Skåredalen skole
På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsskolen Skåredalen skole.
Kontaktpersonar
LU-kontakt ved Skåredalen skole: Asle Halleraker
FoU-kontakt ved Høgskulen på Vestlandet: Hein Berdinesen
Forskings- og utviklingssamarbeid med HVL
ReTPro (Rehearsing Teaching Professionally) er eit samarbeidsprosjekt mellom lærarutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet, Haugesund og Stord kommunar og tre grunnskular; Skåredalen skule, Tjødnalio skule og Nordbygda ungomsskule. Me samarbeider også med universitetet i Aberdeen, Skottland og universitetet i Limerick, Irland.
ReTPro har som overordna mål å bidra til å etablera ei grunnskulelærarutdanning (GLU 1-7 og GLU 5-10) der lærarstudentane får høve til å øva på å vera den fagleg utøvande læraren, også når dei er på campus. Lærarstudentane vekslar mellom å øva på, utøva, undersøkja og reflektera over si eiga og andre si undervisning for å utvikla rike og reflekterte faglege undervisningsrepertoar. Dette skjer i samspel med campuslærarar, praksislærarar, medstudentar og elevar. Me kallar ein slik arena for Øvingsrommet for å synleggjera at me utviklar og studerer kva det vil seia å arbeida øvingsbasert i lærarutdanninga og kva dette medfører for dei involverte.
I samarbeid med partnarskulane våre fokuserer me på å utvikla undervisningsrepertoar i matematikk og engelsk der me nyttar undervisningsmetodane læringsdialogen og pedagogisk drama for å møta Fagfornyinga sitt verdigrunnlag knytt til inklusjon, kritisk tenking og demokratisk medborgarskap. Læringsdialogen og drama er metodar som kvar på sin måte legg til rette for å utvikla dømmekraft gjennom dialogiske møte.
Prosjektleiargruppa ved HVL består av: Vigdis Vangsnes (leiar), Knut Steinar Engelsen (medleiar) Gry Tuset (matematikk), Michel Cabot (engelsk), Hein Berdinesen (pedagogikk), Sissel Høisæter (norsk).