Arbeider tar vare på en eldre

Palliasjon

Vidareutdanning på masternivå

Gjennom vidareutdanninga i palliasjon får du kompetanse som er nyttig når du skal arbeide med alvorleg sjuke og døyande, både i sjukeheim, i dei heimebaserte tenestene og i spesialisthelsetenesta.

Haugesund

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Bachelorgrad i sykepleie og norsk autorisasjon som sykepleier.

    Søknadskode

    1631

    Korleis søke

      • Logg inn i SøknadsWeb
      • Vel opptak "Vidareutdanning og halvtårsstudium"
      • Så vel du "Master/Vidareutdanning helse- og sosialfag"
      • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over) 
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.
      • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Rangering og poeng

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar, og det blir gitt tilleggspoeng for høgare utdanning.
    Det blir ikkje gitt poeng for praksis.

    Informasjon om utrekning av poeng

    Poenggrense forrige opptak

    23,06

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere palliasjon? 

    Utdanninga gir deg kunnskap til å bidra i heile det palliative forløpet i samarbeid med og med respekt for pasienten og pårørande. Dette er kompetanse som det er stort behov for, både i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, og i spesialisthelsetenesta. 

    Kva lærer du? 

    Etter å ha gjennomført studiet vil du ha kunnskap om:

    • Sentrale verdiar, føringar og faglege retningsliner innan palliasjon.
    • Systematisk kartlegging av symptom og behov for hjelp av både fysisk, psykisk, sosial og eksistensiell karakter.
    • Planlegging, gjennomføring og evaluering av symptomlindrande tiltak.
    • Kommunikasjon med og ivaretaking av pasientar og pårørande.
    • Tverrfaglig samarbeid med andre aktuelle profesjonsgrupper i den palliative omsorgen.
    • Optimalisering av livskvaliteten til pasientar og deira familiar i møte med livstruande sjukdom.

    Les meir i emneplanen. 

    Målgruppe

    Studiet er for deg som er sjukepleiar og som jobbar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene og i spesialisthelsetenesta.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Studiet er samlingsbasert og vi legg opp til tre samlingar, totalt 9 dagar. Vi har førelesingar, gruppearbeid, simulering, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.

    Samlingar

    Samlingar våren 2025: 

    18.-20. februar
    11.-13. mars
    22.-24. april

    Eksamensform

    Individuell heimeoppgåve.

    Emnet kan inngå som eit valemne på Master i avansert klinisk allmennsykepleie.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs