Bøker om det norske lovverk og rett, samfunn og demokrati.

Økonomi og jus

Bachelor

Med bachelor i økonomi og jus får du ei brei og yrkesretta utdanning som kan brukast innanfor arbeidsfelta forvaltning, sakshandsaming, rådgiving, leiing og økonomisk styring. Du får ein etterspurd og unik kompetanse innan økonomi og jus.

Sogndal

Søk studieplass Opnast i ny fane

Opptakskrav og søknad

Søknadskode i Samordna opptak

203526

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Har du årsstudium?

Hvis du allerede har tatt årsstudium i jus, kan du søke deg direkte inn på 2. året. Du søker gjennom Søknadsweb, under "overflytting".

Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere økonomi og jus?

Studiet er sett saman av emne frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda, i tillegg til grunnleggande juridiske emne. Du kan studere bachelor i økonomi og jus ved HVL Sogndal.

Du lærer om:

  • korleis du tolkar og brukar lovreglar inn i konkrete problemstillingar på rettsområde som kontraktsrett, erstatningsrett og tings- og immaterialrett
  • bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi og marknadsføring
  • leiing og strategi

Første studieåret tilsvarar ei årseining i jus. Med fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til andre år. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Dei to neste studieåra er sett saman av emne som dekker minimumskrava for ein bachelor i økonomi og administrasjon.

00

Korleis er undervisninga?

Læringsaktivitetane er varierte og består av forelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver og munnlege presentasjonar. Teori blir kopla til praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.

Lurer du på noko om studentlivet? 

Kvar måndag kan du chatte med ein student mellom kl 11.30-15.00 her på hvl.no. Chatten finn du nederst i høgre hjørnet. 

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Vidare studium etter fullført utdanning

Ein bachelor i økonomi og jus dekkjer dei nasjonale krava til ein bachelor i økonomi og administrasjon. Du kan derfor søke på masterutdanningar innan økonomi og administrasjonsfag og masterutdanningar som gir sidetittelen siviløkonom.

Etter ein fullført bachelor i økonomi og jus kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Eit utvekslingsopphald kan organiserast på ulike vis, ta kontakt med studierettleiar for nærare informasjon. Det arbeidast no med justeringar i studieplanen slik at det skal bli enklare å reise på utveksling eitt semester på 2. eller 3. året.

Andre utdanningar du kanskje vil like