Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
- Bachelor i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- 1 års yrkespraksis som sjukepleiar etter autorisasjon.
Opptakskrav til påbygg
- Bachelor i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Utdanning som gir autorisasjon som jordmor etter rammeplan frå 2004-2005, eller jordmorutdanning frå før rammeplanen i 2004-2005.
Kvote
Kvoten vil for studieåret 2024/2025 bli tildelt inntil 6 søkjarar som har bustad i Helse Fonna sitt område. Sjå nettside med oversikt over kommunar det gjeld. Tildeling skjer på bakgrunn av folkeregistrert adresse i søknaden.
Kvoten gjeld ikkje ved opptak til påbygg.
Søknadskode
3014 (3025 for påbygg)
Rangering og poeng
Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar, og det blir gitt tilleggspoeng for høgare utdanning og praksis.
Det blir ikkje gitt praksispoeng ved opptak til påbygg.
Informasjon om utrekning av poeng
Poenggrense ved forrige opptak
Master:
Ordinær kvote: 37,75
Regional kvote: 35,03
Påbygg:
Alle kvalifiserte fikk plass.
Om å søke opptak til HVL
Kvifor bli jordmor?
Jordmødrer speler ei avgjerande rolle i omsorgen for gravide kvinner før, under og etter fødselen. Denne utdanninga gir deg høg klinisk kompetanse, og moglegheit til å arbeide med fagutvikling og forsking. Du blir ein viktig fagperson for å gi kvinner og familiar moglegheiter til meistring og kontroll over eigen livssituasjon.
Du studerer jordmorfag i Bergen.
Kva kan du jobbe med?
Med master i jordmorfag kan du jobbe med:
- Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg.
- Kvinne- og reproduktiv helse i eit livsløpsperspektiv.
- Klinisk fagleiing.
- Utdanning av jordmødrer og anna helsepersonell.
- Forskjellige stillingar i kommune- og spesialisthelsetenesta.
- Kombinerte stillingar innan klinisk arbeid og praksisnært forskings- og utviklingsarbeid.
Som autorisert jordmor kan du jobbe både nasjonalt og internasjonalt på ulike nivå i helsetenesta. I Noreg vil dette i all hovudsak vere delt mellom kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta og ulike private bedrifter. Rådgiving, rettleiing og undervisning utgjer ein viktig del av det å vere jordmor.
Lønn: Kva tener ein jordmor?
I følgje Utdanning.no tener jordmødrer i gjennomsnitt 787 700 kroner. Les meir om lønnsstatistikk for jordmor på utdanning.no.
Praksis
Master i jordmorfag er eit heiltidsstudium ved campus Bergen, med fire praksisperiodar knytt til Førde, Bergen, Stord, Voss og Haugesund.
Studiet er delt opp i 40 veker teori og 40 veker praksis. Du har praksis på ulike avdelingar innanfor svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorga. Delar av praksisen vil også skje ved poliklinikkar, helsestasjon for ungdom og nyfødd-avdelingar. Våre praksisplassar er fordelte i Helse Vest.
Vi har praksisplassar i Bergen og Vestland fylke, og Høgskulen på Vestlandet tildeler praksisplassar til studentane.
Studentar som skal ha praksis, må levere politiattest.
Korleis er undervisninga?
I studiet får du ei variert og studentaktiv undervisning. Ein del av denne undervisninga er obligatorisk, som til dømes deltaking i refleksjonsgrupper, seminar, ferdigheitstrening og simulering, i tillegg til framlegg av oppgåver.
Du vil delta i seminar, der du legg fram eige arbeid individuelt eller i gruppearbeid, med tilbakemelding frå andre studentar. Dette for at studiet skal vere oppdatert på dei problemstilingane som praksisfeltet er opptatt av, men òg for at du skal utvikle dine analytiske og praktiske ferdigheiter.
Vidare vil du få trening i utvikling av praktiske ferdigheiter både gjennom ferdigheitstrening, simulering og praksis. Praksis har krav om 90 % frammøte og har tilhøyrande obligatoriske læringsaktivitetar.
Emnet «vitskapsteori, forskingsetikk og metode» er nettbasert. Masteroppgåva i jordmorfag skal vere eit sjølvstendig arbeid, der du kan samarbeide og fordjupe deg i eit tema saman med ein medstudent.
Er du allereie jordmor og vil ta master?
Da kan du ta påbygg til master på anten 40 eller 60 studiepoeng. Har du allereie autorisasjon som jordmor treng du ikkje ta heile utdanninga. Kva du må ta, kjem an på kva du har frå før.
Dersom du har fullført jordmorutdanning etter rammeplan frå 2004-2005 (120 studiepoeng) kan du ta påbygg til master over 1,5 studieår med følgjande emne:
- MAJOR504. «Vitskapsteori, forskingsetikk og metode», 10 studiepoeng. (Vår 2025)
- MAJOR506. Masteroppgåve, 30 studiepoeng. (Høst 2025 og vår 2026)
Du begynner våren 2025 med emnet «MAJOR504. Vitenskapsteori, forskningsetikk og metode».
Dersom du har autorisasjon som jordmor frå før av, skal du ikkje i praksis.
Har du jordmorutdanning frå før 2004/2005 (60 studiepoeng) kan du ta påbygg til master over 2 studieår, og emna:
- MAJOR508. «Søke etter og kritisk vurdere forsking», 15 studiepoeng. (Høst 2024)
- MAJOR 509. «Teorier og modellar», 5 studiepoeng. (Vår 2025)
- MAJOR504. Vitskapsteori, forskingsetikk og metode, 10 studiepoeng. (Vår 2025)
- MAJOR506. Masteroppgåve, 30 studiepoeng. (Høst 2025 og vår 2026)
Du begynner høst 2024 med emnet «MAJOR 508 Søke etter og kritisk vurdere forsking».
Dersom du har autorisasjon som jordmor frå før av, skal du ikkje i praksis.
Utveksling
Jordmorutdanninga er med i internasjonale nettverk som gjer at våre studentar kan reise på utveksling til utanlandske institusjonar. Utveksling skjer i andre studieår, og varer frå fire til åtte veker.
Vil du studere meir?
Du blir kvalifisert til å søkje opptak til ph.d.-program, til dømes innan helse, funksjon og deltaking ved HVL.