Siri frå Florø går frå sjukepleie til IT

Informasjonsteknologi, nautikk, vernepleie, økonomi og den nye lærarutdanninga innan kroppsøving og idrettsfag er blant dei mest populære studiane ved HVL i år. Siri Norstrand Eielsen er ei av dei som skal starte på høgskulen si populære IT-utdanning.

– Eg har alltid vore interessert i data, og er fascinert av å finne løysingar, seier Siri Norstrand Eielsen.

27-årigen frå Florø er utdanna sjukepleiar, men på grunn av ein skade måtte ho omskolere seg.

Valet falt på informasjonsteknologi i Førde.

– Noko av det fine med IT er at ein har så mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden etterpå. No vil eg bruke tida godt dei neste tre åra til å finne ut kva eg har lyst å jobbe med, seier ho.

Eielsen er ein av mange som har søkt seg til informasjonsteknologi i år. HVL har rekordsøking til IT-utdanningane, med ein oppgang på 49 prosent samanlikna med i fjor. Det er den største auka blant alle utdanningsinstitusjonane som tilbyr dette i Noreg.  

Konkurranse om plassane på dataingeniør

Også for dataingeniørstudiet i Bergen er tala gode. Her var det konkurranse om plassane. 152 kvalifiserte førstevalsøkarar konkurrerte om 105 studieplassar.

For ingeniørfaga som heilskap, held HVL nivået greit, meiner Jens Kristian Fosse, dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap. 

– Det generelle bildet er at vi ikkje har fått den nedgangen som vi kanskje frykta etter pandemien, seier han. 

Halvparten kvinner på fleire av ingeniørfaga

Samla for ingeniørfaga ved Høgskulen på Vestlandet, er nedgangen lågare enn den generelle tendensen i dei nasjonale tala. Medan den ligg på 12,4 prosent nasjonalt, er det 8 prosent for ingeniørane ved HVL.

På studia branningeniør og maskiningeniør i Haugesund, og berekraftig produksjon og sirkulærøkonomi i Bergen er det 50 prosent av dei som no har fått tilbod om plass som er kvinner. Medan energiteknologi ligg på 47 prosent kvinner.

– Det er også gledeleg å sjå at vi har ein auka kvinneandel på fleire av våre studium, seier Fosse.

Mikkel Paulsen og Idunn Maria Koi på HVL sin marinlab.

Nødvendig arbeidskraft til det grøne skiftet

Høgskulen på Vestlandet har dei siste åra hatt ei stor satsing på energiteknologi. Her er søkartala førebels ikkje så høge som ein kunne håpe på, men Fosse påpeikar at det er eit enormt behov for nettopp denne kompetansen på Vestlandet.

– Havvind, solcelleteknologi og styrking av null-utsleppsløysingar i maritim sektor, er nokre av dei store satsingane i vår region akkurat no. Vi ser at våre studentar som utdannar til det grøne skiftet, er veldig attraktive. Denne arbeidskrafta er heilt nødvendig for å sikre utviklinga i det regionale næringslivet, seier dekanen.

 

GunnarYttri.jpg

– Samfunnet har ei klar forventning om at utdanningsinstitusjonane har utdanningar som er fleksible og er tett på praksisfeltet, seier rektor Gunnar Yttri. Foto: HVL/Eivind Senneset  

HVL-kandidatar kjem raskt ut i arbeidslivet

– Søkartala for Høgskulen på Vestlandet er viktig nytt for arbeids- og samfunnsliv spesielt på Vestlandet, men også for resten av landet. Samfunnet har stort behov for godt kvalifiserte kandidatar innan utdanningar som mellom anna helse, oppvekst, teknologi og økonomi, seier rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri.  

Yttri framhevar at samfunnet også har ei klar forventning om at utdanningsinstitusjonane har utdanningar som er fleksible og er tett på praksisfeltet.  

Denne hausten startar det opp fleire tilpassa studietilbod ved Høgskulen på Vestlandet, mellom anna ei fireårig bachelorgrad i nautikk med integrert praksis, ei samlingsbasert grunnskulelærarutdanning for 1. til 7. trinn, og ei ny masterutdanning i sosialvitskap.  

– Å tilby både heiltidsutdanningar og deltidsutdanningar som førebur for arbeidslivet, kjem studentane våre til gode. Undersøkingar viser at våre kandidatar kjem raskt ut i arbeid etter fullført utdanning, og mange blir verande på Vestlandet, seier han.  

Remy Mandrup Larsen og Umit Can Yirmi studerer sjukepleie ved campus Stord. Foto: HVL/Falkeblikk

Fleire studieplassar til sjukepleie 

Høgskulen på Vestlandet er blant dei største utdanningsinstitusjonane innan sjukepleie i Noreg. Til saman har HVL 569 studieplassar i bachelorutdanninga i sjukepleie. For det komande året tilbyr høgskulen 43 fleire studieplassar fordelt på dei fire campusane der vi har sjukepleieutdanning, i Bergen, Førde, Stord og Haugesund. 

– Behovet for sjukepleiarar er stort, og vi er glade for at vi har kapasitet til å ta i motfleire som ynskjer å studere sjukepleie, seier Randi Skår, dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

I tillegg er det ein betydeleg auke i søknaden masterutdanningane i helsesjukepleie og jordmorfag, anestesi og operasjon. Til årets kull er det, for første gong ved Høgskulen på Vestlandet, mannlege studentar som skal bli helsesjukepleiarar.

Mange vil bli vernepleiarar

Vernepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet har god rekruttering. Dekan Randi Skår gler seg over at utdanninga har gode tal også i år. HVL har til saman 157 studieplassar til bachelorutdanninga i vernepleie, og både heiltidsstudiet i Bergen og Sogndal og deltidsstudiet i Haugesund og Sogndal har lange ventelister.  

– Vernepleiarar er ei etterspurt yrkesgruppe. Dei er både helse- og sosialarbeidarar og kan jobbe innan rusomsorg, psykisk helsevern, eldreomsorg, undervisningssektoren og i barnevernsinstisjonar, seier Skår. 

For studentar som ønskjer å gå vidare etter fullført bachelorutdanning i vernepleie, startar HVL denne hausten opp ei ny masterutdanning i sosialvitskap, der miljøterapi er ei av studieretningane. Dei to andre retningane er samfunnsarbeid og barnevernsarbeid. 

Også søkinga til bachelor i barnevern og den nye masterretninga i barnevern er god. Bacheloren hadde i april ein auke i søkartala trass tilbakegang nasjonalt, og det er no 157 på ventelista i ordinær kvote.

Gode nyheiter for næringslivet i vest 

Bachelor i økonomi og administrasjon er ei av dei mest populære utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet med eit stort tal av søkjarar på venteliste.  

– Det er gledeleg at mange søkjer seg til oss for å bli økonomar. Erfaringane syner at dei fleste som har studert hos HVL, og blir verande her på Vestlandet. Dette handlar difor og om regional utvikling av landsdelen vår og sikrar langsiktig arbeidskraft til både nytte for både næringslivet og offentleg her i vest, seier dekan Torbjørn Roloff Heyerdahl ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.  

Frå hausten kan også studentar bygge på med ein toårig master og bli siviløkonom i Bergen, i tillegg til mastertilbodet i Sogndal og Haugesund. 

Stor interesse for nautikk med integrert praksis 

Ved campus Haugesund er det mange som vil gå på den nye fireårige bachelorutdanninga i nautikk med integrert praksis - det vil seie at studentane får prøve seg i jobb undervegs i studiet. Her står 47 søkarar på venteliste til utdanninga som har til saman 38 plassar.  

– Vi er den første utdanningsinstitusjonen som tilbyr ei slik utdanning og her er det gjort eit svært godt omdømmearbeid over fleire år. HVL har hatt god og tett kontakt med ulike reiarlag og nettverk på Vestlandet som og har påverka både utdanninga og rekrutteringa positivt, seier Heyerdahl.

Utdanninga er eit pilotprosjekt i samarbeid med dei andre utdanningsinstitusjonane som tilbyr høgare utdanning for sjøoffiserar, nemleg UIT Norges arktiske universitet, NTNU Ålesund og Universitetet i Sørøst-Norge.    

Har trua på reiselivet  

I Sogndal er det gode tal for jus, eigendomsmekling, det nettbaserte studiet i historie og årsstudium i reiseliv.  

– Eg har sterk tru på at reiselivsstudiane vil få ein oppgang i tida framover. Folk har byrja å reise igjen og den viktige turistnæringa i landet vårt har eit stort og veksande behov for arbeidskraft. Vi har studiar som passar svært godt til behova innan reiseliv og destinasjonsutvikling. Dei som tek årsstudium no har og moglegheit til å bygge på slik at dei får ei bachelorutdanning, påpeikar 

Men til trass for at mange har takka ja til studieplass i Sogndal, er det nokre utdanningar Heyerdahl som det trengs å styrke studentrekrutteringa til. 

– Humaniora og samfunnsfag er viktige for HVL og fakultetet vårt. Her vil vi setje inn eit krafttak for å auke rekrutteringa til disiplinfag som historie, samfunnsfag og sosiologi. Dei er alle svært viktige fag i fakultetet og vert det og i bygginga av det nye universitetet på Vestlandet, seier han. 

Populært med kroppsøving og idrettsfag

Høgskulen på Vestlandet har ei av dei største lærarutdanningane i landet, og har lærarutdanningar i Sogndal, Bergen og på Stord. Trass nedgangen for høgare utdanning har grunnskulelærarutdanninga for 1. til 7. trinn fleire kvalifiserte søkarar enn i fjor, og det er også fleire av studia som har høgare poenggrense enn i fjor. På grunnskulelærarutdanninga for 5. til 10 trinn held tala seg stabile.

Frå hausten 2022 startar også to nye lærarutdanningar ved HVL.  

– Dei tidlegare treårige faglærarutdanningane har no blitt femårige, og det er gledeleg at så mange ønskjer å studieretninga innan kroppsøving og idrettsfag. Her er det 141 på venteliste i ordinær kvote, og har den sjette høgaste poenggrensa av HVL sine studium. Vi skulle sjølvsagt ønskja fleire søkarar til studieretninga innan musikk, men her skil vi ikkje oss ut samanlikna med dei andre utdanningsinstitusjonane, seier Asle Holthe, dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Den andre nye utdanninga er ei nett- og samlingsbasert grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn. Her blir samlingane på Stord det første året og i Sogndal det andre året.

– Å gjere utdanningar fleksible og tilgjengelege for folk uavhengig av kvar dei bur, er ei viktig satsing frå politisk hald. Vi ser fram til å tilby lærarutdanning for ei ny målgruppe, seier Holthe.  

Trass nedgangen til høgare utdanning, har grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. trinn fleire kvalifiserte søkarar enn i fjor. Foto av student Anna Bjelland i praksis på Hafslo barne- og ungdomsskule. Foto: HVL/Falkeblikk

Ser fram til studiestart med opne campus 

Tilbod om studieplass vart sendt ut sist veke. Til studiestarten 15. august vil nesten 3500 nye studentar bli møtt velkommen ved HVL sine fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Haugesund og på Stord.  

– Studiestart er ei feststund og høgtid for oss. Studiestart 2022 blir ekstra flott, sidan vi for første gong sidan 2019 kan ønskjestudentane velkomne til campus utan ekstraordinære tiltak på grunn av korona. Der ei glede å ønskjestudentane velkommen til fagleg sterke og arbeidslivsretta utdanningar. Vi vil gjere vårt for å gi den aller beste studiestarten, seier rektor Gunnar Yttri.  

Her er studia som er vanskelegast å kome inn på

1. Fysioterapi, Bergen, 55,7

2. Sosialt arbeid, Bergen, 54,5

3. Bioingeniør, Bergen, 52, 9

4. Økonomi og administrasjon, Bergen, 52,2

5. Sjukepleie, haust, Bergen, 51,7

6. Lærarutdaning i praktiske og estetiske fag, kroppsøving og idrettsfag, Bergen, 49,9

7. Vernepleie, deltid, Haugesund, 49,8

8. Vernepleie, Bergen, 49,7

9. Radiografi, Bergen, 49, 3

10. Grunnskulelærar, 5.-10. trinn, samfunnsfag, 48.8

Fakta om Høgskulen på Vestlandet

  • Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 17.000 studentar. Kvart år uteksaminerer vi 4.500 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver. 
  • HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. 
  • Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Les om universitetsambisjonen
  • Vi har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.