Økonomi og leiing

Alle verksemder treng tilsette med økonomisk-administrativ bakgrunn. Med ei utdanning innan økonomi og leiing får du ettertrakta kompetanse i bedriftsøkonomi, leiing, jus og marknadsføring.

På HVL får du studere i eit aktivt miljø, og lære av dyktige og engasjerte lærarar og forskarar!

Du kan studere økonomi og leiing på ulike måtar: 

Årsstudium

Eit årsstudium varer i eitt år. Dette kan vere ein smakebit på fagområdet før du studerer vidare til ein bachelor. Nokre årsstudium kan gi deg relevant jobb, mens andre kan vere ein del av eit lengre studieløp.

Bachelor

Ein bachelor er ei treårig utdanning. Når du er ferdig med tre år som fulltidsstudent får du ei bachelorgrad.

Master

Ein mastergrad er ei toårig påbygging på bachelorgraden.

Ph.d.

Eit ph.d.-studium er ei treårig forskarutdanning for deg som ønskjer å kvalifisere deg for vitskapleg arbeid og forsking på høgt internasjonalt nivå.