Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i vernepleie

Hausten 2024

Vernepleierutdanningen er ein kunnskapsbasert og praksisretta helse- og sosialfaglig profesjonsutdanning som kvalifiserer for utøving av helse-, omsorgs- og velferdstenester i eit livsløpsperspektiv. Utdanning skal sikre kompetanse og haldningar som dannar grunnlag for likeverdige tenestetilbod for alle grupper i samfunnet.

Kandidaten skal ha kompetanse om funksjonsnedsettingar og samfunnsmessige tilhøve som skapar funksjonshemming. Kandidaten skal ha særleg kompetanse innan miljøterapeutisk arbeid, habilitering og rehabilitering, helsefremming og helsehjelp. Vidare skal kandidaten ha kompetanse om samansette behov og utviklingshemming.

Utdanninga gir kompetanse til å samarbeide med brukarar, pårørande, andre tenesteytara og aktørar, for å fremje selvbestemming, deltaking, meistring, helse og livskvalitet på tvers av kontekstar og ulike kulturar.

Utdanninga skal sørge for at samfunnet får kandidatar med nødvendig fagleg kompetanse i innsatsen for at personar med ulike funksjonshindringar har høve til personleg utvikling og livsutfalding på lik linje med andre.

Kandidaten skal etter endt utdanning ha høg etisk medvet, gode interkulturelle kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter. Kandidaten skal kunne arbeide målretta og systematisk for å tilby tenester kjenneteikna av kritisk og innovativ tekning.

Bachelorprogrammet ved HVL er et fulltidsstudium, gir 180 studiepoeng over tre år.

Autorisasjon

Etter fullført utdanning og mottatt vitnemål vil dei kandidatane som er omfatta av autorisasjonsordninga få tildelt autorisasjon jf. § 48. i Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven).

Studieplanen for Bachelorstudiet i vernepleie byggjer på Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanninger og Forskrift om nasjonal retningslinje for vernepleierutdanning

Skikkethetsvurdering
Utdanninga har skikkavurdering. Formålet er å avgjere om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kjem i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering av alle studentar skjer gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering skal skje viss det er grunn til tvil om ein student er skikka. Ein student som ikkje er skikka kan bli utestengt frå utdanninga for inntil fem år, og kan ikkje få vitnemål.

Skikkavurdering er regulert av universitets- og høgskulelova § 12-3, og skikkaforskriften (forskrift om skikkethet i høyere utdanning). For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering.

Politiattest
Alle studentar må legge fram politiattest for å kunne delta i praksisopplæring, jf. Kapittel 6 i Forskrift om opptak til høgare utdanning. Attesten må ikkje vere eldre enn tre månadar.

Studentar som ikkje har levert politiattest kan ikkje starte i praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga.

Læringsutbytte

Kandidaten har etter fullført bachelorstudium i vernepleie følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har brei kunnskap om kommunikasjon, samhandling og samarbeid
  • har brei kunnskap om miljøterapeutisk arbeid, habilitering og rehabilitering
  • har brei kunnskap om samanhenger mellom helse, funksjonshemming, funksjonsnedsettelse og sjukdom i eit individ-, samfunns- og livsløpsperspektiv på tvers av kontekst og ulik kulturell forståing nasjonalt og globalt
  • har brei kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering
  • har kunnskap om forskningsmetode, prinsipp og omgrep for vurdering av vitenskapelig kvalitet

Ferdighet:
Studenten...

  • kan anvende faglig kunnskap for å kritisk diskutere eigen arbeidsprosess og ulike modellar i vernepleiefaglig arbeid
  • kan anvende relevante metodar i kartleggings- og utgreiingsarbeid for å identifisere brukarar sine mål og behov som grunnlag for tiltak
  • kan anvende fagleg kunnskap som bidreg til god folkehelse gjennom helsefremming og sjukdomsforebygging i eit livsløpsperspektiv
  • kan anvende oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og veiledere i sin tenesteutøving for å sikre likeverdige og faglig forsvarlige tilbud til tenestemottakarane
  • kan anvende fagleg kunnskap, relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid og vitenskapelige metoder som grunnlag for å belyse praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe begrunnede valg (i yrkesutøvelsen)

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har innsikt i relevante fag- og etiske problemstillingar i vernepleiaren si yrkesutøving, og kan identifisere, reflektere over og handtere desse i tenesteutøvinga gjennom fagleg skjønn
  • har innsikt i teoriar, prosessar og metodar som kravst for å tilby koordinerte, sammenhengande og kunnskapsbasert miljøterapeutisk arbeid, habilitering og rehabilitering
  • kan planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere forsvarleg helsehjelp i samarbeid med brukarar og andre profesjonar med utgangspunkt i respekten for den enkelte si verdighet og behov
  • kan formidle faglege synspunkt og erfaringsbasert kunnskap knyttet til funksjonshemmeda sine rettar for å bidra til selvbestemming og likeverdig samfunnsdeltaking for personer med funksjonshindringar
  • kan planlegge og gjennomføre nytenkning og tenesteinnovasjon for å bidra til systematiske og kvalitetsforbedrande arbeidsprosessar i samarbeid med brukarar, pårørende, andre tenesteytarar og aktørar

Innhald

Utdanninga er organisert inn i fem kompetanseområder fordelt på 13 emne der kompetanseområda er:

  • Profesjon, etikk og samarbeid
  • Miljøterapeutisk arbeid, habilitering og rehabilitering
  • Helsefremming og helsehjelp
  • Inkludering, deltaking og rettar
  • Kritisk tenkning, kunnskapsbasert praksis og innovasjon

I studiet er praksis ein viktig læringsarena. Studiet inneheld 30 veker veileda praksis fordelt på tre praksisperiodar. Kvar praksisperiode inkluderer praksisførebuingar, midtvegsevaluering og sluttvurdering i etterkant av praksis. Praksisstudia skal medvirke til at studenten aukar forståinga for samanhengen mellom forsking, teori og erfaringsbasert kunnskap.

I studiet er det lagt til rette for internasjonalisering gjennom tilbud om mobilitet, praksis i utlandet, utveksling, valgfrie moduler samt moduler med internasjonalisering heime

Praksis

Praksis er ein læringsform der studenten deltek i ulike yrkessituasjoner og praksisfellesskap. Studenten får trening i å sjå den enkelte situasjon som kilde til ny kunnskap og dermed moglegheit til å reflektere over eigne og andre sina handlinger i yrket.

  • Gjennom praksisperiodane får studenten erfaring med yrket, og ferdigheiter i å samarbeide med forskjellige brukarar og yrkesutøvarar. Minst ein av praksisperiodene bør være i arbeid med mennesker med utviklingshemning.
  • Gjennom veiledning av ein erfaren yrkesutøvar skal studenten lære å sjå at teori og praksis er gjensidig avhengig av kvarandre i yrkesutøvinga. Gjennom refleksjon i samtale med veileder og medstudentar utviklar studenten auka medvit om egen personlege væremåte, og korleis denne kan virke inn på samhandling med andre i si yrkesutøving.
  • Veileda praksis skal bidra til at studenten kan utvikle evna til sensitivitet overfor brukarar sine signal og reaksjoner på sine handlinger. Vidare skal studenten vise evna til å gjere seg nytte av veiledninga ein får i praksis.

Det er Høgskulen som innhentar praksisplassar. Vernepleieutdanninga nyttar seg av praksisplasser i heile Vestland fylke. Studentar må rekne med å flytte for å gjennomføre praksis. Studentene må sjølv skaffe seg hybel og dekke utgifter til reise i praksisperioden. Deler av utgiftene blir refundert etter gjeldande reglement. Reglement og annen informasjon om praksis er tilgjengelig på praksissidene til HVL

Praksisstudiene er obligatorisk, og skal vera 30 veker veileda praksis. Det skal søkjast ei jamn fordeling av arbeidstid gjennom heile praksisperioden. Det er krav om 90 % deltaking og krav til oppmøte kan ikke fråvikast på grunn av sjukdom (jf.Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet)

Omfang av praksis i studiet er 25%.

Arbeidsformer

Utdanninga har som mål å ha god variasjon i undervisningsformer. Avhengig av tema for emna vil det vera førelesingar, førelesingar i kombinasjon med studentaktive læringsformer som seminar, gruppearbeid, workshop, og simulering og framlegg. I alle emnene i utdanninga vil det vera digitale læringsressurser som skal støtte studentane i sin læringsprosess.

Læringsprosessen vert understøtta gjennom deltaking, eigenaktivitet, samarbeid, problemløsning, praksisforberedelser og i praksis. Utdanninga stiller krav til sjølvstende i teoretisk og praktisk arbeid. Val av arbeidsform er tilpasset føremålet til dei ulike delane av studiet ,og skal førebu studentene på krava praksisfeltet.

Studentene lærer å skrive tekstar innan ulike sjangrar. Gjennom skriftlige oppgaver trene seg i teknikker for innhenting av kunnskap, bearbeiding av litteratur, samt strukturering og formidling av kunnskap.

Utdanninga er berekna 40 timars arbeidsveke

Skriftlege oppgåver blir levert i Canvas og blir kontrollert for plagiering.

Vurderingsformer

Vurderingsformene skal sikre at studenten har tileigna seg nødvendige kvalifikasjonar for yrkesutøvelinga, og dokumentere at studenten gjennom studiet held eit tilfredsstillande fagleg nivå. Vurderingsform er forklart i den enkelte emneplan.

Obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen, jamfør forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.

Vurderingsformene som vert nytta i studiet er skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, praktisk-teoretisk eksamen og praksisstudiar.

Vurderingsuttrykk som vert nytta er bestått/ikkje bestått eller gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikke bestått. Praksisemner vurderes til bestått/ikkje bestått.

Krav til studieprogresjon

Sjå emneplaner for meir informasjon om forkunnskapskrav til det enkelte emne. Det kan og vera studieprogresjonskrav innenfor samme studieår.

Studenter som ikkje fyller krav til progresjon, blir flytt ned eit kull og får justert utdanningsplanen for å hente inn manglende progresjon. Ved overgang til nytt kull vil emneplan for det nye kullet være gjeldende.

Internasjonalisering

Studentene har mulighet for utveksling i 5. semester. Studentene kan velge om de vil ta et semester ved et universitet i utlandet eller om de vil ta andre internasjonale emner.

Instituttet har samarbeidsavtalar som vernepleierutdanninga kan nytte seg av ved følgjande institusjonar:

  • Australia | University of the Sunshine Coast , James Cook University, Griffith University
  • Danmark | University College Lillebælt
  • USA | Augsburg University, California State University Monterey Bay
  • Bolivia | Colegio Jesus Maestro
  • Finland | South-Eastern Finland University of Applied Sciences , ARCADA Polytechnic
  • Nederland | INHOLLAND University of Applied Sciences
  • Storbritannia og Nord-Irland | University of the West of England, Bristol
  • Tanzania | Kiwakukki Centre Moshi, Amani Centre Morogoro, Elimu Mwangaza, Mehayo Centre, Muhimbili National Hospital
  • Tyskland | University of Applied Sciences Mittweida

Crossing Borders er eit internasjonalt samarbeid mellom HVL, Mittweida University of Applied Sciences in Germany,Inholland University of Applied Sciences in the Netherlands, University of Southern Maine in the USA, Odissee University of Applied Sciences, Brussel, Belgium og University of the West of England, Bristol, United Kingdom.

Crossing Borders består av to teoretiske emner: General part og Ways to Improve Participation.

General part vert gjennomført på campus Bergen, mens Ways to Improve Participation er studentdriven undervisning der studentar, på tvers av landegrenser, samarbeider via vekentlege videokonferansar. Studentane finn fram til felles forskningsspørsmål, for deretter å utføra et lite feltarbeid/intervju, analyserer data og sammenligner resultatene på tvers av landa. Kvar studentgruppe har lærere fra dei ulike universitetane som veiledere.

Crossing Borders emna er har engelsk som undervisningsspråk, og er eit tilbod også til innkomne studentar.

Organisering

Studiet blir gjennomført ved campus Bergen og campus Sogndal, og er bygd opp av 13 emner. Kvart campus har ein programansvarlig, og kvart emne har ein emneansvarleg. Kven det er framgår av emneplan. Ved gjennomføring av enkelte emner må studentane pårekne mindre utgifter til ekskursjoner i nærområdet.