Velkommen som ny student ved HVL i Bergen

Her kjem det oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Studiestart studieåret 2024–2025 vil vere frå og med måndag 12. august 2024, men akkurat kva for dag du skal møte opp kan variere.

Oppstartsarrangementet 12. august er primært for nye studentar på bachelorprogramma. Nye studentar på forkurs, masterprogram, vidareutdanningar, års- og halvtårsstudium kan ha oppstart andre dagar.

Program for velkomstveka i Bergen

Måndag 12. august

Måndag er det studiestart og velkomstseremoni på campus!

09.00–11.00: Møte med studieprogrammet ditt og faddergruppene. Sjekk kor du skal møte opp:

11.00–11.45: Velkomstseremoni for studentar, tilsette og fadrar, utandørs på Kronstadplassen.

12.00–13.00: Matservering for studentar og fadrar. 

13.00–14.00: Utdeling av fadderband.

14.00: Fadderarrangement, sjå eige program.

Tysdag 13. august

10.15–14.00: Fagleg opplegg for alle studieprogram.

14.00: Alkoholfrie fadderaktivitetar på campus.

Kveld: Fadderarrangement – konsert på Kronstadplassen.

Studentorganisasjonar/linjeforeiningar/studentdemokratiet/læringslab står på stand på campus denne dagen.

Onsdag 14. august

10.15–14.00: Fagleg opplegg for alle studieprogram

14.00: Alkoholfrie fadderaktivitetar på campus.

Kveld: Fadderarrangement utanfor campus, sjå eige program.

Studentorganisasjonar/linjeforeiningar/studentdemokratiet/læringslab står på stand på campus denne dagen.

Torsdag 15. august

10.15–12.00: Fagleg opplegg for enkelte studieprogram.

10.00–17.00: Saman studentliv har studenttorg i Grieghallen.

12.00: Alkoholfrie fadderaktivitetar på campus.

Kveld: Fadderarrangement utanfor campus, sjå eige program.

Studentorganisasjonar/linjeforeiningar/studentdemokratiet/læringslab står på stand på campus denne dagen.

Fredag 16. august

10.15–12.00: Fagleg opplegg for enkelte studieprogram.

12.00: Idrettsdag på idrettsbana.

17.00: Hallaien – konsert på Koengen, Bergenhus festning.

Studentorganisasjonar/linjeforeiningar/studentdemokratiet/læringslab står på stand på campus denne dagen.

Er du student på master, vidareutdanning, PPU, dykkarutdanning, realfagskurs eller forkurs?

Disse utdanningane har eigne program, og kan ha oppstart ein annan dag enn 12. august. 

Er du ikkje ny student?

Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart. 


Har du spørsmål? 

Eller chat med boten Mime! Chatten finn du nedst i hjørnet.

Mellom kl. 08.00–15.00 er du også alltid velkommen til å ringe Servicetorget55 58 58 00.

Servicetorget i Bergen

E-post: servicetorget@hvl.no

Telefon: 55 58 58 00