Praksis i teiknspråk og tolking

På bachelor i teiknspråk og tolking skal du gjennomføre totalt 13 veker praksis i studiet. Av desse vekene er ei veke plassert i 1. studieår, fire veker i 2. studieår og åtte veker i 3. studieår. All praksis er obligatorisk.

Før praksisstart må du lese all informasjon på denne nettsida. 

Tildeling av praksisplass

Du vil bli tildelt praksisplass av høgskulen, og informert om dette via Canvas. Høgskulen gjer i hovudsak avtalar med praksisarenaer i Bergen og omegn, men dersom det ikkje er tilstrekkeleg med plassar kan praksis for nokon bli lagt andre stader i landet. Studentar som får praksis med reiseveg lenger enn 1,5t vil få refundert bu- og reiseutgifter i samsvar med reglement for dette.  

Tidspunkt for praksis 2024/2025

1. studieår
Opphald i teinkspråkleg miljø våren 2025.

2. studieår
Observasjonspraksis veke 39 og veke 12.
Praksis i teiknspråkleg miljø internt på HVL hausten 2024.
Praksis ved høgskulen i tolking for døvblinde i delar av veke 14 og 15.

3. studieår

7 veker tolkepraksis fordelt på veke 44-46 og veke 4-7.
Praksis på Eikholt kompetansesenter for døvblinde i veke 43.

Innhald og organisering av praksis

Praksis vil bli organisert både som observasjonspraksis og tolkepraksis. Studenten følg arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar så langt det er mogleg, inkludert teamarbeid, møtevirksomheit og anna fagleg virksomheit. Dersom det er ikkje er tilfredsstillende mengd oppdrag i praksisperioden har student og praksislærar eit felles ansvar for å konstruere relevante øvingssituasjonar.

Då antall praksisplassar er begrensa, må studentane rekne med at praksisopphald kan bli lagt til heile landet. Det er ikkje høvetil å gjennomføre praksis i institusjonar studenten er eller har vore tilsett i over lengre periodar, eller der praksislærar har nære relasjonar til studenten.

I tillegg til ekstern praksis er det lagt opp til treningssituasjonar gjennom studiet, i undervisningstida, der studentane tolkar for kvarandre. For at teiknspråket skal automatiserast, krev det at studentane sjølve tek initiativ til, og er aktive i øvingar også utanom rettleia praksis.

Det forventast at studenten i løpet av praksisperiodane auker sin kunnskap om og sine ferdigheiter i førebuing, gjennomføring og etterarbeid knytt til ulike oppdrag.

Rettleiing

All praksis i studiet skal være rettleia. Studenten har krav på gjennomsnittleg 1 time rettleiing per dag. Dersom to studentar er saman i rettleiingssamtalane aukast den totale ressursen til 1,5 time. Studenten skal ha individuell rettleiing i starten (gjennomgang av forventninger) og slutten (med vurdering av i kva grad studenten har oppnådd læringsmåla) av praksisperioden. Øvrig rettleiing organiserast etter behov, individuelt eller i gruppe.

Studentane skal ha rettleiing før og etter oppdrag i dei tilfelle det er mogleg. Rettleiing skal ha fokus på studentanes refleksjon, og være knytt til måla for kvar enkelt praksisperiode og sikre progresjon for kvar enkelt student. Praksislærar har ansvar for at dette skjer, tilpassa slik at kvar enkelt student får god progresjon. Student skal stille førebudd til alle
rettleingssamtalar. Dette organiserast på best mogleg måte tilpassa studentane. Praksislærar kan velgje å la rettleiingsøkta utgå dersom studentane ikkje stiller førebudd.

Fråvær i praksis

Du finn meir om krav til oppmåte og fråvær i praksis nederst på sida. For denne utdanninga skal du i tillegg til å melde fråværet til praksislærar, også registrere fråvær via skjema for fråvær i praksis ved FLKI.

Oppgåver knytt til praksis

I observasjonspraksis 2.studieår og tolkepraksis 3.studieår skal du før kvar praksisperiode levere eit praksisnotat om forventningar og læremål til praksislærar.

Du skal også skrive ei individuell oppgåve som er ein føresetnad for å ta eksamen. Dette gjerast etter første praksisveke 2.studieår og etter avslutta vårpraksis 3.studieår.

Vurdering av praksis

Vurderingsskjema:

Vurderingsskjema TST - Nynorsk

Vurderingsskjema TST - Bokmål

Innlevering av vurderingsskjema skal gjerast av student i Wiseflow. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her.

Varsel om fare for ikkje bestått praksis:

Dersom det oppstår tvil om studenten vil nå måla for læringsutbytta og bestå praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden.

Les meir om varsel og rutinar ved fare for ikkje bestått her.

Ikkje bestått praksis:

Når studenten får praksis vurdert til ikkje bestått, er eitt forsøk brukt og heile praksisperioden må takast om att neste gong praksisperioden vert arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.

Les meir om rutinar ved ikkje bestått praksis her.

Ansvarsforhold i praksisopplæringa

Student

Studenten skal:

  • ta aktivt tak i eigen læring og bygge profesjonskompetanse i positivt samarbeid med andre aktørar
  • følge arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar, inkludert deltaking i møter der det er hensiktsmessig
  • gjennomføre ulike oppgåver under rettleiing
  • delta i førebuing og etterarbeid på høgskulen, inkludert møte- og seminarverksemd
  • bidra i rettleiing, både individuelle og eventuelle grupperettleiing
  • stille førebudd til alle rettleingssamtalar. Dette organiserast på best mogleg måte tilpassa studentane. Praksislærar kan velgje å la rettleiingsøkta utgå dersom studentane stiller uførebudd.
  • innfri arbeidskrava

Praksislærar

Praksislærar skal:

  • informere studenten om relevante forhold ved praksisstaden
  • legge til rette for at studentane får rettleiing før og etter oppdrag i dei tilfeller det er mogleg
  • planlegge innhaldet rettleiingssamtalane saman med studenten
  • sørge for at studenten får rettleiing knytt til vurderingskriteriane i aktuell emneplan for kvar enkelt praksisperiode
  • i praksisperioder med forenkla vurdering (observasjonspraksis 2. studieår/Eikholt/praksis i ledsaging for døvblinde): sette karakter og gje munnleg begrunnelse for karakteren. Ved ikkje bestått skal begrunnelsen gis skrifteleg
  • i praksisperioder med begrunna vurdering (tolkepraksis 3.studieår): sette karakter og gi skriftlig begrunnelse for karakteren

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen har ansvar for å gi studentane solid fagleg bakgrunn og sørge for nært samspel med profesjonsfeltet.

Praksisansvarlig ved utdanninga skal:

  • samarbeide tett med praksislærar om rettleiing og vurdering av studentane
  • halde kontakt med praksisstadane for å utvikle samarbeid og god kommunikasjon om praksisopplæringa
  • delta i planlegging av praksisperioden saman med praksisadministrasjonen og studieprogramansvarleg ved høgskulen

Faglærar skal:

  • legge til rette for at fagundervisning er yrkes- og praksisrelevant
  • delta i delar av, og følgje opp studentene i praksisstudiet
  • delta i rettleiing og vurdering av studentar i praksis

Studieprogramansvarlig på HVL skal:

  • ha fagleg og administrativt ansvar for utdanninga og skal sjå til at regelverk og avtalar blir fulgt.

Praksisadministrasjonen (praksiskoordinator) skal:

  • organisere og tilrettelegge praksisopplæringa
  • informere om praksisopplæringa i samarbeid med praksisansvarleg ved utdanninga
  • skaffe og fordele praksisplassar
  • organisere utsatt praksis ved gyldig fråvær og ny praksis i forbindelse med ikkje bestått praksis

Evaluering etter praksis

Etter praksis skal du gjennomføre ei evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om organisering av praksis, ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Har du spørsmål om fagleg innhald i praksis, tek du kontakt med Gro Hege Saltnes Urdal.

Dette må alle kjenne til: