarbeide «Mål og plan» i samråd med praksisrettleiar, og sende denne til praksislærar innan avtalt frist.
  • Gjennomføre arbeidsoppgaver beskrevet i emnebeskrivelsen.
  • Avtal tid og stad for rettleing kvar veke i samråd med praksisrettleiar, og vere førebudd til rettleiinga.
  • Ta imot tilbakemelding frå praksisrettleiar og bruke denne konstruktivt.
  • Vere engasjert i dei daglege arbeidsoppgåvene på praksisstaden.
  • Sikre at midtvegs- og sluttvurdering blir gjennomført saman med praksisretteiar.
  • Sende inn midtvegs- og sluttvurdering til praksislærar. Midtvegsvurdering leveres i Canvas, mens sluttvurdering leveres via Wiseflow.

Dersom det oppstår problem, ta det opp med praksisrettleiar og bring inn praksislærar om nødvendig. Viss ikkje rettleiar er aktuell å ta opp problema med, må du involvere praksislærar. Jo tidlegare ein tek opp vanskane, jo lettere kan det være å ordne opp i dei.

Praksisrettleiar sitt ansvar

Som praksisrettleiar har du følgjande ansvar og oppgåver

  • Avtale oppmøtetid og stad med studenten før praksisperioden startar. Studenten har ansvar for å ta kontakt med praksisrettleiar om dette.
  • Diskutere «Mål og plan» med studenten, avklare forventningar og praksisstaden sine moglegheitar. Rettleie studenten i å formulere mål og plan for praksis.
  • Fastsette tid og stad for rettleing kvar veke - ein time - til diskusjonar, tilbakemelding og rettleiing. Det er en fordel å avtale emne/problemstilling på forhånd, slik at begge kan førebu seg. Det er viktig at studenten får svar på spørsmål undervegs.
  • Vere tilgjengeleg for studenten og oppmuntre til utvikling gjennom dei ulike stadiene i praksis.
  • Gi råd til studenten i i det faglege arbeidet og moglegheit til å drøfte planar for eigen handlemåte, behandlingsopplegg og tiltak før dei blir satt i verk.
  • Hjelpe studenten undervegs i praksis til å sjå kor han/ho står i læringsprosessen, bevisstgjere studentenane sine ressursar, klargjere læringsbehov og legge forholda til rette for fagleg utvikling, slik at det blir progresjon i den sjølvstende som er forventa av studenten.
  • Fylle ut aktuelle punkt i midtvegs- og sluttvurdering.
  • Foreta løpende skikkavurdering.

Ansvar ved oppgåveskriving

Det er studenten sitt ansvar å skrive oppgåver i forbindelse med praksis. Som praksisrettleiar skal du berre legge til rette for at at det blir mogleg for studenten å skrive oppgåva. Du bør også vere villig til å svare på spørsmål om aktuell bakgrunnsinformasjon, eventuelt kor slik informasjon finnes.

Ytterlegere ansvar for rettleiing på oppgåveskriving ligger hos høgskulen og studenten sin praksislærar.

Praksislærar sitt ansvar

Som praksislærar har du følgjande ansvar og oppgåver

  • Vere ergoterapeututdanningen sin kontakt for den konkrete studenten, praksisrettleiaren og praksisstaden.
  • Vurdere og gi respons på studenten sitt læringsmål og plan for praksisperiode.
  • Rettleie og vurdere studenten sin læringsprosess og fungering på praksisstedet, i samråd med praksisrettleiar.
  • Gjennomføre digitalt møte midtvegs i praksisstudiet.
  • Rettleie studenten på de skriftlege oppgåvene studenten skal skrive.
  • Ved behov, vere samtalepartnar for praksisrettleiar i spørsmål om rettleiing.
  • Bidra til å løyse eventuelle samarbeidsproblem mellom student og praksisrettleiar.
  • Holde deg orientert om studenten sine prestasjonar i praksisstudiet.

Mål og plan

Som student har du ansvar for å utarbeide «Mål og plan», i samråd med praksisrettleiaren din. Mål og plan må du sende inn til kontaktlærar ved høgskulen for godkjenning innan avtalt frist.

Slik utarbeidar du "Mål og plan"

Mål og plan skal beskrive kva du som student skal ha fått av kunnskap og erfaringar når praksisperioden er gjennomført. Måla tek utgangspunkt i læringsutbytta for kvart praksistudium. Disse finn du i emnebeskrivingane. Førebuing i undervisning før praksis kan også gi innspel til måla du set deg, i tillegg til personlege mål.

Ta utgangspunkt i læringsutbytta og moglegheitane du har på praksisstaden. Vel ut nokre læringsutbytte. For dei valde læringsutbytta formulerer du:

Mål - Det du skal oppnå/lære i praksis. Målet skal være spesifikt, målbart, anvendbart/oppnåelig og realistisk. 

Korleis - Konkretiser kva aktivitetar du skal gjera for å nå målet.

Kven - Kven skal du samarbeide med for å nå målet?

Når - Måla skal vere tidsavgrensa. Du bør tilstrebe å fordela tidspunkt for måloppnåelse på dei ulike måla gjennom praksisperioden.

Ikkje ha for mange mål. Det er anbefalt at du har to mål innan kvart av målområda: kunnskap, ferdigheit og genrelle kompetanse. Formuler måla dine presise og observerbare. Då er det lettare å vurdere måla ved midtvegs- og sluttevaluering.

Skjema for mål og plan

Skjema for mål og plan vert publisert i Canvas. Du som student skal sende skjemaet til praksisrettleiar før kvar praksisperiode.

Om mål og plan

Mål og plan skal organisere studenten sin læring i praksisperioden. Den skal vere:

  • eit konkret utgangspunkt ved midtvegs- og sluttvurdering.
  • eit hjelpemiddel for å konkretisere om det er omgjevnaden  som hindrer eller stimulerer læring, eller om det er forhold hos studenten  
  • skal gjere arbeidet motiverende og meningsfylt, fordi studenten veit kva som skal prioriteres i praksisperioden.

I tillegg brukes skjema for midtvegs- og sluttvurdering som ei hjelp for eventuelt å gripe fatt i meir personlege forhold hos studenten.

Vurdering av praksis

Ein vurdering av studenten i praksis skjer midt i og ved avslutning av praksisperioden.

Ved midtvegs- og sluttvurdering tar praksisrettleiar og student utgangspunkt i:

  • Generelle læringsmål for praksisperioden
  • Studenten sine læringsmål og plan for praksisstudiet
  • Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning

Både studenten sin eigenvurdering og praksisrettleiar sin vurdering skal kome klart fram i vurderinga. Det skal også konkretiserast kva studenten bør arbeide vidare med.

Midtvegsvurdering

Midtveisvurderinga er munnleg med skriftleg konklusjon, om studenten har forventa eller ikkje-forventa progresjon så langt i praksisperioden. Vurderinga bør gjennomførast halvvegs i praksisperioden, og før avtalt digital praksisoppfølging med praksislærar. 

Før midtvegsvurderinga fyller studenten ut punkta om eigenvurdering knytt opp mot læringsutbytta i vurderingsskjemaet. På grunnlag av dette gjennomførast ein munnleg midtvegsvurdering. Praksisrettleiar konkluderer skriftleg i vurderingsskjemaet om studenten har forventa eller ikkje forventa progresjon i praksisstudiet, og kommenterer på aktuelle punkt i skjemaet.

Ved midtvegsvurdering kan det gjerast justering av læringsmål og plan når ein ser at dette er nødvendig. Store endringar tas opp med praksislærar. Eventuell kopi av justert «mål og plan» sendast til praksislærar så snart som mogleg.

Studenten har ansvar for å sende inn vurderingsskjemaet til høgskolen innan gitt frist.

Sluttvurdering

Sluttvurdering er både munnleg og skriftleg. Vurdering og konklusjon skal skrivast ned på eigne skjema av praksisrettleiar og studenten.

  • Praksisrettleiar anbefaler praksisperioden som bestått eller ikkje-bestått siste praksisdag.
  • Både praksisrettleiar og student signerer på vurderingsskjemaet.
  • Studenten laster opp vurderingsskjemaet i WISEflow umiddelbart etter praksisslutt.
  • Kontaktlærar ved høgskulen vurderer om praksisperioden er bestått eller  ikkje-bestått.
  • Sensur blir registrert tre veker etter at praksisperioden er avslutta. 

Ved tvil om bestått praksis

Oppstår det tvil om praksis kan vurderast til bestått, har praksisrettleiar plikt til å kontakte praksislærar umiddelbart. For meir informasjon om rutinen i slike saker, sjå:

Klageadgang ved vurdering i går fram av universitets- og høgskoleloven §5-2  og 5-3. Studentar kan klage på formelle feil, men ikkje vurdering av praksisstudier.

Vurderingsskjema for ergoterapi

Vurderingsskjema vert publisert i Canvas. Du som student skal sende skjemaet til praksisrettleiar før kvar praksisperiode.

Arbeidstid, turnus og raude dagar 

Som houvdregel skal du følge arbeidstida til praksisrettleiaren din. Nokon studentar vil ha vaktar på dagtid, andre turnus, langvakter eller medleverturnus (heildøgnturnus). Normalt avtaler du turnus ved praksisstart med praksisrettleiar og kontaktlærar. 

Meir om arbeidstid, turnus og raude dagar

Avsatt tid til sjølvstudium skal tilpasses arbeidsrutinar på praksistaden, og er noke student og rettleiar blir enige om.

Det vert normalt ikkje forventa at du er i praksis på bevegelege heilagdagar. Tal på timar for praksis/lengde på praksis kjem fram i emneplanen, og gjeld uavhengig av heilagdagar i samband med høgtider (raude dagar).

Som student må du sørge for at du har nok timar til å få godkjent praksis. Fråvær meir enn 10% fører til ikkje godkjend praksisperiode. Turnus skal  normalt være jevnt fordelt gjennom praksisperioden, du kan difor ikkje samle opp timar og ta ut friperiodar.

Medlevarturnus er aktuelt på nokre praksisplassar/institusjonar. Det betyr at dei tilsette har ei turnusordning der dei har vakter som går over fleire døgn, og deretter ein friperiode.  Ingen studentar kan bli pålagt å ta praksis med medlevarturnus. 

Langvakter er aktuelt på nokre praksisplassar. Det vil seie at ein har færre, men lengre vakter. Vaktene ofte er 12 timar eller meir. Studentar kan ikkje bli pålagt langvakter. Men dersom slik turnus er aktuell på praksisstaden kan det avtalast mellom student, praksisrettleiar og praksislærar.

Sjå også: Krav til oppmøte i praksis

Arbeidstøy, hygiene og mobilbruk

Det vert stilt særskilte krav både til bruk av arbeidstøy og til hygiene når du er student i praksis. Generelt skal du framstå og kle deg nøytralt og hensiktsmessig. Privat bruk av mobil skal som hovudregel ikkje nyttas i arbeidstida.

Meir om arbeidstøy og hygiene

Arbeidsklede og sko

Nokre praksisstader krever uniform, dette får du som regel låne på praksisstaden. På andre praksisplassar går alle sivilt kledde, og du må sjølv sørge å kle deg nøytralt og hensiktsmessig.

Velg alltid gode innesko som gir god støtte for foten. Sko og sokkar skal vere reine.  

Dersom du bruker hijab og skal ha praksis der dei krever uniform, må du kontakte praksisstaden seinast 10 dagar før praksis, slik at dei eventuelt kan bestille hijab på førehand.

Namneskilt

Skal du ha praksis på sjukehus, sjukeheim og liknande må du skaffe deg namneskilt med fornamn og etternamn, og kva studium du er student ved. 

Røyking, snus og alkohol

Røyking og snusing er ikkje tillatt. Du kan ikkje innta alkohol eller andre rusmiddel åtte timar før arbeidsdagen startar. Sjå helsepersonelloven §8. Pliktmessig avhold

Hender og neglar

Hender skal alltid vere reine, og negler skal vere korte, velstelte og utan lakk. 

Hår, skjegg og bart

Hår, skjegg og bart må vere reint og velstelt. Skjegg og bart skal vere kort. Langt hår skal vere i hestehale eller liknande.

Smykker m.m.

Av hygienegrunner er det ikkje tilatt å ha på smykker, øyredobbar, ringar eller armbåndsur. 

Kosmetikk

Sminke skal vere diskre. Deodorant og hudkrem bør vere uparfymert. 

Mobil og nettbruk

Bruk av privat mobil skal vere moderat, og skal ikkje brukes i kliniske situasjonar. Dersom du av private grunnar må være tilgjengleg på mobil, må du avtale dette med praksisrettleiar. Bilete eller omtale frå praksisstaden skal du ikkje dele med andre eller legge ut på sosiale medium, om det ikkje er klarert på førehand.

Rettleiingsamtale og praksisoppfølging

Som student skal du ha rettleiingsamtale ein gong i veka med praksisrettleiaren din. I tillegg skal praksislærar frå høgskulen ha digital oppfølging. 

Om rettleiingssamtale

Student og rettleiar skal sette av minst ein time per veke til rettleiingstime. Tidspunkt for timen, individuelt eller i gruppe, blir avtalt mellom studenten og rettleiar.

Som student må du møte førebudd til rettleiingstimane. Stikkord om tema du ønsker å ta opp, leverer du til praksisrettleiar seinast dagen før timen.

Forslag til aktuelle tema for rettleiingtime

Rettleinga må sjåast i samanheng med kvart praksisstudium sitt fokus, mål og innhald, samt studentane sine eigne mål for praksis. Aktuelle tema:

  • Studenten si utvikling som eit fagleg orientert og profesjonelt menneske:
    • Studenten sitt forhold til og forståing av klienten
    • Studenten si forståing av seg sjølv knytt til hjelparrolla og studentrolla
    • Studenten si forståing av seg sjølv i kommunikasjon med andre  (innlevingssevne, intuitiv evne, samarbeidsevne o.l.)
    • Studenten sitt ansvar for å hente inn og oppdatere seg på nødvendig fagkunnskap
  • Studenten si evne til å fungere forsvarleg og lærevillig i praksis:
    • Forståing av praksisstaden sine funksjonar
    • Evne og engasjement når det gjeld å bruke ressursar som fins på praksisstaden
    • Initiativ og engasjement i å hente inn og friske opp kunnskap
  • Studenten sitt ansvar for eiga læring:
    • Evne til å vere sjølvstendig
    • Evne til å gje adekvat kritikk av rettleiar sitt rettleiingstilbod
    • Møte med ukjente tema, beredskap
  • Kva må studenten jobbe med no og vidare framover – fagleg og personleg

Om praksisoppfølging

Praksisoppfølging går føre seg digtialt i alle tre praksisperiodar omtrent midtvegs i praksisperioden. Praksisoppfølginga vil vere ein samtale mellom praksislærar, student og praksisrettleiar, og tek vanligvis en time. Innanfor tidsramma er det og anledning for ein samtale på tomannshand mellom praksislærar og praksisrettleiar, og kontaktlærar og student.

I spesielle tilfeller, ved samarbeidsproblemer eller dersom studenten står i fare for å få underkjent praksisperioden, kan det være aktuelt med praksisbesøk.

Mål for praksisoppfølging

  • Å ivareta studentens, rettleiaren og ergoterapeututdanningen sitt behov for informasjon og veiledning
  • Å belyse og diskutere studentane sin læresituasjon og fungering i praksis
  • Å bevisstgjere, rettleie og vurdere studenten sin læringsprosess
  • Å vedlikehalde kontakten mellom ergoterapeututdanninga og praksisfeltet

Forslag til tema eller innhald ved praksisbesøket   

  • Studenten sin læresituasjon og fungering i praksis
  • Studenten sine læringsmål og plan
  • Studenten sin arbeidskvardag og arbeidsoppgåver
  • Gjennomgang av midtvegsvurdering
  • Planlegging av siste del av praksisperioden
  • Studenten si gjennomføring
  • Rettleiing dersom studenten skal levere skriftleg oppgåve
  • Faglege emne som arbeidsmodellar, referanserammer, ergoterapiteoriar osb.
  • Informasjon om praksisstaden
  • Ergoterapeutar sine yrkesetiske retningslinjer

Sei ifrå:

Som student skal du kunne seie ifrå om kritikkverdige tilhøve som mobbing, seksuell trakassering, diskriminering eller andre kritikkverdige forhold når du er i praksis. Sjå meir på hvl.no/sei-ifra

Dette må alle kjenne til:

 

Kontakt oss:

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS