Elektroingeniør | Førde

Bachelor

Vil du utvikle teknologi som formar framtida? Som elektroingeniør kan du jobbe med alt frå store generatorar i kraftverk, robotar og kretskort til nettverksteknologiar i framtidas Internett.

Førde

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Søknadskode i Samordna opptak

    203068

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

    Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

    Les meir om våre forkurs her.

    Opptakskrav y-vegen

    1) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift og fagbrev innan elektrofag,

    ELLER

    2) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning innan elektrofag med fagprøve etter 3-årig skule og minst eitt års praksis etter fagprøven.

    Opptakskrav tres

    Generell studiekompetanse

    Korleis søke y-vegen og tres

    Skal du ta y-vegen eller tres, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak. 

    Søk y-vegen eller tres

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor bli elektroingeniør?

    Elektroteknolologi gjer at mobilen er på nett, det er straum i huset og at kofferten din automatisk vert transportert til flyet etter at du har sjekka han inn. Elektroteknologi finn du i små detaljar og i store system. Elektroingeniøren har kunnskap om hardware og software og korleis dette fungerer saman.

    Det første året er felles for alle studentane som studerer elektroingeniør og inneheld ein introduksjon til fagfeltet, samt matte og fysikk. Du kan bruke det første året til å bestemme deg for spesialisering. Alle spesialiseringane vil starte opp og du kjem inn på spesialiseringa du vel. 

    Velg spesialiseringa som passar deg

    Andre året kan du i Førde velje spesialisering innan automatisering med robotikk: 

    Automatisering med robotikk

    Kvifor velje automatisering med robotikk? 

    Ein automatiseringsingeniør jobbar med å gjere prosessar og system automatiske. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet i ulike delar av næringslivet. Utdanninga gir ei praktisk tilnærming til automatisering og robotikk, med grunnleggende elementer innan kybernetikk og styringsteknologi som er relevante for moderne industri.

    Du lærer om: 

    • reguleringsteknikk
    • industriell IT
    • instrumentering
    • robotikk
    • PLS programmering

    Etter flere år som elektriker følte Thomas behov for nye utfordringer. Løsningen ble studiet i automatisering med robotikk.

    Kor kan du studere automatisering med robotikk?

    Denne spesialiseringa kan du ta i Førde, Bergen og Haugesund.

    Robotikklab i Førde

    På campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking, og eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø som jobbar tett saman med næringslivet om studentoppgåver og sommarjobbar.

    I Bergen kan du, i tillegg til automatisering, velje spesialisering innan elkraft, cyberfysisk nettverksteknologi og elektronikk.  

    I Haugesund kan du velje spesialisering innan automatisering med robotikk. 

    Du kan også studere elektroingeniør nett og samlingsbasert i Førde. Då kan du velje spesialisering innan automatisering med robotikk og elkraft. 

     

    Dekker du ikkje opptakskravet?

    Har du relevant fagbrev, men ikkje generell studiekompetanse, kan du ta den yrkesfaglege vegen (y-vegen). Her går du eit tilpassa løp og startar med mattekurs i juni. Les meir om y-vegen.  

    Har du generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk, kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Les meir om TRES. 

    Både y-vegen og TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!

    Du kan også ta forkurs i Førde.

    Skal du søke på y-veg, TRES eller forkurs må du søke via  vår lokale Søknadsweb. Søknaden går ikkje gjennom Samordna opptak.

    Thor Erling Thorbjørnsen

    Thor Erling valde Y-vegen til ingeniørstudiet. Då kunne han ta realfaga han mangla parallelt med studiet.

    Møt Thor Erling

    Studentjobb i Førde

    Gjennom prosjektet studentjobb kan du skaffe deg relevant deltidsjobb mens du studerar. 

     

    Korleis er undervisninga?

    Du har forelesingar, rekneøvingar, laboratoriearbeid, gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr, eller simulering på datamaskin. Det er også mogeleg med praksis i arbeidslivet undervegs i utdanninga.

    Førelesningane er i hovudsak på campus, men noko av undervisninga vil også vere nettbasert.

    Bacheloroppgåva skriv du som regel i grupper med andre studetntar på utdanninga di. Prosjektet vil vere ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

    Har du fagskuleutdanning?

    Har du tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?

    Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Då tek du  utdanninga over 2 år.

    Lurer du på noko om studentlivet? 

    Kvar måndag kan du chatte med ein student mellom kl 11.30-15.00 her på hvl.no. Chatten finn du nederst i høgre hjørnet. 

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald mot slutten av studietida.

    Kor kan du reise?

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i elektroteknologi kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL (avhenger av kva spesialisering du har valt):

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

    Andre utdanningar du kanskje vil like