Institutt for idrett, kosthald og naturfag

Institutt for idrett, kosthald og naturfag tilbyr utdanning innanfor fagområda idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er òg ein del av instituttet.

Utdanning og undervisning

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø, og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for 1.-13. trinn.

Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidreg i fakultetet sitt ph.d.-program Danning og didaktiske praksisar.

Forsking og utvikling

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er òg ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage og det sivile samfunn.

Vi held til i Bergen, Sogndal og på Stord og har om lag 100 tilsette.

Nasjonalt senter for mat helse og fysisk aktivitet ligg under instituttet.

Leiing ved instituttet

bilde av Frode Fretland

Frode Fretland

Instituttleiar ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag

bilde av Bernt Rydland Olsen

Bernt Rydland Olsen

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for idrett, friluftsliv og folkehelseutdanningane og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag

bilde av Ingrid Leversen

Ingrid Leversen

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for barnehagelærarutdanninga, nasjonalt oppdrag og regional kompetanseutvikling

bilde av Merete Økland Sortland

Merete Økland Sortland

Assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for grunnskulelærarutdanningane, PPU og masterutdanninger for lærarar

Campusutvikling

Følgjande leiarar skal ha særleg fokus på campusutvikling på den enkelte campus og samhandling mellom institutta og andre einingar på campus:

  • Sogndal: Frode Fretland
  • Bergen: Ingrid Leversen
  • Stord: Merete Økland Sortland