Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Bachelorgrad i helse- og sosialfag.
Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.
Søknadskode
1627 (Haugesund), 1706 (Førde)
Poenggrense forrige opptak
Alle kvalifiserte fikk plass
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere Demens og psykiske lidingar blant eldre?
Ved å studere Demens og psykiske lidingar blant eldre vil du få spesiell kompetanse innan fagområda psykiatri, geriatri og gerontologi – slik at du kan yte gode tenester til to pasientgrupper som vil bli større og større for kvart år som går.
Kva lærer du?
Etter å ha gjennomført studien vil du ha kunnskap om:
- Demens- og alderspsykiatrisk utgreiing og behandling
- Kommunikasjon, samhandling og miljøtiltak
- Alderspsykiatriske tenester i første- og andrelinjetenesta
Les mer i emneplan om hva du lærer.
Målgruppe
Vidareutdanninga er for deg som jobbar i første- eller andrelinja i helse- og sosialtenesta.
Undervisningsform
Vi har førelesingar, gruppearbeid, simulering, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.
Mellom samlingane føregår kommunikasjonen gjennom den digitale læringsplattforma Canvas.
Samlingar
Samlingar for våren 2025
Campus Førde
18- 20. februar
11.- 13. mars
06.- 08.mai
Campus Haugesund:
18.- 20. februar
11.- 13. mars
06.- 08. mai
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Eksamensform
Individuell heimeoppgåve.