Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.
Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.
Opptakskrav y-vegen
1) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift og fagbrev innan elektrofag,
ELLER
2) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning innan elektrofag med fagprøve etter 3-årig skule og minst eitt års praksis etter fagprøven.
Opptakskrav tres
Korleis søke y-vegen og tres
Skal du ta y-vegen eller tres, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak.
Søk y-vegen eller tresOm å søke opptak til HVL
Kvifor bli elektroingeniør?
Elektroteknologi gjer at mobilen er på nett, det er straum i huset og at kofferten din automatisk vert transportert til flyet etter at du har sjekka han inn. Elektroteknologi finn du i små detaljar og i store system. Elektroingeniøren har kunnskap om hardware og software og korleis dette fungerer saman.
Studiet i elektroingeniør på deltid er nett- og samlingsbasert med tre fysiske samlingar i semesteret. Alle samlingane er ved HVL Førde. Vel du spesialisering innan elkraftteknikk er samlingane i siste del av studiet ved HVL Bergen.
Resten av undervisninga er nettbasert, og studiet kan difor kombinerast med jobb.
Det første året er felles for alle studentane som studerer elektroingeniør og inneheld elektrofaglege basisfag, samt matematikk og fysikk. Du kan bruke det første året til å bestemme deg for spesialisering.
Vil du heller studere på fulltid?
Vil du heller studere elektroingeniør fulltid på campus, kan du gjere det i Førde, Bergen eller Haugesund. Då får du klasseromsbasert undervisning og du tar utdanninga over tre år.
Vel spesialiseringa som passar deg
Andre året kan du på nett og samlingsbaserte studiet velje mellom spesialisering innan automatisering med robotikk og elkraftteknikk:
Automatisering med robotikk
Kvifor studere automatisering med robotikk?
Ein automatiseringsingeniør jobbar med å gjere prosessar og system automatiske. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet i ulike delar av næringslivet. Utdanninga gir ei praktisk tilnærming til automatisering og robotikk, med grunnleggende elementer innan kybernetikk og styringsteknologi som er relevante for moderne industri.
Du lærer om:
- reguleringsteknikk
- industriell IT
- instrumentering
- robotikk
- PLS programmering
Kor kan du studere automatisering med robotikk?
Denne spesialiseringa kan du ta nett og samlingsbasert i Førde. I Bergen, Førde og Haugesund kan du også ta denne spesialiseringa som klasserombasert studie over tre år.
Robotikklab i Førde
På campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking, og eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø som jobbar tett saman med næringslivet om studentoppgåver og sommarjobbar.
Elkraftteknikk
Kvifor studere elkraftteknikk?
Som elkraftingeniør bidrar du til at elektriske system fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.
Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.
Du lærer om:
- energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
- høgspenningsteknologi
- elektriske maskiner og omformarar
- kraftelektronikk
- lavspenningsinstallasjonar
Kor kan du studere elkraftteknikk?
Denne spesialiseringa kan du ta nett og samlingsbasert i Førde. I Bergen kan du også ta denne spesialiseringa som klasserombasert studie over tre år.
Dekker du ikkje opptakskravet?
Har du relevant fagbrev, men ikkje generell studiekompetanse, kan du ta den yrkesfaglege vegen (y-vegen). Her går du eit tilpassa løp og startar med matematikkurs på sommaren før studiestart, med oppmøte på HVL Førde. Du bruker 4 år på utdanninga. Les meir om y-vegen.
Har du generell studiekompetanse, men manglar matematikk og fysikk, kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar då matematikken på sommaren før studiestart ved campus Førde, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Du bruker 4 år på utdanninga. Les meir om TRES.
Du kan også ta realfagskurs, nett- og samlingsbasert på deltid i Førde før du søker opptak til elektroingeniør.
Skal du søke på y-veg, TRES eller realfagskurs må du søke via vår lokale Søknadsweb. Søknaden går ikkje gjennom Samordna opptak.
Kva kan du jobbe med?
Ein elektroingeniør har mange moglege arbeidsvegar. Kva spesialisering du vel, avgjer kva for del av elektroteknologien du kjem til å jobbe med.
Som automatiseringsingeniør med robotikk kan du arbeide innan mekanisk industri, produksjonsindustri, prosessindustri, byggautomatisering, kraftproduksjon, havbruksnæring og mykje meir.
Ein elkraftingeniør kan jobbe innan landbasert industri, offshore og maritim industri, energiforsyning eller i konsulentbransjen. Elkraftingeniøren kan vere ansvarleg for prosjektering, drift og vedlikehald av elektriske anlegg som er under offentleg kontroll og tilsyn.
Lønn: Kva tener ein elektroingeniør?
Ein elektroingeniør tener i gjennomsnitt mellom 814 800-824 520 kr i året. Sjå meir om lønn på utdanning.no.
Studentjobb i Førde
Gjennom prosjektet studentjobb kan du skaffe deg relevant deltidsjobb mens du studerar.
Korleis er undervisninga?
Det er tre samlingar kvart semester. Samlingane er på inntil fire dagar. Mellom samlingane vil det vere nettbasert undervisning og læringsaktivitetar som må gjennomførast. Alle samlingar er på campus Førde, med unntak av dei som vel spesialisering innan elkraftteknikk, kor samlingana i siste del av studiet vert lagt til campus Bergen.
Oppmøte på samlingane er frivillig, men i samband med til dømes laboratoriumsundervisning og andre obligatorisk læringsaktivitetar, kan det krevjast fysisk obligatorisk oppmøte for gjennomføring av undervisning og/eller øving.
Det blir forventa og det er avgjerande at du jobbar med studiet mellom samlingane. For å lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv på samlingane. Det faglege innhaldet og emna er like som i heiltidutdanninga, men deltidsutdanninga tek dette på fire år i staden for tre år.
Det er spesielt viktig at du møter på den første samlingsdagen på campus. Her får du nyttig informasjon om kursets oppbygging på den digitale plattforma. Du blir kjent med faglærarar og medstudentar, du får delta i diskusjonar om studieteknikk, og du får ein god start på arbeidet med første del av pensum i realfaga.
På Høgskulen på Vestlandet blir du ein integrert del av eit levande og engasjert studentmiljø der aktiv deltaking og fellesskap står i sentrum.
Samlingsdatoar 2025
1. samling: veke 37
2. samling: veke 42
3. samling: veke 46
Alle samlingane er frå mandag til torsdag.
Campus Førde
Campus Førde har labfasilitetar av høg standard. Du får tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar brukt i undervisning og forsking. Eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø jobbar her tett saman med næringslivet om studentoppgåver og sommarjobbar.
Har du fagskuleutdanning?
Har du tatt 2- eller 3-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?
Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Fritak søker du om etter at du har fått plass på utdanninga.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald mot slutten av studietida.