Person hos en fysioterapeut.

Fysioterapi

Bachelor

Vil du lære meir om kroppen og bevegelse? Ein fysioterapeut møter menneske i alle aldrar, med ulike gradar av funksjonsnedsettingar, for å fremje god helse og funksjon. 

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Kvifor studere fysioterapi? 

    Målet med fysioterapi er å utvikle, gjenvinne eller vedlikehalde den enkelte si funksjonsevne og å skape betre forhold for helse og livsutfolding. Bevegelse og kroppsleg funksjon er viktig for menneskeleg handling og samhandling. 

    Du kan studere fysioterapi ved campus Bergen.

    Fysioterapi er eit praktisk yrke. Som fysioterapeut jobbar du med kropp og bevegelse i eit helseperspektiv. Fysioterapi er retta mot individ, gruppe og miljø. Du jobber med folkehelse, sjukdomsførebygging, behandling og rehabilitering. Fysioterapeutar samarbeidar ofte med andre helsepersonell og med ulike yrkesgruppe. Samfunnsutviklingen og endringar i befolkninga gir fysioterapeutar stadig nye utfordringar.

    Korleis er undervisninga?

    Arbeids- og undervisningsformar i studiet er førelesingar, ferdigheitstrening, praksisstudiar, gruppearbeid, prosjektarbeid og sjølvstudie, organisert individuelt, i gruppe, munnleg eller skriftleg.

    For å utvikle praktiske ferdigheiter og øve på realistiske situasjonar, er rettleia ferdigheitstrening ein sentral del av alle tre åra. Denne ferdighetstreninga skjer i SimArena, som er eit moderne og velutstyrt simuleringssenter for alle studentane.

    Lurer du på noko om studentlivet? 

    Kvar måndag kan du chatte med ein student mellom kl 11.30-15.00 her på hvl.no. Chatten finn du nederst i høgre hjørnet. 

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Praksis

    • Første studieår: 1 + 3 veker observasjonspraksis
    • Andre studieår: 11 veker i kommunehelseteneste / fysikalsk institutt og 1 veke innan helsefremmande/førebyggjande verksemd
    • Tredje studieår: 10 veker i spesialisthelsetenesta

    I alle tre åra vil det også vere pasientdagar. Du kan bli tildelt praksisplass utanfor Bergen.

    Du må ha levert politiattest for å starte i praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga. Her kan du lese meir om politiattest. 

    Her finn du informasjon om praksis for fysioterapi

    Her kan du lese meir om innhenting og fordeling av praksisplassar

    Turnus etter utdanninga

    For å bli godkjend fysioterapeut må du arbeide eitt år som turnuskandidat etter godkjend bachelorstudium, og deretter søke autorisasjon hos Helsedirektoratet. Turnusåret er lønna.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda mens du studerar! Som utvekslingsstudent i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studentar frå heile verda.

    Vi har avtalar med institusjonar over heile verda: Europa, USA, Australia og Afrika. Du kan reise på utveksling i andre eller tredje studieår. Du kan velje mellom å ta eitt av praksisopphalda i utlandet eller å ta eit heilt semester med teoretiske fag eller ein kombinasjon av dei to.

    Kor kan du reise?

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i fysioterapi kan du søke deg inn på følgande program på HVL:

    Utdanninga kvalifiserer også for masterutdanningar ved andre høgskular og universitet. I dei fleste tilfelle må turnusteneste gjennomførast før ein kan søke opptak til mastergradstudia.

    Andre utdanningar du kanskje vil like