Arbeid med kvalitet i idrett, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for 1.-13 trinn, kroppsøving og idrettsfag (LUPE)

På denne sida finn du informasjon om arbeid med kvalitet i studieprogram, kvalitet i emne og kvalitet i praksis.

Dokumentasjon av kvalitetsarbeidet for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE

Det er utarbeida eit eige mappesystem i Sharepoint med namn «Dokumentasjon frå kvalitetsarbeid i HVL». All dokumentasjon frå kvalitetsarbeidet til idrett-, friluftsliv-, og folkehelseutdanningane og LUPE skal samlast her. Lenke av referansegruppereferat skal i tillegg leggast synleg i Canvas for studentar. 

Informasjon om studieprogramma

FLKI tilbyr utdanningar innan idrett-, friluftsliv- og folkehelse og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag på studiestadane Sogndal, Bergen og Stord. Følgande studieprogram blir tilbydd ved HVL: 

Følgande studieprogram ligg til studieprogramområdet

Informasjon om studieprogramma

FLKI tilbyr utdanningar innan idrett, friluftsliv og folkehelse og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, kroppsøving og idrettsfag på studiestadane Sogndal, Bergen og Stord. Følgande studieprogram blir tilbydd ved FLKI:

Studieprogramplanar

 

Rammeplanar for høgare utdanning

Forskrift om rammeplan for faglærarutdanninga:

Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Sentrale funksjonar for kvalitet i programma

Studieprogramleiar

Studieprogramleiar: Joar Fossøy

Studieprogramleiar har overordna ansvar for studieprogramma innan idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE, har hovudansvar for oppgåver i linje frå prodekan og er leiar for utdanningsleiinga innan idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE. Studieprogramleiar leiar arbeidet med kvalitet i programmet og sørgjer for at dette er i tråd med HVL sitt system for arbeid med kvalitet i utdanningane.

Leiargruppe

Leiargruppa innan idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE består av studieprogramleiar, assisterande instituttleiarar og administrativ studiekoordinator. Dei har eit felles heilskapleg ansvar for å leie studieplanlegging, studiegjennomføring og studieutvikling innan idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE. Gruppa har ansvar for studieleiing og utdanningskvalitet på tvers av campus. Døme på ansvar og oppgåver er godkjenning av emne og studieprogram, dokumentasjon og utvikling av utdanningskvalitet, overordna ansvar for læringsmiljø og planlegging av utdanningsarrangement som studiestart og studentavslutningar med meir. Leiargruppa lagar årshjul med plan for oppgåvedeling. I tillegg samarbeider leiargruppa om å finne gode løysingar for ansvars- og oppgåvedeling undervegs i studieåret.

Administrativt utdanningsteam

Gruppa består av administrativ utdanningskoordinator, studierettleiarar og praksiskoordinatorar.

  • Administrativ utdanningskoordinator ved idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE har det overordna koordineringsansvaret for utdanningane, og sit i leiargruppa og studieprogramrådet for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE.
  • Det administrative utdanningsteamet har saman eit felles ansvar for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE, i tillegg til å drive campusretta studierettleiing og praksiskoordinering.
  • Studierettleiarane sine hovudoppgåver er knytt til rettleiing av studentar, kvalitetsarbeid og sakshandsaming. Studentane kan kontakte studierettleiar for sin campus med spørsmål om sitt studium, utdanningsplan, tilrettelegging i studieløpet, fagval for dei utdanningane som har det, godskriving av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, eller andre ikkje-faglege problemstillingar.

Studierettleiarar:

  • Praksiskoordinatorane administrerer praksisopplæringa for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE og er i tett kontakt med studentane, praksisstadane og fagmiljøet på fakultetet. Praksiskoordinatorane informerer om praksis i samarbeid med fagansvarleg. Dei har også særleg ansvar for å organisere og legge til rette for praksisopplæringa, og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane.
  • Praksiskoordinatorar:

Studieprogramråd for idrett-, friluftsliv-, og folkehelseutdanningane og LUPE

  • Studieprogramrådet er rådgjevande til studieprogramleiar og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogrammet og læringsmiljøet.
  • Mandatet til studieprogramrådet er:
    • Kvalitetsutvikling av studieprogramma slik at desse held høg kvalitet og relevans, har god rekruttering og gjennomstrøyming og tilfredsstiller forskrifter og rammeplanar,
    • Korleis kontaktflatene til ulike eksterne aktørar som har relevans for studieprogramma kan vidareutviklast,
    • Utvikling av det overordna læringsmiljøet ved studieprogrammet,
    • Val av oppfølgingsform for studieprogrammet.
  • Rådsmedlemmane blir valde for ein tidsperiode på fire år.

Medlemmar:

Årshjul for møter

  • Digitalt utdanningsmøte ved studiestart, eit fysisk campusmøte (haust), eit digitalt møte (vår)
  • Studieprogramråd (to møter haust og to møter vår)

Studentmedverknad

Ansvar: studieprogramleiar

  • To studenttillitsvalte (hovud og vara) vert vald i kvar klasse. Oversikt over tillitsvalte skal vere synleg i Canvas for studentar og Sharepoint for tilsette.
  • To studenttillitsvalte sit i studieprogramrådet.

 

Kvalitet i studieprogram

Emneansvarlege med koordinerande ansvar på tvers av emne

Bachelorprogramma og master i idrettsvitskap har ein emneansvarleg med koordinerande ansvar på tvers av emne. Arbeidsoppgåvene varierer noko frå studieprogram til studieprogram, men er i all hovudsak å:

  • Ha eit overordna ansvar for studieåret/studieprogrammet; planlegging, gjennomføring og utvikling
  • Koordinere emneansvarlege og nødvendige møtepunkt for utdanninga
  • Revidere studieplan
  • Organisere og administrere kull-romma i Canvas

Studiebarometeret

Studiebarometeret er ei årleg nasjonal undersøking om studentane sin opplevde studiekvalitet. Undersøkinga blir sendt ut til ca. 65 000 studentar som går andre studieår på bachelor- og masterprogram. Når data frå undersøkinga føreligg har leiargruppa for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og lærarutdanning kroppsøving og idrettsfag ein gjennomgang, evaluering og oppfølging av data saman med dei aktuelle studieprogramma.

Studieprogramevaluering

Dialogmøte med emneansvarlege med koordinerande ansvar på tvers av emne, profesjonsrettleiarar, emneansvarlege, studieveiledarar og praksiskoordinatorar mot slutten av kvart studieår. Dette møtet vil ha fokus på programevaluering der kvalitetsarbeidet er ein sentral del. Studieprogramleiar kallar inn til desse møta og det vert skrive referat/oppsummering.

Periodisk studieprogramevaluering

  • Pilot for periodisk studieprogramevaluering vart gjennomført hausten 2019 for bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse, ført i pennen av avdeling for utdanningskvalitet. Pilotane dannar grunnlag for korleis vi skal gjere det framover.
  • Planlagde periodiske evalueringa for idrett-, friluftsliv og folkehelseutdanningane og LUPE:
    • Årseining idrett/kroppsøving – 2022
    • Årseining personleg trenar – 2022
    • Bachelor i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet – 2024
    • Master i idrettsvitskap – 2024
    • Bachelor idrett, trening og helse – 2025
    • Bachelor friluftsliv – 2025
    • Årsstudium kroppsøving og idrettsfag 2027
    • Årsstudium personleg trenar 2027
    • Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 - 2029


Kvalitet i emne

Emneansvarlege

Kvart emne i dei ulike studieprogramma har ein emneansvarleg. Arbeidsoppgåvene varierer noko frå studieprogram til studieprogram, men er i all hovudsak å ha det overordna faglege ansvaret i emnet. Sjå sjekkliste for emneansvarlege ved HVL.

Studentmedverknad

  • Studentar kan i det daglege gje tilbakemelding til faglærarar og emneansvarleg om korleis emnet fungerer
  • To referansegruppemedlemmar blir valt i kvar klasse
    • Det blir valt eigne referansegrupperepresentantar på valemna på 3.studieår i Sogndal
  • To studentar frå kvar klasse deltek i referansegruppemøter. Her blir sentrale tema som fagleg innhald og opplegg, læringsmiljø og læringsutbytte i emne diskutert saman med emneansvarleg, studiekoordinator og eventuelle faglærarar.
  • Om ein student har tilbakemeldingar på eit emne, kan studenten kontakte eit referansegruppemedlem som kan ta dette vidare til evaluering i referansegruppemøte. Les meir om referansegrupper her.
  • Oversikt over referansegruppemedlemmar skal vere synlege i Canvas.
  • Om studenten ikkje ynskjer å ta opp problemstillingar knytt til emnet gjennom referansegrupperepresentantane eller dialog med faglærar/emneansvarleg, har den høve til å melde ifrå gjennom HVL sitt Sei ifrå-system.

Evaluering og oppfølging

Med utgangspunkt i det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane for HVL har det blitt utarbeida retningslinjer og malar for referansegruppene, og rulleringsplanar for ekstern sensur og anonyme undersøkingar i emne:

Idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE har studieprogram frå halvtårseiningar til master. Det skal vera systematikk i kvalitetsarbeidet, men dei ulike studieprogramma har ulike rutinar og behov. Alle oppfølgingsformene ovanfor blir ikkje nytta for kvart studieprogram. Leiargruppa for idrett-, friluftsliv og folkehelseutdanningane og LUPE legg opp til at nokre studieprogram kan nytte seg av emnerapport medan andre kallar inn til avsluttande dialogmøte. Her vel emneansvarleg det som høver best.   


Kvalitet i praksis

Profesjonsrettleiar

LUPE-kroppsøving og idrettsfag har éin profesjonsrettleiar pr. studieår. Kvar utdanning avklarar eventuelle presiseringar av oppgåver ut frå særskilde behov, men arbeidsoppgåve er i all hovudsak:

  • Leie praksisførebuande møte
  • Koordinere praksisoppfølging
  • Bidra i oppfølging av studentar i praksis
  • Bidra i utvikling og evaluering av praksis
  • Delta i praksisetterarbeid

Medverknad frå praksisfelt og arbeidsliv

Ansvar: studieprogramleiar og assisterande instituttleiar

  • Innspel gjennom studieprogramråd
  • Innspel gjennom møter med eksterne

Administrativt utdanningsteam, ved praksiskoordinator, har i samarbeid med profesjonsrettleiar og emneansvarlege ansvar for å skaffe praksisplassar og følgje opp og vere i dialog med praksisstadene.

Evalueringar av praksis
Praksis evaluerast av studentane i samarbeid med profesjonsrettleiar og faglærar i etterkant av dei ulike praksisperiodane.


Oppfølging av kvalitetsarbeidet

  • All dokumentasjon av kvalitetsarbeidet til idrett-, friluftsliv-, og folkehelseutdanningane og LUPE blir lasta inn i «kvalitetsmapper» i SharePoint. Desse er tilgjengelege for alle tilsette. SharePoint-lenka til referansegruppemøta blir òg lagt i Canvas slik at alle studentar har lesetilgang til mappene.
  • Kvaliteten i studieprogram og emne blir evaluert gjennom periodisk studieprogramevaluering, studieprogramråd, studieprogramevalueringsmøter, referansegruppemøter og emnerapportar i tillegg til studiebarometeret.
  • Leiargruppa for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE har studieprogramevalueringsmøter med alle studieprogramma mot slutten av kvart studieår der tema er kvalitetsarbeid. Aktuelle tema å ta opp er:
    • Kva er bra og kva kan forbetrast?
    • Gjennomgang av referansegruppemøtereferat, midtvegsmøter, sluttmøter, emnerapportar, praksis og studiebarometeret
    • Kortsiktige og langsiktige forslag til endringar/tiltak
    • Leiargruppa for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE har årlege møter med tillitsvalde studentar knytt til idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og LUPE på kvart campus.
  • Kvalitetsarbeid som sak i studieprogramrådet
    • Sakene i årshjulet for studieprogramrådet er knytt til krava i rammeverket for systematisk arbeid med kvalitet i utdanningane ved HVL.
    • Studieprogramleiar skal kvart studieår leggje fram ei sak for studieprogramrådet der ein drøftar korleis ein følgjer opp studieprogrammet og emna.