Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Prioriteringsliste for søkjarane:
1) Fullført lærarutdanning
2) Høgare utdanning med språkfag i fagkrinsen
3) Søkjarar med generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilleggskrav
Korleis søke:
- Logg inn i Søknadsweb
- Velg optak "Vidareutdanning og halvtårsstudium"
- Så vel du "Vidareutdanning høst"
- Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studietypekode over).
- Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
- Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava
- Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.
Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon
Om å søke opptak til HVL
Kven passar utdanninga for?
Studiet rettar seg mot lærarar som underviser minoritetsspråklege deltakarar i norskopplæringa i Noreg. Dette studiet tar sikte på styrke lærarane sin faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse overfor denne målgruppa.
Kva lærer du?
Studiet skal gi lærarar ei auka innsikt i vaksenpedagogiske problemstillingar, ein auka kompetanse i å utvikle elevane sine norskferdigheiter, ei styrka evne til å legge til rette for god lese- og skriveutvikling og ferdigheiter i å støtte tileigninga av kunnskap på andrespråket.
Vidareutdanninga består av to emne som byggjer på kvarandre, og du må ta haustemnet før du kan ta emnet som går om våren.
- UVN801 Norsk som andrespråk i voksenopplæringa, del 1
- UVN802 Norsk som andrespråk i voksenopplæringa, del 2
Studiet er særleg aktuelt etter at det i 2021 vart innført ny integreringslov med nye kompetansekrav til lærarar.
Stipendordning
Lærarar som underviser i norsk etter introduksjonsloven kan søke stipend for å ta denne videreutdanninga via. Les om ordningen på hkdir.no
Fristen for å søke stipend er 1. mars. Stipendordninga er forvalta av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Du søker sjølv om opptak til studiet ved høgskulen uavhengig av stipendsøknaden.
Praktisk informasjon
Undervisnings- og læringsform
Studiet er samlings- og nettbasert og går over to semester (haust og vår). Samlingane er obligatoriske og ein del av pensum på studiet. Det er forventa at studentane skal arbeida både på nettet og på eiga hand mellom samlingane. På samlingane vil det i hovudsak vera informasjon, forelesingar og ulike former for erfaringsutveksling.
Samlingsdatoar
Høst 2024
- Uke 35:
Onsdag 28. august kl. 14.15-19.00
Torsdag 29. august kl. 8.30-15.30
Fredag 30. august kl. 8.30-15.30 - Uke 43:
Onsdag 23. oktober kl. 14.15-19.00
Torsdag 24. oktober kl. 8.30-15.30
Fredag 25. oktober kl. 8.30-15.30 - Uke 47:
Torsdag 21. november kl. 14.15-19.00
Fredag 22. november kl. 8.30-15.30
Vår 2025
- Uke 3:
onsdag 15. januar, kl. 14.15-19.00
torsdag 16. januar, kl. 8.30-15.30
fredag 17. januar, kl. 8.30-15.30 - Uke 11:
onsdag 12. mars, kl. 14.15-19.00
torsdag 13. mars, kl. 8.30-15.30
fredag 14. mars, kl. 8.30-15.30 - Uke 19:
torsdag 8. mai, kl. 14.15-19.00
fredag 9. mai, kl. 8.30-15.30
Vurderingsform
- Emne 1: Skriftleg skuleeksamen på 6 timar
- Emne 2: Heimeeksamen på 10 dagar
Pensum
Du får informasjon om pensum ved studiestart.