Praksis i drama og anvend teater
I løpet av alle tre studieåra skal du gjennomføre 39 dagar praksis.
Før praksisstart
Du må sikre at politiattest er levert til HVL i god tid før praksisstart.
Les gjennom informasjon på denne nettsida, i Canvas og emneplanen for ditt aktuelle studieår. I tillegg er det viktig at du er kjend med studieplanen.
Tildeling av praksisplassar
Du vil bli tildelt praksisplass av Høgskulen på Vestlandet, og informert om dette via Canvas.
Førebuing til praksis og planlegging av undervisning
Du vil få informasjon av faglærar i forkant av kvar praksisperiode om korleis den skal planleggast. Faglærar arrangerer også praksisførebuande møte/undervisningsøkt før kvar praksisperiode.
Vurdering av praksis
- Praksislærar/praksisrettleiar skal fylle ut skjema for godkjent/ikkje godkjent praksis. Når praksis er avslutta skal signert skjema leverast til studenten som deretter lastar vurderinga opp i Canvas.
- Ved fare for ikkje godkjent praksis skal praksislærar kontakte faglærar så snart som mogeleg.
- Gjennomføring av praksis i desse utdanningane føl reglane for obligatoriske læringsaktivitetar.
1. studiår:
Evaluering etter praksis
Etter praksis sett vi pris på ei evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.
Tidspunkt for praksisperiodar og lenke til tilhøyrande emneplanar
Praksisperiodar 2023-2025
1. studieår: Gjeld studieåret 2024-2025
Inn i drama (DRA301A):
Haust: Ein dag punktpraksis i grunnskule, barnehage eller kulturskule med utprøving av dramametodar og rettleiing av praksislærar.
Vår: Tre dagar punktpraksis på same stad og med same praksislærar som DRA301A (grunnskule, barnehage eller kulturskule) der du utviklar og leiar eit dramaforløp tilpassa målgruppa.
Haust: Fire dagar punktpraksis med ulike fortellaraktivitetar som førestilling og fortellarverkstad. Praksis kan gjennomførast i skule eller på ein utvald samfunnsarena. Faglærar frå HVL har ansvar for oppfølging.
2. studieår: Gjeld studieåret 2023-2024
Haust: 15 dagar prosjektpraksis i grunnskulen. Praksis vert fordelt på punktpraksis og minst to veker samanhengande praksis veke 46-48. Nøyaktig tidspunkt vert avtalt mellom praksislærar og faglærar ved HVL.
Vår: 25 timar praksis i form av turné i grunnskulen. Faglærar ved HVL har ansvar for oppfølging og informerer nærare om tidspunkt for gjennomføring.
3. studieår: Gjeld studieåret 2024-2025
Litteratur, lesing og formidling 3.studieår (DRA310):
Haust: Seks dagars praksisturne, tre dagar i grunnskule 1-7 og tre dagar i eldresenter/omsorgsheim med oppfølging av faglærar ved HVL.
Regi: Eige prosjekt på ein vald samfunnsarena (DRA311):
Vår: Eige prosjekt på ein vald samfunnsarena. Minimum 30 timar praksis med rettleiing frå faglærar.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema
Dette må alle kjenne til:
- PolitiattestPå ein del studium er det krav til at du må legge fram politiattest.
- Vaksinasjon og medisinsk testPå nokre studium er det krav til vaksinar og medisinsk testing før du går ut i praksis.
- TeiepliktFør du startar i praksis må du skrive under på ei teieplikterklæring.
- Tilrettelegging av praksisHar du behov for tilrettelegging eller praksis på ein bestemt stad?
- SkikkavurderingSkikkavurderinga skal sikre at du er skikka til yrket du utdannar deg til.
- Krav til oppmøteDu må møte til obligatorisk praksis for at studiet ditt skal bli godkjent.
- Bu- og reiseutgifterDu kan få dekka bu- og reiseutgifter knytt til praksis. Slik går du fram.
- Kvalitet i praksisSjå korleis du kan medverke til god kvalitet i praksis.
- Personvern i praksisDet er viktig at du har ein datahandteringsplan og ivaretar personvern.
- Skade under praksisDu har same rettar som de tilsette ved praksisplassen din.
- Klagerett praksisHer kan du lese om klagerett knytt til praksis.
- WiseflowInnlevering av praksisvurdering i Wiseflow
- Fare for ikkje bestått praksis og sluttvurdering ikkje bestått praksisOppstår det tvil om du vil bestå praksis, skal du normalt få skriftleg varsel.