Studiestart hausten 2024
Velkommen som ny student ved HVL! Her er alt du treng å vite om studiestart.
Studiestart hausten 2024 er måndag 12. august 2024. Akkurat kva dag du skal møte kan variere, så sjekk timeplanen din eller anna informasjon du får frå oss.
Gjer deg klar til studiestart!
Etter at du har takka ja til studieplass på HVL, er det nokre ting du må gjere.
Dette gjer du FØR studiestart
1. Sjekk tid og stad for oppstart
Din studiestart kan variere. Det kjem an på kva du skal starte på.
Fekk du plass gjennom Samordna opptak? Då er oppstart måndag 12. august. Sjå programmet for din campus.
Er du ny ingeniørstudent, kan du ta eit frivillig oppfriskingskurs i matematikk 6.–9. august.
Skal du starte på ein master? Sjå oppstartsinfo for masterutdanningar.
Skal du starte på forkurs, realfagskurs, dykkarutdanning, PPU, vidareutdanning eller kortare studieprogram? Sjå oppstartsinfo for kortare utdanningar.
Skal du starte på eit nettstudium? Sjå oppstartsinfo for nettstudium.
2. Semesterregistrer deg
Du vil få ein SMS frå HVL innan 1. august med info for å registrere deg. Har du fått studieplass etter 1. august, vil du få SMS nokre dagar etter du har takka ja.
Vi har hatt problem med utsending av SMS. Viss du ikkje har fått SMS, kan du ta kontakt på opptak@hvl.no. Ta med søkernummeret ditt.
Etter du har fått SMS frå oss, kan du semesterregistrere deg. Semesterregistrering vil seie at du melder deg opp til undervisning og eksamen for dei emna du skal ta. Hugs at dette også gjeld praksisemne.
Du kan ikkje registrere deg før du har fått SMS med pinkode. Når du har fått pinkoden loggar du på Studentweb.
Som regel er emna allereie lagt inn i systemet for deg, så du treng berre å godkjenne utdanningsplanen og betale semesteravgift. Dersom noko blei feil, kan du endre registreringa i ettertid.
Vi har laga ei oppskrift på korleis du semesterregisterer deg.
Frist: Siste frist for å semesterregistrere deg om hausten er 1. september, men du bør gjere det så fort du får SMS frå oss slik at du får studielån, studentbevis med meir. Siste frist om våren er 1. februar.
3. Aktiver brukarkontoen din
Etter du har semesterregistrert deg i Studentweb (punkt 2) og funne studentnummeret ditt, må du aktivere brukarkontoen din. Brukarkontoen treng du for å logge inn på alle HVL sine system, som Canvas, trådlaust nett, studentbevisappen, med meir.
Du får også ein epostkonto. Viktig informasjon frå HVL blir sendt til denne e-postadressa, og du må sjekke den jamnleg.
4. Treng du politiattest, utstyr eller tilrettelegging?
Politiattest
På ein del studium er det krav om å levere politiattest ved studiestart. Den raskeste måten å søke er i Studentweb. Du kan bestille når du har fått PIN-kode på SMS og aktivert brukarkontoen din.
Utstyr
Nokre utdanningar har krav til utstyr som du må skaffe deg, eller anbefalingar som det kan vere greitt å kjenne til.
Tilrettelegging
Treng du tilrettelegging? Det kan vere for eksempel grunna funksjonsnedsetting, verv eller særskilte behov. Vi anbefaler at du tek kontakt med oss så snart du har fått studieplass. Meir om tilrettelegging og kontaktinfo finn du her.
5. Søk Lånekassen
Etter du har fått studieplass, kan du søke om stipend og lån hos Lånekassen.
Nokre utdanninger hos oss har same namn. F.eks. når utdanninga går på fleire campus. Då kan du bli bedt om å velje kva kode utdanninga har. Vi har laga ein oversikt slik at du vel riktig utdanning.
Dette gjer du VED studiestart
6. Registrer deg ved oppstart
Nokre utdanningar har ventelister. Då treng vi ei stadfesting frå deg ved studiestart, at du har tenkt å starte på utdanninga. Slik at vi eventuelt kan gi plassen vidare om du har ombestemt deg.
Du vil få ein SMS fredag før studiestart (i løpet av ettermiddagen) med instruksjonar. Så må du registre deg innan måndag 12. august kl. 14.00. Viss du ikkje gjer registeringa, mister du studieplassen din.
Om du har problem med registreringa, må du ta kontakt med opptak@hvl.no innan fristen.
Er du student på ei av desse utdanningane, må du registrere deg i perioden 9.-12. august:
- Administrasjon og leiing
- Anvendt datateknologi og ingeniørvitskap, alle campus
- Bioingeniør
- Digital økonomi og leiing
- Ergoterapi
- Folkehelsearbeid
- Forkurs og realfagskurs, alle campus
- Fysioterapi
- Grunnskulelærar 1.-7. trinn, kroppsøving, Bergen
- Grunnskulelærar 1.-7. trinn, samfunnsfag, Bergen
- Grunnskulelærar 5.-10. trinn, samfunnsfag, Bergen
- Havteknologi (ingeniør)
- Helsesjukepleie
- Historie (årsstudium og bachelor)
- Informasjonsteknologi, Bergen
- Innovasjon og leiing
- Jordmorfag
- Jus
- Klinisk fysioterapi
- Landmåling og eigedomsdesign
- Lærar, 1.-13. trinn, kroppsøving og idrettsfag
- Maskiningeniør, Bergen
- Master of Science in Business (siviløkonom), Bergen
- Medisinsk laboratorieteknologi
- Nautikk med integrert praksis
- Organisasjon og leiing
- Pleie og behandling av ikkje-helande sår
- Psykisk helse- og rusarbeid (master)
- Psykisk helse- og rusarbeid (vidareutdanning)
- Radiografi
- Samfunnsfag (årsstudium)
- Samhandling og folkehelse, Bergen
- Sosialt arbeid, alle campus
- Sosiologi (årsstudium og bachelor)
- Spesialsjukepleie (anestesi, intensiv og operasjon), alle campus
- Sjukepleie, deltid, Stord
- Sjukepleie, heiltid, alle campus
- Vernepleie, deltid, alle campus
- Vernepleie, heiltid, alle campus
- Økonomi og administrasjon, Bergen
- Økonomi og jus
7. Gjer deg kjent i Canvas
Canvas er læringsplattforma vår. Her finn du all informasjon du treng om emna du skal ta, undervisning og kontakt med forelesarar. Her vil du også få opp timeplanen din og pensumliste.
Du må semesterregistrere deg og aktivere brukarkontoen for å kunne logge inn (sjekk punkt 2 og 3).
Vi tilbyr Canvas-kurs (webinar) for studentar, både på norsk og engelsk.
8. Sjekk timeplanen
Du finn timeplanen i TimeEdit. Det kan bli endringar, så sjekk igjen i dagane rundt studiestart.
9. Skaff deg studentbevis og studentkort
For å kunne bruke studentbevisappen og få studentkort, må du ha semesterregistrert deg og aktivert brukarkontoen (sjå punkt 2 og 3 over).
Studentbevisappen fungerer som studentbevis for å få studentrabatt og liknande. Les meir om Studenbevisappen
Studentkortet ditt gir deg tilgang til bygg og rom på campus. For å få studentkortet, må du laste opp eit bilde av deg sjølv (1) og bestille studentkort via nettskjema (2). Hugs å velge kva campus du vil hente kortet på. Avslutt med 'Ting kort'. Her bestiller du Studentkortet
NB! Er du nautikkstudent? I samband med kursbevis og sertifiseringar for nautikkutdanninga må du ha eit foto av høg kvalitet. Fotografering til studentkort og kursbevis/sertifisering blir difor koordinert i løpet av oppstartsveka ved campus Haugesund.