Studiestart i Sogndal

Studiestart for nye studentar er 10. august, og vi gler oss stort til å sjå mange nye studentar på campus!

Velkommen til studiestart

Vi førebur ein god og trygg studiestart for alle, med både fadderopplegg og undervisning på campus. Slik som situasjonen er no, planlegg vi for ein god kombinasjon av fysisk og digital undervisning. På oppstartsdagen blir alle som vil det delt inn i faddergrupper og får utdelt fadderband. Sjekk ut fadderprogrammet!

Oppstartsprogram og timeplan

Studiestart for nye studentar på årstudium, bachelorstudium og grunnskulelærarutdanning er 10. august kl. 10.00. 

Oppstartsprogram 10. august og timeplan

Her finn du oppstartsprogram for studiet ditt 10. august og timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk timeplanen igjen veka før studiestart. Lenka til oppmøtekartet viser kor du skal møte kl. 10 måndag.

Nettstudium

Oppstart for nettstudia i historie vil vere tysdag 11. august. Sjølv om studiet startar på tysdagen, må du hugse å gjennomføre oppstartsregistreringa på måndagen. Sjå informasjon om registreringa nedanfor. 

NB! Det kan bli endringar, så sjekk timeplanen igjen veka før studiestart.

  • Historie, årsstudium nett:
    • Tysdag 11. august kl 12.00-15.00: Velkome og informasjon ( Zoom-lenke kjem seinare)
    • Onsdag 12. august kl 09:00–11:00: Oppstart fag (Zoom-lenke kjem seinare)
    • Torsdag 13. august kl 09:00–12:00: Oppstart fag (Zoom-lenke kjem seinare)
    • Timeplan frå 17. august 
  • Historie, bachelor, nett:
    • Tysdag 11. august kl 12.00-15.00: Velkome og informasjon ( Zoom-lenke kjem seinare)
    • Onsdag 12. august kl 09:00–11:00: Oppstart fag (Zoom-lenke kjem seinare)
    • Torsdag 13. august kl 09:00–12:00: Oppstart fag (Zoom-lenke kjem seinare)
    • Timeplan frå 17. august 

Masterutdanningar, vidareutdanningar, deltids- og nettstudium kan ha seinare oppstart enn 10. august:

Er du allerede student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart og timeplanen din i TimeEdit frå 3. juli. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart. 

Registrer deg oppstartsdagen

Det blir fysisk oppmøte på campus på oppstartsdagen for alle som kan møte, basert på gjeldande smittevernreglar, og kjenner du deg sjuk skal du ikkje møte opp på campus. Møtt-registreringa er obligatorisk og digital, og vil vere frikopla frå det som skjer fysisk på campus. Alle studentar som tar fatt på ei utdanning ved HVL no i haust, må registrere at dei har møtt opp til studiet, enten dei møter opp fysisk eller ikkje. Du kan miste studieplassen om du ikkje registrerer deg til rett tid. Du vil få tilsendt ein SMS med ein oppmøte-kode, og du gjer registreringa  på hvl.no/reg.

Har du fått studieplass gjennom Samordna opptak må du registrere deg måndag 10. august innan kl. 16.00. Du får tilsendt oppmøtekoden på SMS måndag morgon. Dersom du har fått plass i det lokale opptaket får du tilsendt SMS same dag som du startar på studiet, og du må registrere deg innan kl. 16.00 denne dagen.

For enkeltemnestudentar er det ikkje obligatorisk oppmøte eller registrering. For å behalde studieplassen på enkeltemne må du semesterregistrere deg og betale semesteravgifta innan fristen.

Kart over stands 10. august