Temabaserte opplevingar og storytelling

Vidareutdanning på bachelornivå

Jobbar du i turistnæringa og vil lære korleis du skapar gode temabaserte reiseopplevingar ved bruk av storytelling?

Bergen

Søk studieplass Opnast i ny fane

Kvifor skal du studere temabaserte opplevingar og storytelling?

Reiselivet og turistnæringa er i rivande utvikling, der opplevingar knytt til særskilde interesser er ein sterk trend. Dette emnet gir deg innblikk i korleis du kan bidra til å utvikle denne forma for turisme med konkrete verkemiddel, som blant anna storytelling, på både forretnings- og destinasjonsnivå.

Kva lærer du?

I denne vidareutdaninga vil du lære å bruke storytelling som ein del av ei spesifikk reiseoppleving, eller som del av ei totaloppleving. Du vil kunne identifisere og formidle sentralt fagstoff, planleggje og gjennomføre konkrete arbeidsoppgåver og prosjekt som strekk seg over tid, både åleine og i samspel med andre.

Kurset dekker mellom anna introduksjon til SIT (special interest tourism), marknadstrendar, opplevingsøkonomi og tenesteopplevingar, produktutvikling og historieforteljing i reiselivsverksemder.

Les mer om emne i emneplanen.

Målgruppe:

Emnet rettar seg mot mot deg som arbeider i, eller har interesse for reiselivs- eller turistnæringa, men det er ikkje eit krav.

Praktisk informasjon

Undervisningsform

Dette emne har nett- og samlingsbasert undervisning på norsk. 

Det vil bli to fysiske samlingar i Bergen, i tillegg til digital undervisning. Sjå samlingsdatoar for tidspunkt. 

Som student vil du få forelesninger, delta på seminarer og i gruppearbeid. Bedriftsbesøk og feltarbeid kan forekomme.

Samlingar

Det blir to fysiske 2-dagars samlingar i Bergen for dette emne. I tillegg vert det digital undervisning onsdagar høsten 2025.

Datoar for samlingar:

  • Onsdag 17.09.2025 kl. 14.00-16.00 - digital undervisning
  • torsdag 25.09.2025 - kl. 12.00-18.00 dagssamling på campus Bergen
  • fredag 26.09.2025 - kl. 09.00-15.00 dagssamling på campus Bergen
  • Onsdag 15.10.2025 kl. 14.00-16.00 - digital undervisning
  • Onsdag 22.10.2025 kl. 14.00-16.00 - digital undervisning
  • Onsdag 29.10.2025 kl. 14.00-16.00 - digital undervisning
  • torsdag 07.11.2025 - kl. 12.00-18.00 dagssamling på campus Bergen
  • fredag 08.11.2025 - kl. 09.00-15.00 dagssamling på campus Bergen
  • Onsdag 12.11.2025 kl. 14.00-16.00 - digital undervisning

Det er ikkje lagt opp til undervisning i veke 40 og 41, då det er høstferie veker, men det kan bli lagt ut noko materiell på læringsplaformen Canvas som du som student kan gå igjennom denne perioden.

Vi tek atterhald om at det kan bli endringar av samlingsdatoar.

Pensum

Informasjon om relevant litteratur til dette emne vil bli publisert i Leganto når den er klar, seinast før semesterstart. 

Studieavgift og betaling

Studieavgiften inkluderer undervisning og er knytt til HVL sin leveranse av sjølve studiet. Læremateriell, pensum og anna du treng til studiet, kjem i tillegg. Studieavgifta dekkar heller ikkje reise og opphold.

Semesteravgift til studentsamskipnaden Sammen er valgfri å betale for deg som tar vidareutdanning. For å kunne få stønad frå Statens Lånekasse, må semesteravgifta vere betalt. Les meir om semesteravgift her. 

Merk: Studium med studieavgift har ekstra krav og vilkår knytt til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglane for studium med studieavgift.

Kvifor ta meir utdanning?

Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

  • Ny oppdatert fagleg kunnskap
  • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
  • Personleg utvikling
  • Moglegheit for å byggje nettverk
  • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
  • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
  • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

Andre interessante studietilbod

Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs