
Velkommen som ny student ved HVL i Sogndal
Her finn du oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Studiestart studieåret 2025-2026 vil vere frå og med måndag 11. august 2025, men akkurat kva for dag du skal møte opp kan variere.
Oppstartsarrangementet 11. august er primært for nye studentar på bachelor, årsstudium og den femårige lærarutdanninga. Nye studentar på masterprogram, deltidsutdanning, vidareutdanning og halvtårsstudium kan ha oppstart andre dagar.
Fadderaktivitetar
Under studiestart er det også mange fadderaktivitetar.
Skal du starte på økonomi og administrasjon eller eigedomsmekling?
Kurs i matematikk
Vi anbefaler at studentar som har P-matte frå vidaregåande deltar på kurset. Studentar som har S- eller R-matte som føler dei har gløymt mykje, bør også delta på kurset. Emnet du skal ha (BØA111 Matematikk for økonomar) krev gode forkunnskapar i matematikk, og det er lurt å vere forberedt.
Tidspunkt kjem.
Stad: Auditorium Sognefjorden (F300) i Fossbygget.
Det er ikkje påmelding til kurset. Dersom du har spørsmål, kan du sende e-post til Philip Toney.
Er du student på forkurs, PPU, master, deltids- eller vidareutdanning?
Desse utdanningane har eigne program, og kan ha oppstart ein annan dag enn 11. august.
Er du ikkje ny student?
Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart.
