Personleg trenar - Friluftsliv - Idrett, trening og helse

Før praksisstart må du lese informasjonen nedanfor inkludert aktuell emneplan og studieplan.

Før praksisstart

Tildeling av praksisplass

Du vil bli tildelt praksisplass av praksiskoordinator i samarbeid med faglærar. Høgskulen på Vestlandet inngår avtalar med den enkelte praksisstad. Informasjon om kor du skal gjennomføre praksis vert lagt ut i kullrommet i Canvas. For nokre av praksisperiodane får du kome med forslag til aktuell praksisstad, dette vert nærare informert om i undervisninga.

Førebuing til praksis

Faglærar og praksiskoordinator informerer om praksis i undervisningsøkt i god tid før praksis. Når du har fått tildelt praksisplass har du ansvar for å ta kontakt med praksisrettleiar for å avtale oppmøtetid og stad.

Dei fleste av praksisperiodane skal gjennomførast som obligatorisk læringsaktivitet i eit emne. Det betyr at praksis må være godkjent før du kan ta eksamen i emnet.

Å vere i praksis er ein unik sjanse til å få prøve seg i arbeidslivet. Det er viktig at du førebur deg godt og at du gjennomfører praksis i samsvar med forventningar frå praksisstad og HVL.

Praksis ved dei ulike utdanningane 2024-2025

Årsstudium personleg trenar - Sogndal

Personleg trenar-rolla (PT104):

Praksis på treningssenter veke 11-12 våren 2025. 

Studieplan PT

Årsstudium Idrett og trening - Sogndal

Aktivitetslære BIDR100:

  • Praksis vil gjennomførast på ulike arenaer, til dømes innan idretten eller i opplæring-/oppvekstsektoren.
  • Punktpraksis aktivitetsleiing knytt til emnet aktivitetslære (ca. 20 arbeidstimar totalt: 10 timar hausten 2024 og 10 timar våren 2025).
  • Kan gjennomførast i perioden veke 39-15.

Studieplan årsstudium idrett og trening

Bachelor i friluftsliv, praksis 2.studieår

Friluftsliv vinter (FRIB-202):

To veker samanhengande praksis i skuleverketinstitusjonar i helsesektoren eller andre friluftslivsrelevante instutisjonar våren 2025 i veke 11 og 12.

Studieplan bachelor friluftsliv

Bachelor i idrett, trening og helse: Idrett, trening og prestasjon

Studieretning idrett, trening og prestasjon

1.studieår: 

Aktivitetslære (BIDR100)

  • Punktpraksis aktivitetsleiing (ca. 20 arbeidstimar totalt: 10 timar hausten 2024 og 10 timar våren 2025).
  • Kan gjennomførast i perioden veke 39-15.

2.studieår:

Coaching og trenarrolla (BIDR202) og Ferdigheitslæring (BIDR203)

  • Praksis i eit idrettslag / treningsgruppe, punktpraksis 40 timar.
  • 20 timar på kvart emne i perioden veke 4-15 våren 2025. 

3. studieår:

Sport - kultur - leiing (BIDR301)

Studentane skal i grupper på inntil fire gjennomføre praksis i ein idrettsorganisasjon (frivillig eller profesjonell) tilsvarande to arbeidsveker. Praksisperioden kan bli organisert over to veker eller etter avtale med emneansvarleg gå over ein lengre periode.

Praksisperioden er veke 5 og 6

Studieplan

Vurderingsskjema kjem seinare. 

Bachelor idrett, trening og helse: Trening, fysisk aktivitet og helse

Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse  

1. studieår:

Aktivitetslære (BIDR100)

Punktpraksis 20 timar. Gjennomførast i veke 1-17 våren 2025.

2.studieår: 

Førebyggjande fysisk aktivitet (BIDR211):

Treningsplanlegging og treningsrettleiing, punktpraksis hausten 2024 (20 arbeidstimar i veke 37-46). 

Helsepedagogikk (BIDR212): i perioden veke 5-10 våren 2025 

Det er to praksisperiodar i emnet: 

  • Arbeidslivspraksis på treningssenter med arbeidsmengde tilsvarande to veker (veke 5-6 våren 2025).
  • Arbeidslivpraksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering, sammanhengande fire veker (veke 7-10 våren 2025).

3. studieår: 

Aktivitetsmedisin (BIDR311):

Arbeidslivspraksis. Praksisperiode på to veker (veke 5 og 6 våren 2025) skal gjennomførast ved ein praksisplass som er fagleg relevant innan trening, fysisk aktivitet og helse. Studentane må sjølve finne seg praksisplass.    

Studieplan

Bachelor Idrett, trening og helse: PT, trening og helse

Studieretning PT, trening og helse  

1. studieår:

PT-rolla (PT104)

Praksis på treningssenter veke 11-12 våren 2025. 

Studieplan

Vurdering av praksis

Om vurdering og innlevering av praksisvurdering

  • Praksislærar/praksisrettleiar skal fylle ut skjema for godkjent/ikkje godkjent praksis. Når praksis er avslutta skal signert skjema leverast til studenten som deretter lastar vurderinga opp i Canvas.
  • Ved fare for ikkje godkjent praksis skal praksislærar kontakte faglærar så snart som mogeleg.
  • Gjennomføring av praksis i desse utdanningane føl reglane for obligatoriske læringsaktivitetar.

Evaluering etter praksis

For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis ønsker vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Dette vert gjort i undervisningsøkt etter praksis.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Dette må alle kjenne til: