Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203096
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.
Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote 42,0
- Førstegangsvitnemål 44,0
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere havteknologi?
Ved HVL kan utdanne deg som ingeniør i havteknologi med fordjupning i havbruksteknologi eller petroleumsretta undervassteknologi.
I havbruksteknologi lærer du å forstå samspelet mellom organisme, miljø og teknologi i oppdrettsindustrien. I undervassteknologi lærer du om teknologi for utvinning og behandling av olje og gass, boring og klargjering, i tillegg til drift og vedlikehald av produksjonseiningar.
Begge utdanningsretningane har fokus på overvaking av miljøet, for all utvikling i havet må utførast på ein berekraftig og god måte.
Du kan studere havteknologi på heiltid ved campus Bergen.
Kva kan du jobbe med?
For ein havteknolog er det arbeidsplassar over heile verda. Den tverrfaglege utdanninga gjer deg i stand til å arbeide på ei rekke felt i havrommet, i energisektoren, havbruksindustrien, hos leverandørbedrifter og i rådgivande bedrifter. Du kan også få jobb i annan industri som treng ingeniørar med bakgrunn innan mekanikk og/eller elektronikk.
Lønn: Kva tener ein ingeniør?
Ein ingeniør tener i gjennomsnitt 790 800 kr i året, i følge utdanning.no. Les meir om kva ulike typar ingeniørar tener på utdanning.no.
Korleis er undervisninga?
Undervisninga varierer mellom klasseundervisning, praksis, gruppeoppgåver, laboratorieoppgåver og innleveringsoppgåver. Mange av faga har prøvar undervegs, i staden for tradisjonell eksamen, og det er derfor større krav til jamleg fysisk oppmøte enn ved mange andre studium.
Fleire av faga har engelske lærebøker, og nokre av faga kan bli underviste på engelsk.
Under utdanninga har vi nært samarbeid med næringa, og det er moglegheit for utplassering i praksis, ekskursjonar og oppgåveskriving i ein verdsleiande industri.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald mot slutten av studietida.
Kor kan du reise?
Australia | Queensland University of Technology
Australia | James Cook University
Australia | Griffith University
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT)