Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Høgare utdanning på minimum 120 stp. innanfor teknologiske/økonomiske/IT-fag, inkludert grunnleggande kunnskapar i bedriftsøkonomi, statistikk og organisasjonsfag.
Poenggrense ved forrige opptak
-
Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere logistikk?
Bygg framtida di innan eit etterspurt fagfelt! Årsstudiet i logistikk gir deg konkrete ferdigheiter og ei heilskapleg forståing av forsyningskjeder og operasjonar. Du får innsikt i korleis bedrifter og organisasjonar kan levere varer og tenester på ein effektiv, berekraftig og kostnadsoptimal måte – kompetanse som er sterkt etterspurt i både privat og offentleg sektor.
Studiet er skreddarsydd for å gjere deg klar for utfordringane i moderne logistikk og forsyningskjedeleiing. Du får:
- Ein kombinasjon av teori og praksis gjennom caseløysingar og bedriftsbesøk.
- Gjesteførelesingar frå svært dyktige fagpersonar som deler innsikt frå sitt arbeid og forsking på høgt nivå.
Moglegheit til å lære av ekte erfaringar frå næringslivet gjennom prosjektoppgåver og praktiske eksempel.
Dersom du tek bachelor i økonomi og administrasjon ved HVL campus Bergen, kan du ta logistikk som 3. året ditt.
Kva kan du jobbe med?
Studiet opnar dørene til eit breitt spekter av stillingar, som til dømes:
- Logistikk- eller forsyningskjedeanalytikar
- Innkjøpskoordinator eller spesialist
- Operasjons- eller prosjektkoordinator
- Supply Chain Manager
Gjennom strategisk val av emne kan du skreddarsy utdanninga di for å nå karrieremåla dine.
Korleis er undervisninga?
Undervisninga vekslar mellom forelesingar, oppgåver og caseløysing, gjesteforelesingar og bedriftsbesøk.
Studiet går over to semester, og du vel fem av følgjande seks emne:
- ØAL117: Operations & Supply Chain Management
- ØAL118: Operasjonell strategi og utføring
- ØAL119: Supply Chain Management – Innkjøp og distribusjon
- ØAL120: Kunnskapsstyring i forsyningskjedeleiing
- ØAL121: Nye teknologiar i operasjons- og forsyningskjedeleiing
- ØAL122: Eco Global Operational Management (undervising på engelsk)
Viss du tar logistikk som ein del av bacheloren din, kan du gjennomføre eit internship på 240 timar i samarbeid med ein bedrift, som eit alternativ til bacheloroppgåve.
Praktisk erfaring frå bransjen
Studiet inkluderer bedriftsbesøk som gir innsikt i korleis logistikk fungerer i praksis. I tillegg blir det arrangert gjesteførelesingar med svært fagleg dyktige forelesarar som deler både teoretisk kunnskap og praktiske erfaringar frå bransjen. Dette gjev deg sjansen til å knyte kontaktar i næringslivet og bli inspirert av leiarar og fagpersonar med høg kompetanse.
Lær meir om årsstudiet i logistikk i denne videoen:
Kva lærer du?
Du får kunnskap om:
- Strategiar og praksisar innan innkjøp, distribusjon og kunnskapsstyring.
- Planlegging, design og kontroll av operasjonar og forsyningskjeder.
- Økonomisk berekraft og global operativ leiing.
Du får ferdigheiter til å:
- Identifisere og løyse komplekse problem i forsyningskjeder.
- Bruke moderne teknologi og verktøy for å forbetre effektivitet og berekraft.
- Jobbe strategisk med prosjektleiing og ta informerte avgjerder.
Du får også kompetanse til å:
- Arbeide effektivt i team, kommunisere komplekse idear klart og utvikle tverrfaglege løysingar.
- Forstå betydninga av etikk, sosialt ansvar og berekraft i eit globalt perspektiv.
- Utvikle leiareigenskapar og ein global tankegang for operasjonar i ulike kulturar og marknader.
Utveksling
Kor kan du reise?
Belgia | EPHEC University College