Leiing i og av utdanningssystem
Endring, læring og utvikling
Gruppa er opptekne av korleis leiarar og yrkesutøvarar i utdanningssektoren arbeider med endring, læring og utvikling. Deira profesjonelle yrkespraksis som leiarar i skular, høgskular og barnehagar framstår som våre naturlege forskingsfelt.
Desse kan konkretiserast som tema slik:
- Utdanningspolitiske diskursar – nasjonalt og internasjonalt
- Spenningar og samhandling mellom nivåa i utdanningssystemet
- Kvalitet, utvikling og vurdering i praksiskontekstar
- Leiing og læring i utdanningssystem
- Profesjonsutvikling og læring i profesjonelle fellesskap
- Kunnskapsprosessar i komplekse system
Det er ikkje «leiarar» i ei smal meining vi er opptekne av, det er meir dei kontekstane, oppgåvene og systema leiararar må forhalde seg til, som er i fokus for gruppa.
Forsking- og utviklingsinteresser
Den sterk tilknytinga til undervisning har prega dei forskingsaktivitetane gruppa har drive med, og gruppa spelar ikkje noko sterk, formell rolle andsynes medlemenes publisering. Dette gjev seg utslag i at mange av forskingsaktivitetane har vore drivne av medlemene, lausrive frå gruppa og kopla til andre forskingsprogram eller satsingar i eller utanfor gruppa. Men gruppemedlemene har likevel sett på dagsorden forsking om undervisning i organisasjon og leiing i brei tyding, og dette vert tydeleg gjenspegla i publikasjonslista vår.
Tre av medlemane deltar aktivt i prosjektet BARNkunne - Senter for barnehageforsking i to av tre overordna forskingstema.
Tema 2: Systemisk leiing og vilkår for barn i barnehagen.
Tema 3: Pedagogisk innovasjon og samskaping og prosjektet EX-PED-LAB.
Systemic knowledge creation organiserer vi det meste av den barnehagerelevante forskinga vår.
To medlemer deltek i Actnow-studien, og rettar særleg merksemd mot koplinga mellom høgre utdanning, yrkesfeltet og forsking.
Fleire av medlemene er aktivt med i Dekomp og Rekomp-satsinga, der ei målsetting for oss er å gjennomføre parallelle forskings- og publiseringsprosjekt med sjølve satsinga.
Fleire av medlemene har tungt ansvar knytt til Den nasjonale rektorutdanninga og andre leiarutdanningstilbod til skular og barnehagar. Gruppemedlemer har i lengre tid publisert tekstar som byggjer på erfaringar med desse leiarutdanningane.
Sjå siste publikasjonar på forskingsgruppa si side i Cristin.
Forskargruppeleiar
Medlemmer:
- Anne Grethe Sønsthagen
- Anne Mette Færøyvik Karlsen
- Bodil Kjesbo Risøy
- Dagmar Andrea Cejka
- Dorthea Sekkingstad
- Hege Eikeland Tjomsland
- Margareth Eilifsen
- Mathias Brekke Mandelid
- Nina Grieg Viig
- Nina Ludvigsen
- Nina Paarup Michelsen
- Oda Notevarp Paulsen
- Osvald Lykkebø
- Paul Otto Brunstad
- Solrun Samnøy
- Thorvald Røneid Moen
- Torunn Herfindal
- Øyvind Glosvik
- Patricia Mannix McNamara
- Ståle Bye Teslo
- Ingelin Burkeland