Fysioterapi

Bachelor Hausten 2020

Fysioterapeuter møter menneske i alle aldre, med ulike gradar av funksjonsnedsettingar. Endringer i befolkninga, samfunnsutvikling og reformar i helsevesenet stiller nye krav og gir fysioterapeutar stadig nye utfordringar.

Som fysioterapeut jobbar du med kropp og bevegelse i eit helseperspektiv. Eit overordna mål er å legge til rette for tiltak som stimulerer og lar menneske utnytte sine ressursar. Fysioterapi er retta mot individ, grupper og miljø, og kan vere av helsefremmande og sykdomsforebyggande, behandlande eller habiliterande/rehabiliterande art.

Målet med fysioterapi er å utvikle, gjenvinne eller vedlikehalde den enkelte si funksjonsevne og å skape betre forhold for helse og livsutfolding. Fysioterapi er eit praktisk yrke med krav til akademisk kompetanse. Fysioterapeutar samarbeidar ofte med tilsette i andre instansar og med ulike yrkesgrupper.

For å bli godkjent som fysioterapeut må du arbeide eitt år som turnuskandidat etter godkjent bachelorstudium, og deretter søkje autorisasjon hos Helsedirektoratet. Turnusåret er lønna.

Undervisningsmåtar

Arbeids- og undervisningsformer i studiet er forelesninger, ferdighetstrening, praksisstudier, gruppearbeid, prosjektarbeid og sjølvstudier, organisert individuelt, i gruppe, muntleg eller skriftleg.

Praksis

Første studieår: 1 + 3 veker observasjonspraksis.

Andre studieår: 11 veker i kommunehelseteneste / fysikalsk institutt og 1 veke innan helsefremmande/førebyggjande verksemd.

Tredje studieår: 10 veker i spesialisthelsetenesta.

I alle tre åra vil det også vere pasientdagar. Du kan bli tildelt praksisplass utanfor Bergen.

Her finner du informasjon om praksis.

Vil du studere meir?

Bachelor i fysioterapi kvalifiserer for opptak til vidare studium og til mastergradsstudium, blant anna tilbyr høgskulen mastergrad i klinisk fysioterapi. I dei fleste tilfelle må turnusteneste gjennomførast før man kan søkje opptak til mastergradstudia.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda mens du studerar! Som utvekslingsstudent i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studenter frå heile verda.

Vi har avtaler med institusjonar over heile verda: Europa, USA, Australia og Afrika. Du kan reise på utveksling i andre eller tredje studieår. Du kan velje mellom å ta eitt av praksisopphalda i utlandet eller å ta eit heilt semester med teoretiske fag eller ein kombinasjon av dei to.

Kor kan du reise?