Praksis i vernepleie
Her finn du informasjon om praksis til deg som er student ved vernepleieutdanninga.
Før praksis må du lese studieplan, emneplanen for det aktuelle praksisemne og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.
Kvar du kan få praksisplass i vernepleie
Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Du får beskjed i Canvas om kvar du får praksisplass.
Campus Bergen
Du vil i houvdsak få praksisplass i Bergensområdet. For praksis i andre og tredje studieår kan det vere aktuelt med eit større geografisk praksisområde, men innan tidlegare Hordaland.
Campus Sogndal
Om du er fulltidsstudent, vil du i hovudsak få praksisplass i tidlegare Sogn og Fjordane.
Om du er deltidsstudent, vil vi forsøke å legge til rette for at du får praksisplass slik at du kan bu heime i praksisperiodane. Då det kan vere ulik tilgang på praksisplassar, må du rekne med å pendle. Om du ønsker praksis andre stadar i landet der høgskulen ikkje har praksisplassar, må vi avklare først om det er mogleg.
Campus Haugesund
Som deltidsstudent vil vi forsøke å legge til rette for at du får praksisplass slik at du kan bu heime i praksisperiodane. Då det kan vere ulik tilgang på praksisplassar, må du rekne med å pendle. Om du ønsker praksis andre stadar i landet der høgskulen ikkje har praksisplassar, må vi avklare først om det er mogleg.
Vurdering av praksis
Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for sluttvurdering av praksis. Du leverar inn skjema for praksisvurdering i det digitale verktøyet Wiseflow. Vurderingskjema finn du under.