To menn sitter vet et bord med bærbare pcer foran seg. De ser på hverandre.

Forhandlinger og konfliktforståelse

Vidareutdanning på bachelornivå

I organisasjonar er konflikt og forhandlingar to fenomen som dei fleste held seg til dagleg i ulike samanhengar. I dette kurset vil du få både praktisk og teoretisk innsikt i korleis du kan nærme deg dette på konstruktive måtar.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Kvifor studere forhandlingar  og konfliktforståelse?

    Konfliktar kan skape utfordringar og vere øydeleggande, men dei kan også vere utgangspunktet for innovasjon og ny innsikt. Det er viktig med ei god forståing av årsaker til konfliktar og korleis dei utviklar seg. I følge konflikteori er det sjølve handteringa som er avgjerande for om konfliktar får positive eller negative konsekvensar.

    Studiet gir ei grundig forståing for ulike forhandlingssituasjonar og sentrale dilemma i forhandlingar. Det vil bli praktiske øvingar og teoretiske forelesningar om både distributive og integrative forhandlingssituasjonar, samt fleirpartsforhandlingar. Det vil fokuserast på korleis ein kan utvikle avtalar av god kvalitet gjennom forhandlingsprosessen.

    Kva lærer du?

    • Du får teoretisk og praktisk kunnskap om konfliktar og konfliktdynamikk og korleis dette kan påverke organisasjonar.
    • Kjennskap til sentrale begrep innanfor forhandlings- og konfliktteori.
    • Korleis forhandlingsteori kan brukast til å utvikle gode avtaler.
    • Analysere og forhalde seg til ein konfliktsituasjon og foreslå konstruktive måter å handtere konflikten på
    • Forberede ulike forhandlingssituasjonar og tilpasse strategiar til desse.
    • Gjennomføre ein forhandlingsprosess
    • Vere merksam på etiske utfordringar knytta til konflikt- og forhandlingssituasjonar.

    Du finner meir informasjon i emneplanen

    Målgruppe

    Emnet passar for deg som ønsker å lære meir om forhandlingar og få auka forståing for konfliktar.

    Emnet blir tilbydt i samarbeid med utdanningsselskapet Addisco, som er eid av forbundet Styrke.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Videoar, seminar, gruppearbeid, gruppeøvelsar, gruppepresentasjonar

    Samlingar

    Det blir tre helgesamlingar ved campus Bergen våren 2025:

    • 24.-26.01.2025
    • 07.-09.03.2025
    • 04.-06.04.2025

    Tidspunkt for den enkelte samlinga:

    • Fredagar kl. 16:00 – 20:00
    • Lørdagar kl. 09:00 – 17:00 (med ein times lunsj midt på dagen)
    • Søndagar kl. 09:00 – 14:00

    Du som student vil få servert eit enkelt måltid fredag før kursstart, samt lett lunsj lørdag og søndag. 

    Pensum

    Informasjon om pensum kjem 

    Studieavgift og betaling

    Studieavgifta inkludera sjølve studiet, samt enkelt servering fredagar og lunsj laurdagar og søndagar på samlingane. Utgifter til bøker og litteratur kjem i tillegg. 

    Semesteravgift til studentsamskipnaden Sammen er valfri å betale for deg som tar vidareutdanning. Om du betalar semesteravgift vil du kunne få studentbevis, som kan gje deg studentrabatt ved til dømes kollektiv transport. For å kunne få stønad frå Statens Lånekasse, må semesteravgifta vere betalt. Les meir om semesteravgift her. 

    Du vil få tilsendt faktura for studieavgifta etter første samling.

    NB: Medlemmar av forbundet Styrke kan søke om å få dekka kursavgifta av utdanningsselskapet Addisco. Om du er medlem i Styrke, kan du difor først søke om dette via Addisco sine nettsider.

    Merk: Studium med studieavgift har ekstra krav og vilkår knytt til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglane for studium med studieavgift.

    Denne vidareutdanninga kan inngå i eit fleksibelt studieløp der du til slutt kan søkje opptak til bachelor i leiing. Du kan velje å ta eitt og eitt emne om gongen. Når du har samla minst 150 studiepoeng, kan du søkje opptak til bachelor. Les meir om bachelor i leiing her.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs