Hånd tar i siv

Psykisk helse- og rusarbeid | tverrfaglig master

Master

Ønskjer du meir praktisk, klinisk og forskingsretta kunnskap om samhandling med menneske med psykiske helse-, rus- og/eller avhengigheitsvanskar? I denne samlingsbaserte masterutdanninga lærer du mellom anna om kva som kan påverke betringsprosessar, gode kvardagsliv og sosial deltaking.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelorgrad som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, sjukepleiar, fysioterapeut eller ergoterapeut.

    eller:
    Annan bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske, eller pedagogiske fag og minst 1 års relevant yrkeserfaring innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid etter fullført utdanning.

    Søknadskode

    3001

    Korleis søke

      • Logg inn i SøknadsWeb
      • Vel opptak "Master"
      • Så vel du "Master/Vidareutdanning helse- og sosialfag"
      • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over) 
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.
      • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, fristar og dokumentasjon

     

    Rangering og poeng

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar, og det blir gitt tilleggspoeng for høgare utdanning.
    Det blir ikkje gitt poeng for praksis.

    Informasjon om utrekning av poeng

    Poenggrense ved forrige opptak

    Alle kvalifiserte fikk plass.

     

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere tverrfagleg master i psykisk helse- og rusarbeid?

    I masterutdanninga vil du lære om sentrale omgrep, teoriar, modellar og arbeidsmetodar i arbeidet med psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid. Du lærer spesielt om betringsorienterte tilnærmingar som kan fremje sosial deltaking på ulike arenaer.

    Studiet er organisert som ei samlingsbasert utdanning på deltid over fire år, med ein kombinasjon av nettbasert og fysisk undervising på campus.

    Ved å ta tverrfagleg master i psykisk helse- og rusarbeid vil du også lære meir om:

    • Ulike perspektiv og kontekstar for å få ei heilskapleg forståing av fagfeltet.
    • Politiske føringar, organisatoriske rammar, etiske og rettslege omsyn i møte menneske med psykisk helse-, rus-, og avhengigheitsvanskar og familiane og nettverket deira.
    • Kommunikasjons- og samhandlingsprosessar innan relasjonelt og tverrfagleg psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
    • Vitskapsteori, forskingsmetodar og forskingsprosessar. Både generelt og spesielt relatert til feltet psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.

    Du kan også ta videreutdanning i psykisk helse og rusarbeid. 

    Praksis

    Det er seks veker obligatorisk praksis i utdanninga. Praksis blir gjennomført i tråd med forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus-, og avhengighetsarbeid og inngår i emnet Fagutvikling og praksis. Sjå emneplan for nærmare skildring.
    For å få godkjend praksis, må studenten nå læringsutbyttet og oppfylle krav til 90% oppmøte i praksis.

    Praktisk informasjon

    Korleis er undervisninga? 

    Studiet er ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har mellom anna førelesingar og seminar, presentasjonar og diskusjonar om erfaringar frå praksis. I tillegg får du øve opp praktiske ferdigheiter gjennom ferdigheitstrening og praksis:

    • Studentaktive undervisings-og arbeidsformar med oppgåver og presentasjonar individuelt og i gruppe.
    • Digitale nettmøte med gruppearbeid, diskusjonar og nettbaserte læringsaktivitetar mellom samlingane.
    • Relevans for praksisfeltet blir vektlagt gjennomgåande i studiet. I løpet av studiet deltek ulike aktørar innan forsking, praksisfelt og brukarrepresentantar i undervisninga.
    • Studentane vil få tilbod om rettleiing i arbeidet med individuelle oppgåver og gruppeoppgåver gjennom heile utdanninga.

    Innhald i studiet

    Den første delen av masterprogrammet samsvarar med vidareutdanning i tverrfagleg psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.

    Den andre delen inneheld vitskapsteori, metode, samt prosjektoppgåve fordjuping i relevant tema og gjennomføring av sjølve masteroppgåva. Studiet er bygd opp av emne på 15 studiepoeng fram til du startar på masteroppgåva som er på 45 studiepoeng.

    Normal studieprogresjon på deltid er 15 studiepoeng per semester. Det kan bli opna for tilbod om ein raskare progresjon med 30 studiepoeng pr semester, fulltid.

     

     

    Godkjenning av tidlegare utdanning

    Har du tidlegare fullført ei vidareutdanning på masternivå innan psykisk helse- og rusarbeid eller tilsvarande, så har du høve til å søke om godkjenning.

    Følgjande vidareutdanningar gir 60 studiepoeng godkjenning av masteren: 

    • Vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid campus Stord/Haugesund, HVL (frå 2018) 
    • Vidareutdanning i psykisk helsearbeid campus Førde, HVL (frå 2016) 
    • Dei første 60 stp. av master i psykisk helse og rusarbeid campus Bergen, HVL (frå 2017)
    • Vidareutdanning i rusproblematikk og rusarbeid ved campus Sogndal, Førde HVL (frå 2017)
    • Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge ved campus Stord/Haugesund, og Førde, HVL (frå 2020)

    Andre tverrfaglege vidareutdanningar på masternivå kan også vurderast. 

    Samlingar

    Studiet er samlingsbasert ved campus Bergen. Undervisninga er lagt opp med studentaktive samlingar, digitale og fysiske forelesningar, seminar med studentframlegg og diskusjon, gruppearbeid, øvingsoppgåver, ferdigheitstrening og rettleiingsgrupper.

    Samlingane vil innehalde obligatoriske læringsaktivitetar. Mellom samlingane vert det forventa at studentar arbeider sjølvstendig med pensum, førebuing til samlingane og med oppgåver.

    Vurderingsformar

    Praksis, individuell skriftleg oppgåve, munnleg eksamen, heimeeksamen, prosjektoppgåve og masteroppgåve som monografi eller artikkel med kappe.
    Alle obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjend før studenten får framstille seg til eksamen i det enkelte emnet.

    Krav til politiattest og skikkavurdering

    Krav til politiattest
    Det er krav om politiattest, jf. reglane koda med PKTH.

    Skikkavurdering
    Denne videreutdanninga / masterutdanninga har skikkavurdering, som er regulert av forskrift om skikkavurdering (skikkethetsvurdering).  For meir informasjon sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering  eller forskrift om skikkavurdering.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Det vil bli lagt til rette for utveksling forbindelse med praksis i 4. semester. Vidare vil det bli lagt til rette for utveksling i forbindelse med masteroppgåva. Studentar som vel utveksling i forbindelse med masteroppgåva vil kunne velje utveksling enten som delar av semesteret eller heile semesteret. Studentar som vel utveksling i delar av semesteret vil få oppnemnd rettleiar både ved HVL og ved institusjonen der dei er på utveksling. 

    Vil du studere meir? 

    Fullført masterutdanning kan kvalifisere for opptak på ph.d.-programma Helse-, funksjon-, og deltaking samt Responsible Innovation and Regional Development (RESINNREG) hos oss. Studiet vil også kunne kvalifisere til andre nasjonale og internasjonale doktorgradsprogram.

    Andre interessante studietilbod