En pasient til undersøkelse av rygg.

Klinisk fysioterapi

Master

Samfunnsutvikling, teknologiske endringar, aukande levealder og endra levevanar har stor betydning for sjukdomsbildet helsevesenet står overfor. Dette krev fysioterapeutar med gode kliniske ferdigheiter, sjølvstendig vurderingsevne og evna til å halde seg oppdatert på ny kunnskap innan fagfeltet. I studiet master i klinisk fysioterapi kan ein velje mellom tre ulike studieretningar. 

Bergen

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelorgrad i fysioterapi.
    • Minst 1 års yrkespraksis som fysioterapeut etter fullført utdanning.

    Søknadskode

    3009 (hjarte-lunge), 3010 (muskel og skjellet), 3012 (psykomotorisk)

    Korleis søke

      • Logg inn i SøknadsWeb
      • Vel opptak "Master"
      • Så vel du "Master/Vidareutdanning helse- og sosialfag"
      • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over) 
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.
      • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, fristar og dokumentasjon

     

    Rangering og poeng

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar, og det blir gitt tilleggspoeng for høgare utdanning og praksis.

    Informasjon om utrekning av poeng

    Poenggrense forrige opptak

    Hjarte- og lungelidingar: 38,97
    Muskel- skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem: 42,98
    Psykiske og psykosomatiske helseproblem: 40,42

    Studiet har opptak i partallsår.

     

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere klinisk fysioterapi? 

    Samansette og komplekse tilstandar er aukande. Muskelskjelett-, psykiske- og psykosomatiske plagar, og hjerte- og lungesjukdommar er nokre av vår tids største helseutfordringar. Dette stiller stadig større krav til helsetenestene, og fysioterapi står sentralt når det kjem til helsefremjande tiltak, førebygging, undersøking og behandling av desse problema. 

    Ved å ta master i klinisk fysioterapi kan fysioterapeutar utvikle spesialisert klinisk og forskingsmessig kompetanse innan følgjande tre studieretningar:

    • Fysioterapi ved hjarte- og lungesjukdommar
    • Fysioterapi ved muskel- skjelett, revmatiske og ortopediske helseproblem
    • Psykomotorisk fysioterapi

    Praksis

    På studieretningane hjarte-/lungesjukdommar og muskel/skjelett/ortopedi/revmatiske helseproblem har du praksis tilsvarande 10 veker fulltidspraksis, fordelt mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

    På psykomotorisk studieretning er det eit krav om 75 timer rettleiing og minimum 200 timar med behandling av pasientar med psykomotorisk fysioterapi.

    Innhald i studiet

    Studiet er samlingsbasert med obligatorisk frammøte. Hausten 2024 er samlingane lagt til veke 34/35, 42/43 og 48. Studiestart er 19.8. kl. 10 på rom M209.

    Studiet er eit heiltidsstudium over to år, men unntaket er psykomotorisk fysioterapi som er er eit heiltidsstudium første studieår, og deretter eit halvtidstudium i andre og tredje studieår.

    I første studieår blir det undervist i teoretiske basiskunnskapar og praktiske ferdigheiter innan valt studieretning. Du vil også lære å forstå ulike perspektiv på kropp, funksjon, helse og sjukdom. Vitskapsteori, etikk og metode er organisert som nettkurs.

    I andre studieår arbeider du vidare med emne frå studieretninga du har valt, samt med masteroppgåva. For dei som vel studieretninga psykomotorisk fysioterapi, arbeider du videre med emne frå studieretninga du har valt og masteroppgåva.

    For meir informasjon, sjå studieplanen: Klinisk fysioterapi studieplan 2024/2025.

    Fysioterapi ved hjarte- og lungejukdommar

    Du får kompetanse innan fysioterapi knytt til pasientar med hjarte- og lungeproblem i akutt og kronisk fase. Du kvalifiserer deg til spesialisert og utvida kompetanse i rettleiing, førebygging, undersøking, behandling, habilitering og rehabilitering relatert til desse problema.

    Fysioterapi ved muskel- skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem

    Du får avansert kompetanse innan undersøking og behandling av pasientar med muskel, skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem, både innan primær- og spesialisthelsetenesta. Du blir ein viktig bidragsytar inn mot ikkje-kirurgiske behandlingsalternativ som tradisjonelt har hatt ortopedisk kirurgi som førsteval, og/eller i forbindelse med postoperativ rehabilitering.

    Psykomotorisk fysioterapi

    Du får avansert kompetanse i å undersøke og å tilpasse psykomotorisk fysioterapi til pasienter med et bredt spekter av livsbelastninger innan primær- og spesialisthelsetenesten. Det blir lagt særleg vekt på ferdigheit og kunnskap om kroppsleg omstilling, samt relasjonell og ressursorientert kompetanse i samhandling med sårbare pasientar.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Vil du studere meir?

    Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.

    Utveksling

    Det er mogleg å ha eit studieopphald i utlandet i tilknyting til masteroppgåva.

    Kor kan du reise?